Demonstrantar samla seg utanfor ungdomsskulen Kölcsey Ferenc i Budapest til støtte for lærarar som har mista jobben på grunn av illegale aksjonar.

Krev at sparka ungarske lærarar får att jobbane

Ungarske lærarar som har vore med på sivil ulydnad, mistar jobbane sine. No krev mellom andre foreldre at oppseiingane vert trekte attende.

Publisert Sist oppdatert

Fleire hundre foreldre og elevar samla seg utanfor ungdomsskulen Kölcsey Ferenc i Budapest 3. oktober, med krav om at oppsagde lærarar ved skulen får behalde jobbane sine, skriv den ungarske nettavisa Telex.

Lærarane vart oppsagde fordi dei har delteke i sivil ulydnad som kampmiddel for høgare løn og mindre arbeidspress. Etter ein landsomfattande lærarstreik i januar vart streikeretten for lærarar sterkt avgrensa av regjeringa, skriv avisa. Sidan har det vore aksjonar der lærarar har stansa arbeidet nokre timar kvar dag, og no har lærarar fleire stader i landet vorte truga med oppseiing, skriv Telex.

Ifølgje lærarorganisasjonen PSZ får unge lærarar utbetalt rundt 500 euro i månaden etter skatt.

5. oktober samla rundt 10.000 demonstrantar seg i sentrum av Budapest til støtte for lærarane, ifølgje nyhendebyrået Reuter. Også opposisjonspartiet Párbeszéd støttar aksjonane til lærarane. Parlamentsmedlem Tamás Mellár har kritisert regjeringa for å svekke utdanningssystemet og innskrenke streikeretten, og han seier at sivil ulydnad under slike tilhøve var både naudsynt, forståeleg og tilgjeveleg.

Leiaren for det ungarske parlamentet, László Kövér frå regjeringspartiet Fidesz, seier til nettavisa Daily News Hungary at løna for lærarar skal opp, men at det må skje over tid. Samstundes meiner han kvaliteten på utdanning og lærarlønene ikkje har noko med kvarandre å gjere på kort sikt.

– Anstendig tenkjande lærarar let ikkje kvaliteten på arbeidet sitt vere avhengig av løna, seier han til avisa.

Powered by Labrador CMS