Halverte søkjartal og fråfall i barnehagesektoren - slik kan vi snu utviklinga

Debatt: Når utdanninga blir opplevd som teoretisk og fjern frå barnehagekvardagen, kastar vi PowerPoint’en og samskapar ei ny utdanning.

Publisert

Barnehagesektoren og barnehagelærarutdanninga står i ei samansett og alvorleg krise, og både kvalitet på utdanning og berekrafta i sektoren er under press. På seks år er søkjartala til barnehagelærarutdanninga halvert, og ifølgje Statistisk sentralbyrå (2022) sluttar ein av tre barnehagelærarar innan ti år etter eksamen. Stortingsmelding 16 (2020-2021) framhevar at dagens utdanning blir opplevd som for teoretisk og fjern frå barnehagekvardagen. Dette kan føre til passive studentar som ikkje tek ansvar for eiga læring, og som ikkje kan handtere utfordringar i ein kompleks barnehagekvardag.

Ved å la studentar i større grad utforske, eksperimentere, oppleve og reflektere kring teori og praksis meir heilskapleg og kroppsleg, kan utdanninga likevel støtte utvikling av ein profesjonsidentitet som gjev studentane sterkare handlingskraft i møtet med nye utfordringar.

I ei verd der barn, unge og vaksne vert sett opp mot kvarandre, er det barnehagelærarane si oppgåve å skape fellesskap og samhald. Når ulikskap blir brukt til å skape frykt, er det barnehagelærarane si oppgåve å finne verdien i mangfaldet saman med barna. Eit samfunn i endring, med komplekse, samansette problem og kriser skapar uvisse. Då vert utdanning viktig og barnehagelærar har aldri vore viktigare enn i dag.

Kvaliteten på undervisinga er viktig for kompetansen til barnehagelærarane, men foredlar vi faglærar mangfaldet når det gjeld undervisning? Undervisninga bør også endrast i takt med samfunnet og tilpassast ei endra studentgruppe og eit endra utdanningslandskap.

Å kaste PowerPoint’en

Faglærarar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, har dei siste to åra prøvd nye måtar å undervise på. Gjennom EX-PED-LAB-prosjektet (2021-2025), ved BARNkunne, Senter for barnehageforsking, har forskarar, faglærarar og barnehagelærarar prøvd ulike verkstadar med utforskande og leikande tilnærmingar til undervisning. Undervisning er prøvd ut saman med designarar, med element frå designtenking. Der draumar, leik og eksperiment har vore viktige «tankeopnarar» som støttar studentane i å kople abstrakt kunnskap til kvardagen i barnehagen. Vi har prøvd å skape eit slags «tredje rom» for heilskapleg utforsking, på tvers av fag og kunnskapsområde – gjerne utanfor klasserommet, men heller ikkje i det vi vanlegvis kallar praksis.

Faglærarane skapar faglege, situerte augneblinkar, heller enn å formidle kunnskap gjennom tradisjonelle undervisningsformer. Som ein faglærarar sa det: «Vi står der med våre PowerPoint’ar og fortel studentane kva de skal gjere i barnehagen, utan at dei kan oppleve det kroppsleg». Verkstaden inviterer på si side til aktivitetar der faglærarane saman med studentane står i noko som er uferdig, som det skal tenkast heilskapleg og realistisk om, og koplast til fagkunnskapen slik den er formulert i fagområde og pensumlitteratur.

Somme verkstadar har vore leia av designarar og kunstnarar utanfor høgskuleorganisasjonen. Verdien av at andre «utanfrå» leier verkstader kjem mellom anna til uttrykk når studentar i etterkant fortel om tryggleiken i å vere "på same linje" som faglærarane, og lære saman med dei, ikkje av dei. Faglærarane gir uttrykk for at dei gløymer lærarrolla og opplever seg som faglege spesialistar som naturleg koplar fagkunnskap til profesjonelle handlingar. Faglærarane torer å gje slepp på kontrollen og PowerPoint’en, og det å ikkje ha ein detaljert plan for undervisningsøkta.

Ved å vere og lære saman med studentane på denne måten, oppdagar faglærarane tema som bør løftast meir fram i undervisninga. Felles erfaringar i verkstaden skapar både samhald og faglege diskusjonar. Dette gir faglærarane større innsikt i studentane sine kunnskapar, verdiar og haldningar. Dette er ikkje like lett å fange opp i det tradisjonelle klasserommet.

Kinderegget SognaBLU

Partnarskap er eitt av FN’s berekraftsmål og er viktig sett i lys av målet om kvalitet i utdanning. Gjennom samarbeid med andre kan anna kunnskap og kompetanse få oss til å sjå heilt nye løysingar. Som filosofen Jon Hellesnes ville sagt det, vi får fjerna våre «blindebriller». Korleis kan partnarskap bidra til å endre utdanninga slik at den betre treff både samfunnsendringane og kvardagen i barnehagen?

Det siste året har vi ved campus Sogndal utvikla eit unikt partnarskap med dei seks kommunane i regionen, om ei ny organisering av barnehagelærarutdanning for heiltidsstudentar. Vi kallar det «SognaBLU». Studentane får her tilbod om 20% stilling i ein av dei kommunale barnehagane i Indre Sogn i studietida. Det at studentane jobbar ein dag i veka i barnehage kan bidra til å gjere utdanninga mindre fjern frå barnehagekvardagen. Dette kjem i tillegg til obligatorisk praksis. Statsråd Sigrun Aasland skildra SognaBLU (i Khrono, august 2025) som eit kinderegg. Studentane får både praksis og deltidsjobb, og kommunane får sårt tiltrengt arbeidskraft. I tillegg endrar faglærarar undervisninga gjennom samskapande læringsaktivitetar med studentar, barnehagelærarar og designarar.

SognaBLU kan vere eit døme på partnarskap som skapar kvalitet i utdanning, men for å få dei til å bli berekraftige må alle involverte omfamne ulik kunnskap og ulike forståingsformer. Når alle tenker likt, tenker ingen. Mangfald må stå som verdi også i utvikling av utdanning og undervisning. Faglærarar bør undervise meir i team, og tilby læringsaktivitetar som varer over heile dagar, ikkje berre nokre timar spreidd ut over ei veke.

SognaBLU er for oss ein prototype, der partnarar i kommune og høgskule samskapar ei ny utdanning, med ein arbeidsdag i barnehage og heile undervisningsdagar på campus. Det neste steget blir å utvikle innhaldet i utdanninga vidare. Dette må skje saman med partnarar i kommunar, barnehagar, designarar og studentar.

For faglærarar handlar det om å tore å gje slepp på kontrollen og ta i bruk undervisningsformer som passar betre i dagens landskap. Vi må gripe alternative måtar å tenke på, og utfordre våre underliggande normer, verdiar og tenkjemåtar. Som faglærarar i barnehagelærarutdanninga må vi ha mot til å skape det nye, men også mot til å leggje det gamle bak oss.

 

Referanser

FN. (u.å.). FNs bærekraftsmål. https://fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal.17.09.2025.

Statistisk sentralbyrå (2022). 2 av 3 barnehagelærere jobber i barnehage etter 10 år. https://www.ssb.no/utdanning/barnehager/artikler/2-av-3-barnehagelaerere-jobber-i-barnehage-etter-10-ar

Meld. St. 16 (2020-2021). Utdanning for omstilling — Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-16-20202021/id2838171/

Hellesnes, J. (1992). Ein utdana mann og eit danna menneske: framlegg til eit utvida daningsomgrep. I E. L. Dale (Red.), Pedagogisk filosofi, s. 79-103. Ad Notam Gyldendal