– Vi har 105 elevar som vi skal ta vare på. Då må vi òg verne om dei tilsette, seier Monica Bøhmer, rektor ved Brandsøy skule.

Ho har sett klare grenser for når og korleis føresette kan ta kontakt med lærarane

– Dei kan ikkje vere tilgjengelege døgnet rundt, seier rektor Monica Bøhmer.

Publisert Sist oppdatert

Då Monica Bøhmer blei rektor ved Brandsøy skule ved Florø hausten 2022, gjekk ho inn for at lærarane ikkje skal ha heim-skule-samarbeid i helgene og etter klokka 17 på kvardagane.

Men ho såg fort at så lenge lærarane brukte sin eigen telefon når dei kommuniserte med elevar og føresette, blei det vanskeleg å kople heilt av. 

– Derfor kjøpte vi inn arbeidstelefonar til kvar klasse, fortel ho. 

Viss dei føresette vil ringe ein lærar, skal dei bruke dette nummeret, som er i bruk mellom klokka 8 og 17. Enkelte lærarar tar telefonen med seg heim, andre er på skulen til klokka er fem, og lar telefonen liggje igjen når dei går.

– Lærarane har fått fleire og fleire arbeidsoppgåver. Då er det desto viktigare at dei har fri når dei har fri. Vi har 105 elevar som vi skal ta vare på. Då må vi òg verne om dei tilsette. Skal vi ta vare på helsa deira, kan dei ikkje vere tilgjengelege døgnet rundt, seier Monica Bøhmer.

Rektoren fortel at det var ikkje alle lærarane som hoppa av glede då ordninga blei innført.

– Det som er viktig, er at alle er lojale mot tiltaket. Det kan ikkje vere slik at éin lærar er tilgjengeleg på kveldstid, mens andre ikkje er det, seier Bøhmer, som legg at mange trivst med å ta arbeidet med seg heim, og at det skal vere lov.

Opp til rektor

Både Aase Aarseth Ulriksen, som er leiar i Utdanningsforbundet Kinn, og Sonja Olsen, som er hovudtillitsvald, skryter av ordninga. 

Olsen fortel om ein kollega ved Brandsøy skule som nyleg sa, litt overraska: «Eg har ikkje fått éin telefon utanom arbeidstid dette skuleåret.» Før hende det titt og ofte at nokon tok kontakt på kveldstid.

I mange andre yrke er det sjølvsagt at ein ikkje «er på» etter at ein har gått frå jobb. Sjukepleiarar, for eksempel, har ikkje kontakt med pasientar eller pårørande når dei er heime i lag med familien. Ulriksen meiner det er viktig at dei tilsette bruker appen IST eller ein team- eller klassetelefon når dei kommuniserer med elevar og føresette, og ikkje sin eigen private telefon. 

– Brandsøy skule er den einaste skulen i Kinn kommune som har innført ordninga, men vi jobbar for at fleire skular skal følgje etter.

Men sjølv om Utdanningsforbundet, dei tillitsvalde og lærarane ønsker å innføre faste rutinar, er det rektoren ved skulen som tar avgjerda, påpeikar Ulriksen.

Lærarane ved Brandsøy skule har fått eigne jobbtelefonar, som ikkje skal vere i bruk etter klokka 17.

På lag med foreldra

Også leiaren for foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) ved Brandsøy skule, Ida Belinda Lillefosse Lillenes, er nøgd med tiltaket. 

– Så vidt eg veit, har det ikkje komme innvendingar. Alle er innforståtte med at viss ein vil gi ein lærar beskjed om noko på kveldstid, bruker ein IST.

Lillenes, som har vore FAU-leiar sidan ordninga blei innført, understrekar at ho ikkje kan svare på vegner av alle føresette ved skulen. 

– Personleg er eg bevisst på at også lærarar skal ha fritid, seier ho.

Rektor Bøhmer på si side understrekar at skulen ikkje vil leggje restriksjonar på dei føresette.

 – Vi speler på lag med foreldra.Vi har eit godt skule-heim-samarbeid og vil på ingen måte avgrense det. Det er noko av det viktigaste vi driv med. Vi vil berre avgrense tida det skjer på.

Helsevern

Ifølgje Arbeidslivsbarometeret jobbar 67 prosent av dei offentleg tilsette heimanfrå, og 29 prosent jobbar utanom arbeidstid fleire dagar i veka. 

For tida gjennomfører Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) undersøkingar for å finne ut korleis det å jobbe heimanfrå påverkar helsa. I delstudien Flex-IT har forskarane intervjua lærarar, og det viser seg at dei kommuniserer med elevar både på kveldstid og i helgene. 

Det kjem òg fram at norske skular manglar retningslinjer for kva tid og korleis dei tilsette skal vere tilgjengelege for elevar og føresette. 

I intervjua sa lærarane at dei svarte elevane fordi dei fortente å bli tekne på alvor. Somme fortalde at dei svarer både på faglege og personlege spørsmål frå elevane heilt fram til dei legg seg om kvelden.

– Det er ikkje arbeidsgjevar som har sagt til dei at dei skal vere så tilgjengelege. Men dei har heller ikkje sagt at dei ikkje skal vere det, sa prosjektleiar Tanja Haraldsdottir Nordberg til Forskning.no i fjor.

Powered by Labrador CMS