Friskt bjeff om postmodernistisk skuletenking
Kosta på deg å lesa Bjørn Høviks kronikk "Illusjon og virkelighet i skolen". Det vil friska opp, anten du er samd eller usamd, skriv innsendaren av dette debattinnlegget.
Det er litt av ei breiside Bjørn Høvik med kronikken "Illusjon og virkelighet i skolen" 23. september i år fyrer av mot følgjene av postmodernistisk skuletenking. For den som likar at ein spade blir kalla ein spade, er det velgjerande å sjå einkvan ta bladet frå munnen.
Spørsmålet er om slike bjeff kan få vidare verknad enn den som mentalhygienisk utblåsing kan gi. Eg tykkjest sjå visse vanskar:
1. Dei som har avgjerande innverknad på skuleutvikling, sit tilbakelent i administrative stillingar, på bekvem avstand frå praktiske problem og med ingen eller liten konkret innsikt frå golvplan.
2. Tregleiksloven er gyldig også utanfor fysikken, og det vil ikkje falla lett eller fort å få inn sjølvkritikk eller nye grep i skulen.
3. Etter som åra går, glisnar det i rekkene av oss som sjølve har gått gjennom skuleopplegg som prøvde å gi oss innsikt i og forståing av vår gamle kulturarv, både når det gjeld kunnskap, formell dugleik og kjennskap til elementære føresetnader for samfunnsbygging.
Nå må både lærarar på grunnplan og i administrasjon etter kvart rekrutterast frå yngre aldersgrupper, som sjølve er blitt utstyrte med ein ballast av meir fragmentert og tilfeldig kunnskap og innsikt. Dei har sjølve i si tid fått valt godter framfor sikringskost og elles den minste motstands veg.
Desse vil då, naturleg nok, synast at dagens skuleopplegg er greitt nok. Me kan vel ikkje forventa at dei skal oppdaga eller prioritera verdiar som dei sjølve kjenner så lite til?
4. Sjølvplukkprinsippet i undervisninga synest for somme av oss å gi som følgje ein skule i fritt fall, både fagleg og når det gjeld personlegdomsutvikling og trivsel. Men vil ikkje reaksjonane stort sett forstumma etter kvart som me eldre og forstokka endeleg roar oss under torva?
Likevel: Kosta på deg å lesa Bjørn Høviks kronikk. Det vil friska opp, anten du er samd eller usamd. Blir du provosert, får du eit puff til å dukka ned i postmodernismens lager av gilde vyer og såleis få styrka di overtyding.
Der finn du nok også patentløysinga på korleis alle i skulen skal bli lykkelege og tilfredse og det heile tida. For oss andre er det oppmuntrande å sjå at verda har gått såpass fram, at det nå er mogeleg å stå fram offentleg med pedagogiske standpunkt som for ikkje lenge sidan ville resultert i svartelisting og yrkesforbod.