Alle hyllar faget, men kven hyllar faglæraren?
Debatt: – Faglærarar i kunst og handverk er i ferd med å bli ei utryddingstruga yrkesgruppe.
Alle snakkar varmt om kunst og handverk som eit av skulens viktigaste fag for kreativitet, meistring og utvikling. Men kvar er varmen rundt faglærarane som faktisk har utdanninga som trengst for å løfte faget?
Faglærarar i kunst og handverk er i ferd med å bli ei utryddingstruga yrkesgruppe. Og når kompetansen forsvinn, forsvinn òg kvaliteten som elevane har krav på.
I 2010, då eg byrja som lærar, vart kunst og handverk og andre praktiske fag, omtala på ein positiv måte. Ein såg at nedprioriteringa av desse faga ikkje hadde vore tenleg for elevane våre. Denne positive innstillinga kring faget set ein sjølvsagt pris på, samstundes som ein undrar seg over at faglærarar sjeldan vert nemnt. Ser ein ikkje verdien av oss?
Kunnskapsnivå, motorikk og ferdigheiter har hatt ein negativ utvikling blant born og unge. Det er det nok mange grunnar til, men med mi yrkesstoltheit vil eg tørre å påstå at manglande kompetente faglærarar bidrar sterkt til denne utviklinga. Det som òg er svært viktig for elevane, er å utvikle den logisk sansen og kreativiteten for å innovére. Kunst og handverk er eit fag som lett kan leggjast til rette for utvikling av desse kvalitetane. Faget er viktigare enn det ein med fyrste tanke, kanskje tenkjer.
Intensivt arbeidstempo
Arbeidstempoet i kunst og handverk er intensivt og krevjande, men dette er gjerne ikkje så synleg for utanforståande. Ein lærar som underviser i kunst og handverk, har på ungdomstrinnet, ei undervisningsplikt på 711 timar i året, medan ein lærar som underviser norsk, har 606. Ein kan forstå at det er krev lesetid i fag som krev retting av lange tekstar, eller tilsvarande. Kan derimot nokon gje meg ei forklaring på logikken med at ein må undervise mange fleire timar i året, dersom ein har kunst og handverk, og ikkje mat og helse eller arbeidslivsfag? Det finns mange eksemplar på subjektive meiningar som vil forsvare denne forskjellen, men kven klarar å gje meg nokre objektive grunnar? Undervisningsplikta vart fordelt i 1977. Kan ein forsvara denne fordelinga no, i 2025?
Det er diverre ikkje lovpålagt for alle lærarar å ha utdanning i kunst og handverk for å undervise i det, og ein brukar ofte lærarar med annan kompetanse. Som faglærar, skimtar ein tendensar til at ufaglærte lærarar brukar timane som «kosetimar» der ein kan byggje relasjonar med elevane. Å byggje relasjonar er i vinden som aldri før, men skal det gå på kostnad av opplæring i faget?
Kva med å bruke faget til å styrkje elevane? Faget kan lett tilpassa oppgåver, slik at elevane får meistre utfordringar dei vert overraska over å meistre! Eg ynskjer å utfordre teorien: «relasjonsbygging mellom lærar og elev er nødvendig for at elevane skal meistre», til «oppbygging av meistrande elevar». Erfaringa mi er at den gode relasjonen mellom lærar og elev då kjem «heilt av seg sjølv».
Fagleg utvikling
Noko som derimot ikkje kjem av seg sjølv, er fagleg utvikling. Utfordringar er naudsynt for å kunne utvikle seg, og det kan ofte kjennast utrygt. Elevane skal sjølvsagt oppleve tryggleik i klasserommet, men korleis definerer ein tryggleik i utviklinga deira? Eg har mange gongar undervist usikre elevar som mislikar sterkt å bli utfordra. Slik er det jo gjerne for mange av oss. Ein vil vere i den trygge sona. Klarar ein å losa elevane trygt gjennom utfordringane, meistrar dei lettare andre utrygge soner dei kjem i møte med. Denne losinga er krevjande, og krev faglærarar med rett kompetanse.
Ta vare på dei utryddingstruga kunst og handverkslærarane. Sett ned undervisningsplikta. Sett eit forsvarleg tak på gruppestorleik i dei praktiske faga. Våg å satse på spesialutdanna faglærarar, og sjå verdien av oss i grunnskulen. Ta oss inn i varmen. Gje oss høve til å bidra med vår kompetanse, der bygginga og forminga skjer. La oss få skape meir varme i kunst og handverkstimane, då me brenn for faget vårt!