Med rett til å meistra – vårt felles samfunnsansvar

Debatt: Innføringsfag på vidaregåande skule og eit 11. skuleår ber preg av å vere brannslokkingstiltak. Det er systemet som skal tilpassa seg elevane, ikkje motsett.

Publisert Sist oppdatert

Norsk skule er i stadig endring. I desse dagar er det mange ulike dokument som føreslår tiltak for korleis skulen må endrast for å møta framtida og legga betre til rette for elevane si læring og utvikling. Fagfornyinga, Lied-utvalet og Opplæringslovutvalet vil alle på sin måte påverka utviklinga. Det ligg mange gode og spanande framlegg til løysingar på bordet.

Utfordringa vert no å sjå samanhengen i dette, for å finna dei beste løysingane for elevane og for norsk skule på lang sikt. Komplekse utfordringar, som til dømes fråfall i vidaregåande skule, krev komplekse løysingar og evne til å sjå samanhengar. Her finst diverre ingen kvikkfiks.

Fagfornyinga vil mellom anna få konsekvensar for elevar i både grunnskulen og vidaregåande opplæring. Livsmeistring er eit nytt, tverrfagleg tema som skal prega elevane si tid på skulen. Det tenker eg er bra, og eit viktig signal på at ein tek utfordringane dagens barn og unge opplever med psykisk uhelse på alvor. Som samfunn er det vår plikt å innretta systemet til det beste for born og unge. Det gjeld ikkje minst skulen. Men kva tyder dette i praksis?

Lied-utvalet har sett på korleis vidaregåande skule betre kan rusta dagens unge til vidare studiar og/eller arbeidsliv. Eg opplever at utvalet har eleven i fokus og er opptekne av at systemet skal tilpassast eleven og ikkje motsett. Det varmar lærarhjarta mitt. Rapporten tek føre seg mange konkrete framlegg til endringar eg håpar både føresette, lærarar, politikarar og andre som er opptekne av samfunnet vårt, brukar litt tid på. Ein god og brei debatt er viktig for det endelege resultatet.

Kven skal tilpassa seg ?

Mellom anna peikar ein i Lied-utvalet sin rapport på at elevar som ikkje har eit godt nok fagleg grunnlag frå ungdomsskulen, skal ha såkalla innføringsfag for å få eit betre grunnlag for å fullføra vidaregåande skule. Slike intensivkurs har ein prøvd i andre samanhengar for at elevar og studentar skal oppnå ein viss karakter for vidare skulegang eller kvalifisering. At dette er god læring, er me vel mange som er skeptiske til. Dette er eit tiltak som kanskje vil hjelpa enkelte elevar på kort sikt, men læring er grundigare prosessar viss ein skal kunna bygga vidare på den kunnskapen ein opparbeider seg. I ei tid der ein i fagfornyinga snakkar om djupnelæring, verkar eit slikt innføringsfag ikkje å vera ei særleg god løysing slik eg vurderer det.

Eit 11. skuleår på ungdomsskulen har og vore lufta som tiltak som vil rusta elevane betre for framtida. Sjølvsagt kan det vera eit trygt alternativ for enkelte, men stigmatiseringa ei slik ordning kan føra til, tenker eg me skal reflektera grundig over. Elevar som står i fare for ikkje å fullføra skulegangen, sin vert neppe meir motiverte av å vera att på ungdomsskulen når dei fleste andre startar på ny skule. Sjølv om mange har tankar om at dette skal vera eit «overgangsår», er eg skeptisk.

Me må ikkje ta frå elevane retten til å starta på nytt, utfordra seg sjølv og gå vidare i livet, men me må hjelpa dei på vegen og laga eit trygt system som passar fleire enn det kan sjå ut som me greier i dag. God overgang mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule er difor eit område som må meir i fokus for å redusera fråfall.

Ungdomsskulen og vidaregåande skule må ha god dialog både på individnivå og systemnivå for at denne overgangen skal verta god. Dette kan med fordel systematiserast. Ungdomsskulen må vita meir om kva som møter elevane for betre å førebu dei, og vidaregåande skule må vita meir om kva elevar som kjem for betre å legga til rette både fagleg og sosialt. Organiseringa av vidaregåande skule er noko ein og bør sjå på. Sjølvsagt vil ingen løysingar vera optimale på alle skular eller retningar, men ein bør sjå på ulike tiltak som kan vera gode for å ha meir fokus på ein trygg overgang for elevane.

Lærarane må ha reell moglegheit til å følga opp dei elevane dei har ansvar for.

Spør du elevar som ikkje har fullført vidaregåande skule om årsaka, peikar mange på kor viktig det er å bli sett og inkludert. Korleis er fokuset på det i dagens vidaregåande skule? Kan ei lærarnorm vera eit tiltak å vurdera for å auka lærartettleiken? Store elevgrupper er ei utfordring på vidaregåande skule mange stader, noko som gjer det lett å forsvinna i mengda. Lærarane må ha reell moglegheit til å følga opp dei elevane dei har ansvar for. Då trengs betre sikring av ressursar enn ein har i dag.

Kan ein tenka seg ei litt annleis organisering det første halvåret elevane er på skulen, for å gjera overgangen tryggare? Mange fritimar og ulike elevgrupper kan nok gjera skuledagen uoversiktleg og utrygg for mange. Prioriterer ein tid på målretta arbeid med elevmedverknad, relasjonar, klassemiljøarbeid osb? Kan ei betre oppfølgingsteneste på skulen avlasta læraren i det sosialpedagogiske arbeidet?

Dette er døme på tiltak som kan ha god effekt for mange og som det difor kan vera verd å sikra ressursar til. Då vil det i større grad vera systemet som tilpassar seg eleven og ikkje motsett ved at eleven deltar i innføringsfag eller liknande tiltak.

Eg peika tidlegare på at eg ikkje har vidare tru på intensivkurs som eit godt tiltak når me skal hjelpa fleire elevar å gjennomføra vidaregåande skule og vera førebudde på framtida.

Det eg tenker er det beste tiltaket, er å fokusera meir på der problemet oppstår, og ikkje på brannslokking som i beste fall kan hjelpa ei lita gruppe av desse elevane. Slik eg ser det, ber både innføringsfag og eit 11. skuleår preg av brannslokking.

Betre føre var enn etter snar

Me veit at fråfallsproblematikken startar tidleg. For mange aukar vanskane i 4.-5. klasse på barneskulen når krav til grunnleggande dugleikar i mellom anna lesing og rekning vert avgjerande for i kva grad eleven greier å tileigna seg ny kunnskap. Faglege «hol» i kunnskapen oppstår ofte her. For mange skjer det og tidlegare.

Med denne kunnskapen i botn meiner eg den beste måten å møta fråfallsutfordringane i norsk skule på, er å ta omgrepet «tidleg innsats» på alvor. Tiltaka er der, men vert diverre ofte vanskelege å få til i praksis grunna underfinansiering av skulesektoren. Kommunane må satsa økonomisk på skule i kommunebudsjettet og ikkje berre i fine festtalar og partiprogram. Så veit me at den kommunale handlefridomen er avgrensa. Difor meiner eg at sentrale satsingar på skule i større grad må fullfinansierast og skjermast i rammeoverføringane til kommunane og fylkeskommunane.

Minstenorm for lærartettleik er eitt særs viktig grep for å oppnå dette, og er eit avgjerande tiltak for å møta utfordringane i framtida, men det er ikkje nok. Over heile landet protesterer elevar, føresette og lærarar mot kutt i skulebudsjettet. Mellom anna er det i Tromsø i desse dagar kraftige reaksjonar på alvorlege kutt i skulebudsjettet. Ein polititenestemann har mellom anna uttala seg offentleg om kva samfunnsøkonomiske konsekvensar kutt i skulebudsjettet vil føra til og støttar elevar og lærarar i deira kamp om ressursane.

Alle mann til pumpene!

Skulen får tildelt eit stort ansvar i samfunnet, og det med rette. Me møter alle norske barn og er den sentrale arenaen for inkludering, danning og opplæring. Og norske lærarar tar sitt samfunnsansvar på det største alvor! Men me kan ikkje laga gull av gråstein. Midlar må setjast inn målretta og styrast for ikkje å forsvinna på diverse postar på kommunebudsjettet. Då vil resultata koma.

Borna og ungdommane våre er den viktigaste ressursen samfunnet har for å møta samfunnsutfordringar me veit kjem.

Difor håpar eg no alle gode krefter samlar seg om ei satsing på norsk skule som viser att i praksis. Ansvaret for å få det til kan ikkje ligga på lærarane åleine. Då må både Stortinget, kommunen, fylkeskommunen og andre aktørar tenka samfunnsøkonomisk i eit langsiktig perspektiv. Det gjer ein best ved å sikra ressursar og tiltak på ulike nivå i utdanningsløpet når me no skal forma framtidas skule. Alt heng saman med alt.

Borna og ungdommane våre er den viktigaste ressursen samfunnet har for å møta samfunnsutfordringar me veit kjem. No må det leggast til rette for at fleire av dei vert inkludert og får bidra.

Powered by Labrador CMS