I praksis tvingar Høgre nynorskelevar til å skrive bokmål

Programkomiteen i Høgre held fast på framlegget om å avskaffe sidemålsordninga både i ungdomsskule og i vidaregåande skule. Dermed stadfestar Høgre inntrykket av at partiet vil nynorsken til livs.

Publisert

Fram til 2013 meinte Høgre at elevane på vidaregåande skulle kunne velje om dei ville ha sidemål. I programmet for 2013-2017 skifta partiet kurs og vedtok at dei ville «avvikle ordningen med egen karakter og eksamen i sidemål.» I intervju med NRK før valet 2013 presiserte Erna Solberg at sidemål ikkje skulle vere skriftleg eigen øvingsform. Nå blir det same programpunktet ført vidare i framlegget for perioden 2017-2021. For nynorskelevar vil det i så fall bety at dei ikkje vil kunne gå ut av skulen med ein eigen karakter som også viser at dei kan bokmål. Dette vil legge eit rått press på nynorskungdom i eit land med eit bokmålsdominert arbeidsliv..

Framlegget verkar mest som korttenkt og skuffande populisme.

Om Høgres framlegg skulle gå igjennom, må elevar i Sogn og Fjordane gå over til bokmål om dei skal ha håp om tilsetting på mange arbeidsplassar på Austlandet. Eit vidaregåande-vitnemål som berre viser skriftlege nynorskkunnskapar, vil sende dei bakover i køen. Samtidig vil ikkje dei som har bokmål hovudmål lære skriftleg nynorsk i det heile. Å fjerne sidemålsordninga er dermed med eit pennestrøk å rive vekk nynorskkunnskapane frå majoriteten av folket. Korleis ein vil kompensere for dette, ser det ikkje ut til at Høgre har eit svar på.

Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunne nytte språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område. Der har dei same grunngjeving som her: ein skal ta vare på rettane til mindretalsspråkbrukarane. Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunne bruke språket sitt over alt. Å svekke sidemålsordninga er å svekke nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde.

I Noreg har vi to jamstelte norske språk som ein kan velje fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge. Nynorsk og bokmål er to ulike språk, med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag.

Får Høgre det som partiet vil, vil det vere ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, og heilt utan at Høgre ser ut til å ha tenkt på korleis ein vil kompensere for eit så stort tap av nynorskkunne i ålmenta. Korleis ser dei for seg at kommunar og stat skal kunne skaffe viktig nynorskkompetanse og ikkje minst lærarkompetanse, og korleis skal arbeidsgivarar kunne finne ut om søkjarar meistrar nynorsk godt nok.

Vi i Noregs Mållag vonar Høgre vil rette opp dette fram mot landsmøtet.

 

 

NB! Teksten er oppdatert 9. september 2016. Red. anm.

Powered by Labrador CMS