Annonse

Opposisjonen seier nei til språknorm i barnehagen

Arbeidarpartiet og KrF vil bytte ut kunnskapsministerens språknorm for barnehagebarn med å tydeleggjere måla for språkarbeidet i barnehagen.

Annonse

I stortingsmeldinga «Tid for lek og læring» foreslår regjeringa å endre rammeplanen for barnehagen mot større merksemd på læring for det einskilde barnet.

Sentralt for dette er innføringa av ei språknorm for femåringar. I Stortingets familie- og kulturkomite har halvparten av medlemmene, alle frå Arbeidarpartiet og KrF, sagt klart nei til språknorm. I staden krev dei ei tydeleggjering av måla for språkarbeidet i barnehagen. Også Venstre, som ikkje er representert i komiteen, seier nei til språknorm.

– Kva for mål i språkarbeidet er det som skal bli tydelegare?

– Dei måla er eg viss på at barnehagelærarane kan formulere, seier Geir Jørgen Bekkevold (KrF) og første nestleiar i komiteen.

– Men samstundes med politikarane har ivra for meir språkarbeid i barnehagen og krangla om metodane, har, ifølgje fleire kjelder, høgtlesing, song, rim og regler fått mindre plass i barnehagedagen. Så er det ikkje på tide å definere betre kva ein vil?

– Om det stemmer at høgtlesing og song har mindre plass, er det svært trist og uheldig. Dette er jo viktige aktivitetar som gir tilgang til språket. Men det aktualiserer kravet vårt til kunnskapsministeren om å få på plass ein bemanningsnorm og ein pedagognorm i barnehagane så fort som råd. Vi krev at statsråden til hausten møter i Stortinget med framlegg til ein slik plan. Dette vil koste pengar. Men KrF hadde avsett 300 millionar til meir bemanning i barnehagane i vårt alternative budsjett sist haust, så det skal ikkje stå på oss. 

– Det har vore etterlyst større innsats i barnehagane for å styrke morsmålet til dei tospråklege barna. Men dette finn vi ikkje att korkje i meldinga eller i merknadane frå opposisjonen. Kvifor?

– Under arbeidet har eg framfor alt konsentrert meg om å få bort kravet om ei språknorm. Eit slikt tiltak vil ha svært mange negative følgjer.

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.

Velkommen tilbake!