Kamp mot nedlegging av Austrheim vidaregåande skule
I ein ny skulebruksplan for Hordaland foreslår administrasjonen i fylkeskommunen å fjerne Austrheim vidaregåande skule frå skulekartet.
Austrheim skal leggast ned og mykje av skuletilbodet vert flytta til Knarvik. Knarvik vidaregåande skule vil mista linjer som igjen vert flytta til Åsane vidaregåande skule, skriv Avisa Nordhordland.
– Eit samla næringsliv med over 400 bedrifter har stilt seg bak kravet om å behalde skulen, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) til NRK Hordaland.
Han kjempar ein desperat kamp for å redda skulen i kommunen sin. Ute i distrikta i Nordhordland fryktar ein for konsekvensane av nedlegging.
Frykter fråflytting
På Fedje er ein livredd for at familiane vil følga etter ungdommen når dei må flytta vekk for å gå på skule.
– Frå øysamfunnet vårt er det ikkje mogleg å dagpendla til Knarvik. Så då er det snakk om å bu på hybel. I mange tilfelle vil då også foreldra flytta med, seier Fedje-ordførar Stian Herøy (H) til NRK Hordaland.
Høyringsperioden for planen er no over. Saka skal opp til politisk handsaming i byrjinga av oktober.
Argumenta som vert brukt er fleire. Det blir mellom anna vist til dårlege resultat, høgt fråfall og eit utdatert skulebygg, skriv Avisa Nordhordland.
Dei tilsette song Eggum-låt
Då nyheita kom ut i april samla dei tilsette seg og song Jan Eggum sin klassikar På'an igjen. Mange på Austrheim vidaregåande skule har vore med på denne runddansen tidlegare. For dei kom ikkje dette som noko sjokk.
Allereie før fylkeskommunen si tilråding kom ut har skuleleiinga tatt grep for å snu dei dårlege resultata. Den positive trenden vises i form av at færre elevar droppar ut og at karakterane er på veg oppover.
Austrheim- rektor Kjersti Haugland trekk fram fleire faktorar når ho skal forklare utviklinga. Tettare samarbeid med foreldra og ei ny praksis med sms-varsel til foreldra dersom elevane som er under 18 år ikkje møter, er eit eksempel. Skulen har også blitt tydelegare på kva som skal prioriterast og kva forventningar ein har til elevane.