Senter mot nynorskfordommar
For eit år sidan hadde utdanningsminister Kristin Clemet (H) ein idé om å gje nynorsken betre livsvilkår. I dag fekk ho ros for å ha gjort ideen om eit nynorsksenter for opplæring til røyndom.
I stormen kring skuldingane om å ville
kutte ut skriftleg sidemålsopplæring og obligatorisk
eksamen både i grunnskolen og vidaregåande skole, fekk ho
roa ned oppstyret ved å kome med framlegget om senteret som ho
opna i dag.
- I fjor vår, som elles, var det mykje
snakk om åtak på nynorsken. I dag bør vi heller
snakke om åtaket på fordommane. Ideen om eit slikt senter
var både eit åtak mot fordommar som i tiår har
fått lov til å rotfeste seg i skolekvardagen, og mot
fordommar om kven som kan tenkje nytt når det røyner
på, sa Grepstad og trakk fram at nynorskfolk ikkje akkurat var
bortskjemde med at statsrådar frå Høgre festar slikt
grep om røynda.
Denne rosen fekk Clemet frå den
framstående nynorskmannen som i dag fekk ein ny nabo i
kjerneområdet for nynorsken.
Det var ikke berre vi som syntest det tok seg
underleg ut at den bokmåltalande Høgrekvinna sto for
opninga av Nynorsksenteret. Kan hende syntest ho det sjølv,
for ho innrømma at ho hadde gått vegen frå å
vere motstandar av sidemålsopplæring i skolen til å
ta eit tak mot alle fordommane mot nynorsk.
Då statsråden sto for den offisielle
opninga av nynorsksenteret, sa ho at landet treng eit nasjonalt
senter som kan drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid
for å fremje nynorskopplæringa.
- Arbeidet skal vere retta mot innhaldet i
faget. Ein tek sikte på tiltak som vil styrkje kompetansen, og
som kan fremje motivasjonen hos elevar og lærarar, sa Clemet
og la ut om at senteret kjem inn i rekka av fleire faglege
kompetansenter.
Sjette senter
Frå før har vi Lesesenteret ved
Universitetet i Stavanger, Naturfagsenteret ved Universitetet i
Oslo, Matematikksenteret ved NTNU i Trondheim og Nasjonalt senter
for fleirkulturell opplæring ved Høgskolen i Oslo.
Prosjektleiar for Nynorsksenteret, Anne
Steinsvik Nordal, tok til orde for at dei viktigaste oppgåvene
er å arbeide for nynorskkrav i dei nasjonale prøvene og
den nye læreplanen. Ho sa at senteret vil leggje vekt på
at det skal bli nasjonalt, men ha avdelingar rundt om i heile
landet.
- Vi treng eit kunnskapeløft i nynorsk,
eit språk som mange oppfattar som vanskeleg fordi dei
ikkje meistrar språket, sa Steinsvik Nordal.
Politisk arv
Clemet var med og utforma Høgres
prinsipprogram i 1990, men landsmøtet avviste at
sidemålopplæringa i skolen skulle vere frivillig.
Sidan har Høgre programfesta frivillig
sidemålsopplæring, men Samarbeidsregjeringa vil ikkje
gå så langt, og no taler statsråden med regjeringas
stemme.
- Eg har ikkje lenger veldig bastante
meiningar om den plassen sidemålet skal ha i skolen. Eg
føljer Sem-erklæringa, sa ho og beklaga at noe av
motstanden mot sidemål var heilt fastlåst. Vidare trakk
statsråden fram at manglande evne og motivasjon blant elevane
kjem av kvaliteten på opplæringa.
Om forsøket i Oslo
På pressekonferansen før opninga av
Nynorsksenteret vart ho spurt om korleis ho ser på at ingen
vil evaluere forsøket med frivillig nynorskopplæring i
vidaregåande skole i Oslo.
Clemet fråskreiv seg ansvaret for
forsøket og sa at ho berre kjente til det frå avisene. Ho
viste til at det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for
forsøket. Ho ville heller ikkje seie om ho var bekymra for at
ingen vil evaluere forsøket.
- Det får Utdanningsdirektoratet svare
for, sa Clemet og ga utrykk for at det berre er tull at ho skulle
stå bak og trekkje i trådene.
Prosjektleiar Steinsvik Nordal sa at det er
mykje bra i forsøket, men at det er kritikkverdig at det ikkje
blir lagt opp til at elevane skal lære å skrive nynorsk.
Ho ville berre gå god for forsøket dersom elevane
får skriftleg opplæring i sidemål.
- Ein lærer ikkje språk godt nok
utan å skrive det, slo Steinsvik Nordal fast.