Roboten Promobot skal vere i stand til å gjere ein del av oppgåvene lærarar gjer i dag.

– Robotane kan godt ta over delar av lærarane sitt arbeid

Robotar og kunstig intelligens er på veg inn i russiske klasserom. Blir det eit nyttig hjelpemiddel eller eit trugsmål mot både elevar og lærarar? Det er det delte meiningar om.

Publisert Sist oppdatert

Roboten «Promobot» kan gå gjennom pensum for elevane, svare på spørsmåla deira og samhandle med dei ved hjelp av logiske oppgåver, skriv den russiske nettavisa Gazeta.ru. Avisa reiser spørsmålet om oppgåvene roboten kan utføre, vil presse ut pedagogane. Ifølgje produsenten, som òg heiter Promobot, er det no 326 robotar som gjer oppgåver for lærarar i Russland, og selskapet ventar ein årleg vekst på rundt 25 prosent.

Ifølgje utviklingsdirektør Oleg Kivokurtsev kan teknikken framleis berre delvis ta over lærarane sine oppgåver.

– Ein pedagog er ikkje berre innhald. Det er òg administrativt arbeid, oppfostring og kreativt arbeid i kontakten med elevane. Læraren er dessutan ein mentor. For å utføre alle desse oppgåvene må ein kunne tenkje utradisjonelt og kreativt. Det er robotar ikkje i stand til no, seier Kivokurtsev til avisa.

Les: Ved hjelp av et kamera festet til brillen har Sigurd (9) lært å lese

Han meiner likevel at robotane godt kan ta over delar av lærarane sitt arbeid.

– Til einsarta informasjon, som må formidlast kvar dag, trengst ikkje ein person. Slike prosessar kan ein trygt automatisere, meiner Kivokurtsev.

Tatjana Danieljan, forskings- og utviklingsdirektør i teknologiselskapet ABBYY, peiker på at i ei rekkje land har ein teke i bruk robotar og kunstig intelligens som hjelpemiddel i det pedagogiske arbeidet.

– Roboten kan til dømes lese opp teksten i lærebøker i grunnleggjande matematikk, gje oppgåver og rette prøver med fleirsvarsoppgåver, seier ho til avisa.

Ho trur likevel ikkje ein vil kome utanom læraren i meir kompliserte tema og nemner algebra, kjemi og humanistiske fag som døme.

– Det er fordi robotar ikkje kan lære elevar å leite fram og analysere informasjon på sjølvstendig grunnlag og trekkje eigne slutnader, meiner Danieljan.

– Kan bli påskot for lønskutt

Dei russiske departementa for opplysing og vitskap la nyleg fram ein strategi for digital transformasjon av utdanningssystemet fram til 2030. Ein del av dette er læraren sin «digitale hjelpar», skriv det russiske nyhendebyrået URA. Ved hjelp av kunstig intelligens skal lærarane få hjelp til mellom anna å rette oppgåver.

Ein av kritikarane er Sergej Mironov, leiaren for Det rettferdige Russland, eit av dei fire partia som er representerte i nasjonalforsamlinga. Han seier til URA at innføring av kunstig intelligens i skulane kan bli brukt som påskot for å redusere lærarlønene og kutte talet på stillingar. Han meiner dessutan at kunstig intelligens kan gjere barna om til «tanketomme robotar».

– Kunstig intelligens kan oppdage feil, men å forstå årsaka til feilen og tilpasse opplæringa til den enkelte eleven utifrå det, er det berre ein lærar som kan, seier Sergej Mironov.

Powered by Labrador CMS