Prating i klasserommet kan opplevast like høgt som ein stadionkonsert, ein merkelapp på ein genser kan gjere like vondt som eit gnagsår, skriv Anne Hilde Lystad.

Ti råd for å gi høgsensitive barn ein betre kvardag

Innspill: Barn er 100 prosent prisgitt dei rammevilkåra dei vert plasserte i.

Publisert Sist oppdatert

Eg har skrive denne kronikken med ynskje om å gi komprimert, brukarvenleg kunnskap om høgsensitive barn sine utfordringar og behov i skule og barnehage.

Dei siste åra har stadig fleire nordmenn tatt til seg kunnskap om det å vere høgsensitiv. Mange har delt artiklar om temaet på sosiale medium, og det har kome fleire gode fagbøker. Dette er svært positivt. Likevel er det framleis svært mange som jobbar med barn og unge som ikkje kan nok om dette personlegdomstrekket til å vareta desse barna godt nok.

Det er på høg tid vi blir klar over kva det betyr og kva som er lurt å gjere.

Som vaksen kan ein forme kvardagen sin slik at ein kan vareta eigne behov som høgsensitiv. Barn får ikkje velje sjølv kva barnehage eller skule dei skal gå i. Dei er 100 prosent prisgitt dei rammevilkåra dei vert plasserte i. Dess viktigare er det at vaksne som jobbar på desse arenaene, veit nok om korleis det er å vere høgsensitiv. Først då kan ein vere merksam på behova og leggje til rette.

Eg har skrive denne kronikken med ynskje om å gi komprimert, brukarvenleg kunnskap om høgsensitive barn sine utfordringar og behov i skule og barnehage. Fagkunnskapen kronikken er bygd på, har eg frå bøkene til Aron (2014), Sonne/Dalskov (2015) og Haukedal (2014), informasjon frå foreininga for høgsensitive (http://hsperson.no/) og ulike artiklar. Av erfaringsgrunnlag er eg sjølv høgsensitiv og er mor til høgsensitive ungdomar. Som miljøterapeut i Grunnskuleteamet i Ålesund kommune har eg også jobba mykje med høgsensitive barn i skule.

Eg har hanskast med utfordringar med å vere høgsensitiv heile livet, men kunnskapen om at dette er eit personlegdomstrekk som har eit namn, fekk eg diverre så seint som i 2014. Eg kunne vore mykje frustrasjon, uro og grubling forutan om eg hadde fått denne logiske og naturlege forklaringa mykje før! Difor ynskjer eg å vere med på å få denne kunnskapen ut til så mange som mogleg no.

Der er om lag fire høgsensitive barn i kvar klasse, truleg er vi om lag ein million høgsensitive nordmenn. Det er på høg tid vi blir klar over kva det betyr og kva som er lurt å gjere.

Først ei svært kort forklaring

– Å vere høgsensitiv er eit medfødd personlegdomstrekk. Det er ikkje ein sjukdom eller ein diagnose, heller ikkje noko ein kan bli eller noko som kan gå over. Det er som å vere venstrehendt eller musikalsk, anten er du det eller ikkje.

  • 15–20 prosent av alle menneske er høgsensitive. Kjønnsfordelinga er lik, og ein kan vere både introvert og ekstrovert som høgsensitiv. Med ein så stor prosent seier det seg sjølv at høgsensitive er like ulike som alle andre menneske. Alt som står skrive om høgsensitive, stemmer ikkje for alle.
  • Som høgsensitiv tek ein inn mykje meir stimuli/sanseinntrykk enn normalt sensitive. I tillegg vert inntrykka arbeida djupare med. Dette har vore forska på sidan 1991 på ulike måtar, og er mogleg å sjå på bilde av hjernar til menneske kopla til EEG og MRI.
  • Fordi ein tek inn så mange inntrykk, kan høgsensitive ofte oppleve å bli overstimulert. Då treng ein moglegheit til å roe ned nervesystemet. Dersom ein ikkje tek ei pause, kan stimuleringa føre til kraftige emosjonelle reaksjonar, og ein vil kunne vegre seg for å delta i liknande situasjonar seinare.
  • Ein kan vere høgsensitiv i ulik grad innan fem område: fysisk, sosialt, personleg, ideologisk og åndeleg.

Les denne: Særlig sensitive barn bør behandles på en annen måte enn andre barn

Her kjem ti gode råd for å gi høgsensitive barn og unge ein betre kvardag. Dette er kortversjonen, lær gjerne meir!

1) Tru på og anerkjenn barnet si oppleving av sterke sanseinntrykk

Høgsensitive barn kan oppleve sterk smerte og ubehag over ting normalt sensitive knapt registrerer. Prating i klasserommet kan opplevast like høgt som ein stadionkonsert, ein merkelapp på ein genser kan vere like vond som eit gnagsår, og eit lite sår kan gjere like vondt som ein større skade. Berre det å bli smurt med solkrem, bli våt på buksa eller å vere i same rom som ein som snufsar, kan opplevast som ei stor belastning for enkelte. Små barn gir gjerne uttrykk for desse tinga, og korleis vi møter dei, får konsekvensar for utviklinga av deira sjølvbilde.

Om vi kjem med utsegn som: «det er jo ikkje så ille, såpass må du tole!», «det er jo ingen andre her som synest det er bråkete?» eller «slutt å tulle, dette gjer jo ikkje vondt!» vil barnet oppleve at deira subjektive opplevingar ikkje er aksepterte, at det er noko feil ved dei.

Dersom vi derimot anerkjenner at det dei uttrykker nettopp er deira oppleving, og at dette kjennest vondt/ekkelt/trasig for dei, kan vi heller seie ting som: «Synes du det er vondt med den lappen? Kom så klipper vi han av!» «Er det ekkelt for deg å vere våt på buksa? Då kan du gå og skifte, eg skal seie frå til mamma og pappa at det er lurt om du har fleire skift her.» «Er det for mykje bråk for deg her? Det er sikkert slitsamt for deg. Vil du gå ein plass det er litt stillare ei lita stund? Så kjem du tilbake når du er klar?».

Ved å tru på det barnet uttrykker, anerkjenne at dette nok ikkje kjennest godt for barnet, og om mogleg finne løysingar som gjer at barnet får det betre, tek vi ikkje berre vekk det vonde der og da. Vi gir samtidig barnet ei oppleving av at det dei kjenner er greitt. Det er ikkje noko gale med dei, og vi lærer dei meistringsstrategiar dei kan ta i bruk sjølve seinare. Dette byggjer godt sjølvbilde og god psykisk helse.

2) Høgsensitive barn treng venlege, trygge og pålitelege utviklingsmiljø

Høgsensitive er sårbare for stemningar i rommet og for korleis gruppa eller enkeltbarn vert snakka til. Difor må ein aldri gi opp å skape rolege, trygge miljø i kvar einaste gruppe barn må ta del i. Det er også slik at dei har eit stort behov for at ting er føreseieleg og kjent.

Endringar bør informerast om i god tid, og barnet bør få hjelp til å sjå korleis det vil bli varetatt i komande, ukjente situasjonar. Dei fleste høgsensitive reagerer svært kraftig på kjeft. Det treng ikkje eingong vere kjeft retta mot den høgsensitive, kjeft til andre i rommet, eller felles reprimande til gruppa kan vere gale nok.

Faktisk viser det seg at når ei gruppe får kjeft, opplever den høgsensitive at denne er retta direkte mot ein sjølv, sjølv om ein kanskje ikkje eingong har tatt del i det det vert kjefta for. Dette gjer svært vondt og sit i kroppen lenge, og det kan vere nok til at den høgsensitive ikkje ynskjer å kome tilbake til arenaen der dette skjedde. Når høgsensitive har gjort noko dei ikkje skal, er det best med mildaste form for tilbakemelding. Helst utan at andre høyrer eller ser.

Det høgsensitive barnet er ofte sin eigen største kritikar, og har allereie forstått at dette er noko som aldri må gjenta seg. Dei har også ofte ein svært sterk sans for rettferd, og når ein opplever å bli behandla urettferdig av nokon, tek det stor plass i kropp og tankar og kan sitte djupt i over lang tid. Den mistilliten som vert bygd opp til den vaksne, kan hindre barnet i å greie å lære eller greie å prestere.

3) Bli kjent med barnet slik at barnet har trygge vaksne rundt seg

Det er svært viktig for det høgsensitive barnet å vere trygg på dei vaksne som skal vareta det. Om naudsynt kan eit heimebesøk hos barnet vere effektivt for å bli betre kjent. Ekstra vanskeleg vert det ofte på ungdomsskulen der elevane kan ha ulike lærarar i nesten alle fag. Ungdomane har framleis behov for tryggleiken i å kjenne læraren sin, føle at læraren likar dei, forstår dei og vil deira beste.

For nokre vil det vere til stor hjelp at alle lærarar som underviser eleven, har fått naudsynt informasjon om eleven sine behov og kva denne treng for å fungere. Foreldre veit mykje om kva barnet treng. Om dei skriv ned punkt og gir denne til barnehagen og/eller skulen, kan det gjere det lettare for personalet å huske på.

4) Gi viktige beskjedar skriftleg

For høgsensitive kan det å få ein munnleg beskjed om noko alle må huske, vere nok til å skiple heile dagen. Det skaper mykje stress og kan hindre barnet i å følgje med på andre ting, lære eller leike. Ved å få den visuelle støtta og tryggleiken i at lekser, oppgåver og beskjedar er skriftlege, kan barnet slappe av og bruke kapasiteten sin til det det eigentleg skal. Dette kan høyrast underleg ut, men heng saman med at høgsensitive er redde for å gjere feil, gløyme noko og i verste fall få kritikk for dette.

5) Gi moglegheit for pausar og stillare stunder/arenaer

Høgsensitive tek altså inn mange fleire inntrykk enn normalt sensitive. Det kan vere lydar, lukter, visuelle inntrykk, inntrykk frå eigen kropp som svolt, tørst, temperatur, sosiale inntrykk som stemningar i rommet, korleis andre barn og vaksne rundt seg har det, blikk, kroppsspråk med meir. Summen av desse inntrykka gjer at høgsensitive lett vert slitne og at nervesystemet i verste fall vert overstimulert og «kollapsar». Mange barn kjenner dette godt sjølv og prøver å skjerme seg ved å «gå på do», dra hetta over hovudet eller på andre måtar prøve å få nokre små pausar i løpet av kvardagen.

Alle barnehagar, skolefritidsordningar og skular bør ha stille krokar, rolege uteområde og tider på dagen som er rolege for alle, for at dei høgsensitive kan få hente seg inn av og til. I tillegg bør dei som har behov for dette, ha avtaler om å kunne ta små pausar vekke frå dei andre.

Det tek fort 15–20 minutt, eller oppimot ein time, å roe seg ned dersom ein har kome til det stadiet at det bikkar over. Derimot kan fire-fem minutt i fred vere nok om ein kan få desse minutta før det har gått for langt. Etter desse få minutta i stille kan barnet igjen vere i stand til å ta inn læring eller delta i leik.

Det å ta i bruk puste- og avslappingsteknikkar i skule og barnehage er bra for høgsensitive, og for normalt sensitive. Slike er lette å tileigne seg og bruke i timane. Til dømes ligg heftet «Oppmerksomt nærvær for barn og unge» gratis på nett, og inneheld enkle gode øvingar (sjå kjelder).

6) Den høgsensitive treng å forstå kvifor noko er viktig å lære

Mange høgsensitive barn slit med å gjere og lære ting som dei ikkje forstår poenget med. Kva funksjon skal denne kunnskapen ha for meg? Kva er hensikta med å bruke kreftene mine på dette? «Det er bestemt at alle elevar skal lære dette», eller «du får prøve om det i neste veke» er ikkje gode nok svar til å aktivere læreevna, så her må vi vaksne av og til utfordre oss sjølve. Kvifor skal dei lære dette? Korleis vil dette kunne bli nyttig kunnskap for dei seinare? Mange er gode til å bruke læringsmål aktivt i timane. Om vi i tillegg kan sikre at elevane forstår poenget med målet, lærer dei høgsensitive enda betre.

7) La barnet få observere før det må delta/prestere

Eit av dei sentrale trekka med å vere høgsensitiv er å like å observere før ein tek del. Då dottera mi starta i barnehagen, let ein klok barnehagelærar henne få med vogna si inn i avdelinga, og der sat ho og såg på det som føregjekk nokre dagar. Etter ei stund var ho klar, og byrja å ta del i leik saman med dei andre.

Det høgsensitive barnet vil gjerne ikkje vere den første som held ein presentasjon, men etter å ha sett fleire andre gjere det, kan det kjenne seg trygg nok. Ved å presse dei til å prestere før dei er klare, vil det kunne «låse seg», og det tek lenger tid før dei lukkast. Kunsten er å finne rett grad av støtte og oppmuntring og vise positive forventningar til at dette er noko barnet vil finne ut av sjølv.

8) La barnet få vise kva det kan utan å måtte prestere under press, påsyn eller for mykje stimulering

Mange høgsensitive elevar presterer dårlegare på prøver enn deira eigentlege ferdigheiter tilseier. Desse elevane har i utgangspunktet ofte potensial til å bli svært flinke innan enkelte fag. Om dei er høgsensitive innan det fysiske eller sosiale området, kan det likevel vere umogleg for dei å hente fram kunnskap medan dei sit i klasserommet saman med mange andre, og i tillegg skal prestere under press.

For nokon av desse vil det i periodar vere naudsynt å få ha prøver i grupperom åleine, eller munnleg med ein lærar dei har tillit til. Det er ikkje tvil om at dette vil krevje ressursar av skulen å leggje til rette for, men alternativet er diverre at mange høgsensitive elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule gir opp. Dei veit at dei er betre fagleg enn det dei greier å vise. Det opplevast svært frustrerande å ikkje greie å ta inn kunnskap eller å hente fram det ein veit ein kan.

9) Barnet treng respekt for si eiga intimsone

Mange barn likar å herje i leik og halde på med ballspel. For høgsensitive barn kan dette derimot opplevast truande. Dei treng ei sone rundt kroppen sin som er fri, og dei klarer berre å utvikle seg i kroppsøving dersom dei får trene utan risiko for å bli rent ned, takla eller ropt etter. Dette gjer kroppsøving til eit vanskeleg fag for mange høgsensitive.

Friminutta er ikkje alltid mykje betre. Garderobesituasjonar der barna skal fort ut og inn og alle skal kle på seg på likt, er heller ikkje gode arenaer for høgsensitive. Om nokon ofte får emosjonelle utbrot i garderoben, kan det vere lurt om dei får skifte ein annan stad, litt før eller etter dei andre.

Kroppskontakt med andre kan vere vanskeleg sjølv utan at den er valdeleg. Berre det å få ein klem utan god relasjon kan for nokon opplevast krenkjande, og sitte i kroppen over lang tid.

10) Lær barna om å vere ulike, og dermed om å vere høgsensitiv eller normalt sensitiv

Frå barn er svært små kan det vere greitt å anerkjenne og sette ord på det dei sjølve legg merke til: at ein er svært ulike, og det er greitt!

Mange høgsensitive kjenner seg veldig annleis frå dei er ganske små. Dei legg merke til at dei fleste andre opplever ting som greitt, som dei sjølve synest er svært ubehageleg. Når barn sjølve set ord på dette, tenker eg det er best om vi stadfestar deira oppleving; «ja, det er heilt riktig det du seier; dei fleste opplever det faktisk ikkje slik som du, men mange gjer!» Eller når barnet spør kvifor dei toler mindre enn andre: «Det er kanskje fordi du tar inn så mange fleire inntrykk enn andre, og fordi hjernen din jobbar meir med alle inntrykka enn det dei fleste gjer. Det er ein slags superkrefter, men det er også ganske slitsamt!».

Etter kvart som barnet får eit godt språk og forstår meir, er det fint om det kan få lære om sin eigen høgsensitivitet. Slik kan dei lettare akseptere seg sjølv og jobbe med å finne gode måtar å leve på når det ein gong er slik ein er. Det er ikkje noko som er «feil» med ein, ikkje noko som skal «trenast bort». Det høgsensitive trekket er ei gåve som gir barna moglegheiter til å bli svært gode på sine felt, og å bli gode omsorgspersonar og partnarar for sine nære, dersom dei også tek vare på sine eigne behov. Dette må vi hjelpe dei med i oppveksten, og difor må vi kunne nok om kva dette er.

Som vaksne som jobbar med barn og unge, kan vi utgjere ein forskjell. Ved å følgje desse råda så langt som mogleg i kvardagen er vi med på å la dei høgsensitive barna kunne vekse opp med sterke sjølvbilde, gode meistringsstrategiar, gode faglege evner og ressursane sine vel varetatt. Og som ein liten bonus: dei normalt sensitive barna har ofte god nytte av at vi vaksne følgjer desse råda også.

Powered by Labrador CMS