Illustrasjonsfoto: Inger Stenvoll
Illustrasjonsfoto: Inger Stenvoll

Bergen-byrådet vil ha fleire kommunale barnehagar

Bergen-byrådet vil byggje nye kommunale barnehagar for at familiane skal få barnehage nær heimen. Det vil skjerpe konkurransen om barnehagebarna.

Publisert   Sist oppdatert

Arbeiderparti-byrådet har som mål at den kommunale andelen av barnehageplassane aukar. Det skal skje ved at kommunen byggjer fleire barnehagar, heiter det i den politiske plattforma for byrådet i Bergen. Partia Arbeidarpartiet, Miljøpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti utgjer byrådet.

– Vi vil at familiane skal ha kort veg mellom barnehagen og heimen, seier byråd for oppvekst Linn Kristin Engøy til Utdanningsnytt.no

Byråd for barnehage, skole og idrett, Linn Kristin Engøy (Ap). Foto: Ann-Kristin Loodtz
Byråd for barnehage, skole og idrett, Linn Kristin Engøy (Ap). Foto: Ann-Kristin Loodtz

– I fjor klarte vi for første gong å gi alle barnehageplass i den bydelen der dei bur. Da er det naturleg at neste mål blir at familiane skal få barnehageplass der dei bur. Men for å få det til må vi truleg byggje nye barnehagar på stader der det ikkje er barnehageplassar nær nok, seier Engøy.

– Tyder det at de vil ha konkurranse mellom kommunale og private barnehagar om barnehageplassane?

Sytti prosent av barnehageplassane i Bergen er private. Det er som sagt eit mål for oss å få fleire kommunale plassar. Barnehagemarknaden er alt prega av hard konkurranse. Vi vil at kvalitet skal vere konkurransekriteriet, seier Linn Kristin Engøy.

Tillit til lærarane

I den same politiske plattforma står det at i skolen må aktiviteten i større grad basere seg på tillit til lærarane sin kunnskap, og mindre til testar, målstyring og byråkratiske ordningar.

– Kva tyder det i praksis?

– Ein viktig bit blir å arbeide med tidstjuvane. Og vi må ha eit godt samarbeid med lærarorganisasjonane, seier Linn