Auken i søknader til spesialskolane er ikkje uventa
Denne påviste auken i søknader til spesialskolane er ikkje uventa, slik det norske skolesystemet i dag er innretta.
Det som kjenneteiknar systemet er trange økonomiske råmevilkår, høgt elevtal i klassen, lite interesse for lærarrekrutteringa og einsidig fokus på dugleikstrening som gjeld grunnleggjande lese- og reknetekninsk dugleik. Det sistnemnde er sjøvsagt svært viktig uavhengig av PISA.
I Dagsavisen 14. januar 2014 påpeikar nestleiar Utdanningsforbundet Steffen Handal ein del faktorar som har hatt store konsekvensar for det norske skolesystemet dei siste 10 åra. Mellom anna peikar han på auke i talet på elevar som går i store klassar og store grupper det siste 10-året.
Dessutan påpeikar han manglande føringar i det nasjonale regelverket i høve til klassestorleik. Ein konsekvens er sjølvsagt eit skolesystem som kan utvikla seg svært ulikt frå kommune til kommune, og frå fylke til fylke.
Dette vil truleg forsterka seg enno meir med den kommande kommunereforma, og det etablerte økonomisk administrative paradigmet som no er innført i offentleg sektor ved New Public Management-tankegangen.
Denne problemstillinga knytt til auke i søknaden til spesialskolane, dette gjeld spesielt Oslo kommune, tyder kanskje på at den profesjonelle spesialundervisninga ikkje er så uvesentleg som Søgnenutvalet i 2003 la opp til i stortingsmeldinga med tittelen "I første rekke".
Denne integreringstankegangen som har utvikla seg gradvis frå 1960-talet til i dag, har vore gjennom mange fasar som til dømes lovgjevngsfasen på 1970 talet, integreringsfasen i 1980 åra, der integreringsideologien vart praktisert. På 1990-talet voks inkluderingsideologien fram nedfelt i St.meld. nr 35 ( 1989-90) og med tilleggsendringar frå Arbeiderpartiet da dei tok over.
Tidsepoken frå 2000 - 2006 skildrar M. Dalen som tida da individualiseringsperioden vart styrka. Frå 2006 og fram til i dag har kompetanseideologien vorte styrka. (Dalen. M. 2013)
Etter at dette individretta diagnosesystemet har utvikla seg i PPT, som i hovudsak er basert på eit "normativt" grunnlag, har dette på sikt ført til auke i utarbeiding av individuell opplæringsplan (IOP). Dette er vel først og fremst eit administrativt dokument og kontrakt mellom foreldre og skoleeigar. Men sjølve profsjonsutviklinga har vel neppe vore så vekta, med auka bruk av assistentar etter kvart som dei etablerte systema og profesjonelle spesiallærarar har vorte pensjonerte.
Motivasjonen for lærarane er vel primært at dei har sagt frå om elevar som skårar "under kritisk grens", som det heiter. Da har dei gjort si plikt. Fenomenet omvendt integrering har vore lite framme i debatten i Norge, derimot har Brandenburg, Tyskland, gjort endringar der spesialskolar har fått tilført elevar frå "normalklassen" til dømes Regine Hildebrandt- Gesamtschule, Birkenwerder. Sidan denne statistiske auken i søknader til spesialskolane i Oslo viser seg, kunne ein kanskje sjå på omvent integrering til spesialskolane som eit alternativ? Eller skal denne segregeringstendensen få vedvarande status?
Kjelder:
Dalen, Monica. Spesialundervisning til elevens beste? "Det kommer så an på" Gyldendal Akademiske, Oslo 2013.
Handal, Steffen. En selektiv bruk av tallene. Dagsavisen 14.01.15