Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring kjem fredag

Fredag legg regjeringa fram stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring.

Regjeringa kaller dette den største endringa av vidaregåande opplæring sidan Reform -94.

– For få fullfører vidaregåande opplæring i dag. Vidaregåande opplæring er ein føresetnad for å ha eit trygt fotfeste i arbeidslivet i Noreg. Med Fullføringsreforma vil regjeringa legge til rette for at fleire skal fullføre og bestå, skriv regjeringa i ei pressemelding.

I september meldte Kunnskapsdepartementet at rekordhøge 78,1 prosent av elevane som begynte på vidaregåande i 2013, fullførte. Målet er at 9 av 10 fullførar.

– Tida er no inne for å sjå på dei store snublesteinane i systemet, som krav til at alle skal fullføre på same tid og med same innhald, at det ikkje finst gode tiltak for elevar som ikkje har dei faglege ferdigheitene dei treng frå grunnskolen, og at elevar utan læreplass ikkje har eit fullgodt alternativ til å fullføre opplæringa, melder regjeringa.

Powered by Labrador CMS