Eksisterende kommersielle skolar får ikkje utvide tilbudet sitt i det nye fylket Vestlandet. Her illustrert med Bergen Private Gymnas. Foto: Google, skjermdump

Nytt fylke seier nei til kommersielle skolar

Det blir ingen nye kommersielle vidaregåande skolar i det nye fylket Vestland under det nye fylkestinget. Eksisterande kommersielle skolar får ikkje utvide.

Publisert Sist oppdatert

Hordaland, som saman med Sogn og Fjordane nå skal bli Vestland fylke, har hatt den høgaste delen av private skoleplassar i heile landet. Men dei seks partia som skal styre den nye fylkeskommunen er blitt einige om at det ikkje blir nye kommersielle videregåande skolar i det nye fylket. Og eksisterande kommersielle skolar får ikkje utvide.

Arbeidarpartiet får utdanning

Arbeidarpartiet skal leie opplæringsutvalet i den nye fylkeskommunen, der SV skal ha nestleiaren. Men kva for personar dette blir er ikkje klart. Av namn er berre Jon Askeland frå Senterpartiet som fylkesordførar og Natalia Golis frå MDG som varaordførar klare.

Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og Miljøpartiet skal styre saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Ikkje færre skolar

Dei seks partia er og einige om at ingen skolar skal bli lagt ned. Skolestrukturen skal ikkje endrast.

Den felles politiske plattforma vil ha ein reisetidsgaranti for elevane for å sikre at dei ikkje får for lang skoleveg. Likevel seier plattforma ingenting om opptakskriteria for vidaregåande skole. Men det er lova at ulike modellar for opptakskriterium skal sendast ut på høyring i haust. I Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane er hovudtillitsvald Hilde Kvamsås Aas svært spent på kva dei kjem fram til.

Nei til stykkpris

Vidare er dei seks partia samde om at dei vidaregåande skolane skal finansierast ved tilskot til grupper, ikkje stykkpris per elev. Det er slik finansieringa av vidaregåande skole i Sogn og Fjordane er i dag, og har vore lenge. I Hordaland gjekk ein for to år sidan over til å finansiere 85 prosent av elevgruppa med gruppefinansiering og resten med stykkprisfinansiering.

Dei seks partia er og samde om at elevane på vidaregåande skole skal få gratis frukost.

Powered by Labrador CMS