Preliminære forhandlingar: motivasjon eller frustrasjon?

Lønnspolitikken har ført til vonde kjensler, og har langt på veg splitta lærarkollegiet. Det fører til eit strebarjag som vi alt har merka, skriv innsendaren av dette innlegget.

Etter over 40 år i skulen, føler eg meg svært frustrert over resultatet av dei preliminære forhandlingane i vår kommune. Erfaringa mi går på at alle lærarane i alle år har vore medarbeidarar som har stilt opp og stått på. Som lærarar har vi stadig fått nye utfordringar som vi har gått på "med krum hals".
 
På vår skule starta vi til dømes førre skuleåret ei heil omlegging av undervisninga og skuledagen, der alle i enda større grad enn før måtte stille opp og spele på lag. Dette kravde ein utruleg innsats av alle - som vi alle hadde fortent ei påskjønning for.
 
Denne måten å undervise på har vi inneverande år også, og det krev ikkje mindre i år av kvar enkelt. Ut frå dette føler vi oss lite verdsette for å drive utviklingsarbeid!
 
Ut frå resultata lurer eg på om det byggjer på førre eller inneverande skuleår.
Eg reagerer på at enkelte lærarar får både to og tre lønnstillegg når ikkje alle har fått enda, ikkje minst når enkelte av desse fekk i fjor også.
 
Ut frå situasjonen eg har skildra med full innsats av alle, synest eg dette er både merkeleg og urettferdig. Det naturlegaste hadde vore at lærarar som ikkje fekk i fjor, hadde fått i år. Var det enda att pengar i potten, kunne dei som utmerka seg spesielt, fått eit lønnssteg ekstra. Dette trur eg ingen ville reagert på.
 
Eg er dessutan samd med ei som skreiv i Utdanning at klassestyrarfunksjon gjennom mange år burde ha eit fast lønnssteg vel så mykje som andre ekstrajobbar. Ekstraarbeid bør ein heller få betalt for i det året det gjeld, kanskje i større grad enn det skjer i dag.
 
Eg føler at kommunen nå legg opp til ein supergjeng og ein B-gjeng som ikkje svarar til realitetane slik dei har vore.
 
Lønnspolitikken har ført til vonde kjensler, og har langt på veg splitta lærarkollegiet. Det fører til eit strebarjag som vi alt har merka. Eg stiller eit alvorleg spørsmål: Er det verkeleg slike medmenneske vi skal oppdra elevane våre til å bli?
 
"Skolen skal være et sted der alle føler seg hjemme, blir ivaretatt og opplever at de er like verdifulle". " Denne utsegna frå Utdanningsforbundet stod å lese i fagbladet vårt.
 
Eg har i alle fall mista mykje av motivasjonen og gleda ved arbeidet. Det blir liksom ingen vits i å gjera noko meir enn det som er heilt nødvendig. - Og det var neppe målet? Eller?
 
Eg føler at vi nå er inne i ein lønnspolitikk som skyt heilt over mål, og ønskjer å seia frå om at ei slik behandling kan og skal ikkje vi lærarane finne oss i. Inge Eidsvåg hadde ein motiverande og inspirerande artikkel i Utdanning i vinter som gjekk på nettopp dette (" Dyktighetsbonus og skolesyn", 9. desember 2002, red.).
 
Det var kanskje ein idé å be han halde eit foredrag både for lærarar og dei ansvarlege om lønnspolitikkutviklinga. Kanskje mange ville få opp augo for kva for ein farleg veg vi er inne på.