Bystyret i Bergen legg ned fem skular

Bystyret i Bergen vedtok i går å leggje ned fem skular i kommunen. Det skjer trass store protestar.

 

Ein av mange som hadde møtt opp på galleriet i bystyresalen, Jøran Nordøen, kallar vedtaket for tragisk.

– Det er veldokumentert at Haugland er ein god skule. Betydeleg betre enn den elevane skal flyttast til, seier Jøran Nordøen ifølgje NRK.

Dei fem skulane, som omfattar 380 elevar, er Haugland skule, Nordvik skule, Riple skule, og ungdomstrinna i Eidsvåg og Ytre-Arna.

  • Haugland skole: 80 elevar
  • Nordvik skole: 42 elevar
  • Riple skule: 24 elevar
  • Ungdomstrinnet på Ytre Arna skole: 95 elevar.
  • Ungdomstrinnet på Eidsvåg skole: 139 elevar.

Avgjerda kjem sjølv om Pål Hafstad Thorsen (Ap) etter valsigeren i fjor sa at ingen skular i Bergen skal leggjast ned. Thorsen vart seinare skulebyråd i kommunen.

– Utgangspunktet vårt er at me skal ha dei skulebygga me har, sa Thorsen den gongen.

Hannah Atic (H) kallar dette eit løftebrot.

– Denne planen ber preg av å vere eit løftebrot frå Arbeidarpartiet si side, seier Atic.

Høgres Hilde Onarheim reagerer også.

– Ein har lova mykje i valkampen, og så står ein ikkje inne for noko som helst. Dette skapar veldig politikarforakt, ikkje berre for Ap, men totalt sett, seier Onarheim.