For få svenske elevar tok siste PISA-test

11 prosent av femtenåringane var ikkje med i den svenske PISA-testen i 2018.

Publisert Sist oppdatert

Nå kritiserer den svenske Riksrevisjonen regjeringa og Skolverket, som tilsvarar Utdanningsdirektoratet, for at så mange ikkje var med på testen. Det er Sveriges Radio som melder dette.

Da resultata frå PISA-testen i 2018 var klare, viste dei at framgangen for dei svenske elevane. Men så dukka det opp spørsmål om kvifor så mange elever ikkje hadde vore med i testen. Ifølgje OECD bør talet på elevar som ikkje deltar vere rundt fem prosent. I Sverige var talet 11 prosent.

Kort tid i Sverige

Det er særleg blant barn som ikkje har bodd lenge i Sverige som for mange er ekskludert frå testen, ifølgje Riksrevisjonen. 2,5 prosent av desse elevane tilfredsstilte OECD sine krav for å bli ekskludert på grunn av dårlege svenskkunnskapar. Men 7 prosent av dei ekskluderte kom frå denne gruppa.

Riksrevisjonen kritiserer Skolverket for ikkje å ha informert skolane godt nok. Regjeringa får kritikk blant anna for ikkje å ha høyrt på kritikk frå tilsette i relevante departement.

PISA er ein internasjonal test som måler kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag.

Powered by Labrador CMS