Nærljos mot ein mektig nabo

Russland kan ein ikkje forstå, landet er for stort og uklårt til det. Men i detaljane finn ein både gudar og djevlar.

Russland i farger.
Opplevelser i vårt største naboland
Av Arne Egil Tønset
243 sider
NRK Aktivum

Fleire av NRK-korrespondentane i Moskva har skrive bøker frå Russland: Jan Espen Kruse: "Skjebnetid for Russland" (1995), Hans-Wilhelm Steinfeld: "Frihetens bitre tiår" (2001), Jahn Otto Johansen: "Mitt liv med moder Russland" (2009), og i tillegg Morten Jentoft som i 2001, 2005 og 2008 kom med bøker om tilhøva på Kola for dei norske der før, under og etter andre verdskrigen. Desse bøkene har kvar for seg gjort det mogleg å forstå den store naboen betre. Steinfeld plar henta fram poeten Fjodor Tjuttsjev (1803-1873) når han vil åtvara oss mot å forstå Russland: "Russland kan ikkje forstås med fornufta". Hugs no at landet rekkjer over 11 tidssonar og har over hundre folkeslag.

Arne Egil Tønset var ein lågmælt korrespondent då han frå 2003 til 2007 var NRK sin mann i Moskva. Lik Marit Christensen makta han få fram korleis den vesle kvinna og mannen og deira born kunne ha det. I boka "Russland i farger" deler han opplevingane sine med oss. Det starta då han som journalist i NRK/Finnmark drog på reise til Murmansk, namnet kjem forresten frå det lokale ordet for "nordmann". Året var 1984, og krigen var kald. Spaninga slår straks til: "Sonen vi skulle passere på veg fra grensa til Murmansk, var den gangen som nå et av verdens sterkest militariserte områder.(…)Vi hadde nærmest en følelse av å være bak fiendens linjer."

Råskapen
Tønset har på kloss hald fått med seg korleis nabolandet har gått frå å være ein grå og gold koloss til å bli eit fargerikt teppe. Allereie på den fyrste reisa såg han bak fasadane korleis folket kjempa for å halde på livsgleda og sjølvvørdnaden. Den unge journalisten (f. 1959) kasta seg ut i det, lærte seg russisk og gjekk grundig til verket, audmjuk og nyfiken. Lagnaden til enkeltmenneske stig fram, sterkt og rått. Historia til Marina Mikhailovna Konova fortel korleis kvinnene i Russland er ryggrada i landet: "mens mennene konspirerer rundt makt og penger og tyr til alkoholen når livet går dem i mot …"

Mikhail Gorbatsjov var mannen som skulle få Sovjetunionen på føtene att. Supermakta var rusta i senk, og då den 54-årige partisekretæren i 1985 tok over leiinga i Kreml, hadde han framføre seg den verste oppgåva som tenkjast kunne. Tønset skriv ikkje så mykje om Gorbatsjov, men om dei som hadde vorte ofre for ein nådelaus og skammeleg politikk. Offiseren Sergej (f. 1925) vart ein av desse, og ein desemberdag i 1979 blei han på kort varsel kommandert til krigen i Afghanistan. Gjennom forteljinga om Sergej forstår vi betre enn noka historieskriving kor vonlaus den sovjetiske politikken hadde vore. Krigen i Afghanistan stadfesta at Sovjetunionen var ved vegs ende, konstaterte general Aleksander Lebed, som hadde ansvaret for tilbaketrekkinga av soldatane frå landet. Samstundes var Sovjetunionen framleis farleg for opposisjonelle og minoritetar; fortida og Stalin levde i kulissane:

"Rasismen har fått leve uten noe opprivende oppgjør som skulle gi nasjonen dårlig samvittighet for å ha behandlet etniske minoritetar, i særdeleshet jøder og tsjetsjenere, på usedvanlig lite ærefullt vis."

Men korleis skal ein forstå at Vladimir Putin er vorte så populær? Folk som får si vesle løn og statspensjon skapar ikkje revolusjon. Det skjer der kvinnene ser ned i tomme kjøttgryter.

Dei store reisene
Skildringa av dei lange og store reisene som Tønset har vore med på, er høgst fascinerande. Han krydrar teksten med små forteljingar som kallar både på lått og gråt. Han fortel i høgspaning til dømes om reiser på Kamtsjatka-halvøya. Jakta på Miss Kamtsjatka er fornøyeleg inntil det absurde. Her høyrer det med at hotellivet i Russland kan vera alt anna enn ein fest. Og korrupsjonen sit djupt: "Det er så mange avgrunner i dette landet, og du vil bare høre et fjernt ekko om du stiller på kanten og roper."

Kunnskap om Russland vil verte naudsynt om Noreg skal utvikle samarbeidet med naboen. Altfor få norske unge lærer seg språket og få studerer i Russland. Gjennom Arne Egil Tønset si bok kjem du inn bakdøra til Russland. Då ventar overrasking og spaning. Undring: Tønset skriv ikkje om terrordramaet på skulen i Beslan i 2004 som han dekka, og fekk pris for.

Powered by Labrador CMS