Ill.foto: Harald F. Wollebæk

Pinlege personangrep

Publisert

Tilsvar til dosent Jens Haugan ved Høgskolen i Innlandet:

Det seier seg sjølv at det gjer ein lektor godt å lese og forstå at innlegget hans engasjerer. Men: Eg er ikkje den store, stygge ulven som vil nynorsken til livs. Eg elskar god nynorsk og godt bokmål, fordi det gjer oss smartare, men ser at sidemålsordninga fungerer dårleg.

Og for å avkrefte med det same: Innlegget mitt i Utdanningsnytt.no den 17. oktober 2019 var sjølvsagt skrive med tanke på å betre arbeidssituasjonen til elevane, ikkje min eigen! Eg forstår at dosent Jens Haugan ved Høgskolen i Innlandet er ueinig i alt eg skriv, og det er sjølvsagt heilt greitt. Derimot har eg ikkje sans for personangrepa og insinuasjonane hans, dei er direkte pinlege. Det blir nok dosert om mykje bra ved Høgskolen i Innlandet, men truleg mindre om skikk og bruk.

Audmjukt

Helge Kyvik
Lektor, Haugesund

Powered by Labrador CMS