– Hadde alle lærarane følgt læreplanen, hadde det ikkje nødvendigvis vore så «utriveleg» for lektor Kyvik å rette sidemålstekstar, skriv innsendaren. Ill.foto: Inger Stenvoll

Nynorsk, demokrati og medborgarskap

Debatt: Noreg har to offisielle, norske målformer. Då er det sjølvsagt at begge målformene skal vere likestilte i alle situasjonar i samfunnet.

Publisert

Lektor Helge A. Kyvik skriv på Utdanningsnytt.no 17.10. at sidemålet burde bli «valfritt for dei interesserte». Noko liknande skreiv han i Lektorbladet nr. 5/2016. Den gongen skreiv han innlegget sitt på bokmål. No skriv han altså det same på nynorsk – utan at det gjer saka noko særleg betre.

Ein kan starte med å spørje om det skal vere eit slags retorisk poeng å bruke nynorsk i eit innlegg mot sidemålet, som jo for dei fleste elevane nettopp er nynorsk. Skal dette vise at lektor Kyvik sjølv meistrar nynorsk, og at han personleg ikkje har noko imot nynorsk, men at han berre vil det beste for elevane sine? Eller skreiv lektor Kyvik dette berre fordi det er så «utriveleg for alle som rettar», og at han sjølv vil sleppe dette utrivelege arbeidet?

Når eg som lærarutdannar ser at ein lektor i skolen krev at det «no er […] på tide å rydde opp» ved å gjere sidemålet valfritt, får eg lyst til å seie til alle rektorane rundt omkring i landet at det kanskje er på tide å rydde opp i rekkjene og sjekke i kva grad lærarane har kunnskapane og haldningane som krevst for å undervise i norskfaget. Høgskolane og universiteta tilbyd mange gode etter- og vidareutdanningskurs.

Ja, det kan vere «utriveleg» for oss som må rette tekstar på dårleg nynorsk. Det er ikkje noko betre i lærarutdanninga. Vi får elevane frå vidaregåande skole, som på éin eller annan måte har fått karakter i nynorsk. På vidaregåande skole trur ein nok at elevane har med seg kunnskapar og ferdigheiter frå ungdomsskolen. Og dei lærarane som startar med den formelle undervisninga i nynorsk på ungdomsskolen, trur kanskje at lærarane på barne- og mellomtrinnet har lese kunnskaps- og ferdigheitsmåla og eksponert elevane for begge målformene heilt frå starten.

Hadde alle lærarane i skolen følgt læreplanen, hadde det ikkje nødvendigvis vore så «utriveleg» for lektor Kyvik å rette sidemålstekstar på vidaregåande skole. Dessverre er det slik at lektor Kyvik sine innlegg mot sidemålet, dvs. nynorsk, er med på å oppretthalde ei underliggjande forventning om at nokon snart «ryddar opp», og at heile sidemålsordninga forsvinn. Andre lærarar er kanskje einige med lektor Kyvik, og elevane er i alle fall einige med han. Kva slags rollemodell ønskjer lektor Kyvik å vere for kollegaer og elevane?

No med fagfornyinga skal lektor Kyvik også undervise i demokrati og medborgarskap. Kva slags syn på demokrati og medborgarskap formidlar lektor Kyvik til elevane sine og resten av samfunnet når han meiner at sidemålet, dvs. nynorsk for dei fleste, skal vere for dei spesielt interesserte og ikkje for majoriteten i samfunnet? Noreg har hatt to offisielt sidestilte målformer sidan 1885. Kva seier det om ein norsklektor som meiner at jamstillingsvedtaket er for dei spesielt interesserte?

Det er mange krigar i verda. Ein slit med netthets og mobbing på mange nivå i samfunnet. Og her har vi ein lektor som meiner at nynorsk skal vere for dei som måtte interessere seg for det, mens alle andre skal få sleppe. Det er ei kjent sak at mange elevar (og vaksne) som vel å bruke nynorsk i sosiale medium, får negative tilbakemeldingar på grunn av målforma si, og ikkje på grunn av innhaldet i det dei skriv. Korleis skal desse elevane kunne vente seg støtte frå ein lærar som lektor Kyvik? Ville svaret hans vere at det er deira eigen feil dersom dei absolutt må velje å skrive på nynorsk?

Utdanningsdirektoratet skriv i fagfornyinga under punkt 2.5.2: «Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgerskap skal elevene forstå sammenhengen mellom individets rettigheter og plikter. Individene har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgerne bruker rettighetene til politisk deltakelse og utforming av det sivile samfunnet. Skolen skal stimulere elevene til å bli aktive medborgere, og gi dem kompetanse til å delta i videreutviklingen av demokratiet i Norge.»

Opplæring i begge målformene er eit grunnlag for demokratiet i Noreg.

Opplæring i begge målformene er eit grunnlag for demokratiet i Noreg. Når staten Noreg har to offisielle, norske målformer, er det sjølvsagt at begge målformene skal vere likestilte i alle situasjonar i samfunnet. Staten har sjølv erkjent i St.mld. 35, 2007-2008 Mål og meining at nynorsken blir diskriminert i samfunnet. Det er vanskeleg å sjå at lektor Kyvik har tenkt å gjere noko for å endre på dette. Og då sit ein jo igjen med eit retorisk spørsmål om lektor Kyvik per i dag har dei haldningane som skal til for å undervise i samsvar med kunnskaps- og ferdigheitsmåla i læreplanen. Demokrati i eit land med to offisielle, sidestilte målformer tyder ikkje at fleirtalet kan krevje å sleppe å ta stilling til den mindre brukte målforma. Det er diskriminering – det motsette av demokrati og medborgarskap.

Powered by Labrador CMS