Nasjonale prøver og internasjonale sammenlikninger – kommentar

Forskar Astrid Roe (ILS, UiO) har lese innlegget mitt "Fellesskap eller den sterkaste sin rett?" og funne at eg serverer "feil og unøyaktigheter som det behov for å korrigere". Det ho i røynda gjer, er ein velkjent debatteknikk.

Det ho i røynda gjer, er ein velkjent debatteknikk. Ho tillegg meg synspunkt og manglande kunnskapar, som eg ikkje har, og går deretter til angrep på desse. Om ho hadde tatt seg tid til lese innlegget nøye og objektivt, så hadde ho sett at eg avgrensar mine kommentarar i denne artikkelen til å gjelde dei nasjonale prøvane.

Det betyr ikkje, slik ho ganske syrleg insinuerer, at eg ikkje har kunnskapar om andre undersøkingar. Det er faktisk mogleg å ha kunnskap om andre ting enn dei ein tar opp i ein avgrensa artikkel. Andre undersøkingar var ikkje tema for denne artikkelen.

Eit anna spørsmål som reiser seg etter Roe sin kommentar, er kva tillit forskarar har til oss som skal skape praktisk pedagogikk ute i den reelle skulekvardagen. Heile innlegget hennar osar av nedlatande haldningar. For min eigen del betyr det lite, ho må gjerne plassere seg høgt på ein pidestall dersom det er der ho ønskjer å vere. Men med tanke på samarbeid mellom forskingsmiljø og skulemiljø er det svært beklageleg.