Roar Ulvestad i Utdanningsforbundet i Bergen svarer på kritikken han fekk av Astrid Søgnen etter at han kalte Oslo-skulen eit skrekkabinett. Foto: Tom-Egil Jensen

«Tusen takk til Astrid Søgnen»

Roar Ulvestad, tillitsvald i Utdanningsforbundet i Bergen, svarer på debattinnlegget til Astrid Søgnen.

Publisert Sist oppdatert

Eg må takke Astrid Søgnen for at eg får lagt ut mitt eige etos til disseksjon. Det toler eg. Å bli oversett hadde vore verre, og det er ikkje alle som har trødd ho nær som har fått sopass respons. Eg tviler ikkje på at Søgnen har tillit til sine medarbeidarar, og at dei har tillit til ho.

Det var kanskje unødig sårande å bruke metaforen «skrekkabinett» frå mi side, på den andre side hadde det neppe kome eit svar utan. Sjølvsagt er det ikkje eit skrekkabinett, men tusenvis av sprell levande lærarar og elevar som gjer so godt dei kan ut frå dei rammene dei har. Hadde det likevel vore so rosenraudt som Søgnen framstiller det, hadde gjerne Oslo-skulen ikkje hatt nest mest ufaglærte som arbeider som lærarar, berre slått av Finnmark. Med den produksjonen som er av nye lærarar, burde Oslo-skulen hatt flest, med god margin.

Eg er full av tvil og tru om Oslo-skulen, og eg har diverre ein god del kunnskap som har gripe meg i mellomgolvet. Søgnen sitt intimiderande svar på mitt innspel endrar ikkje på synet mitt, men styrker det. Takk, igjen.

Eg tviler ikkje på at skildringane vi no har fått over fleire år av eit massivt batteri av testing og dokumentasjon som er i Oslo-skulen er sanne. Lærarane i Oslo-skulen har arbeidsvilkår som ikkje er prega av tillit, men av full transparens i alle delar av verksemda.

Transparens er arbeidskrevjande, og den dokumentasjonskultur og -struktur som det fordrar, tek tid frå kjerneoppgåvene, som er og blir undervising lagt til rette for dei utfordringane og det potensialet som ligg hjå den einskilde elev og i den einskilde elevgruppe.Vi har ei tillitsbølge no, der profesjonar endeleg får lov å legge vekk stoppeklokka og plukke sitt eige profesjonelle skjønn ut av gløymeboka. Denne bølga må og Osloskulen få vere med på. Ingen har i dag krav på å tvihalde på status quo.

Eg er ikkje i tvil om kompetansen som er på topp i Utdanningsetaten. Eg er ikkje i tvil om at det blir samarbeidd profesjonelt og "etter boka" med lokalt tillitsvalde. Krinsen til Astrid Søgnen av medarbeidarar er kjente for å vere lojale, og at det er tette, nære og gode band i leiinga i Utdanningsetaten er heva over ein kvar tvil.

Det er og mange andre ting som er heva over ein kvar tvil. Når eg les dei såre meldingane og høyrer dei fortvila tilbakemeldingane frå foreldre og lærarar som eg gjer, er det diverre nesten fåfengt kva ho seier i sjølvforsvar. Meldingane i innboksen og telefonane eg får er fylte av både sorg og sinne, og frykten for å stå fram er stor. Dette er alvor.

Andre ting er eg meir i tvil om. Eg er i tvil om den styringsforma som Oslo-skulen er styrt med, er rett for framtida. Eg er i tvil om den er i takt med dei intensjonane vi har om lokaldemokrati. Om Oslo-skulen i grove trekk er den same, uansett kven som har fleirtal i Oslo bystyre, har vi fått etablert eit maktkonsentrat som ikkje er heldig. Folkevalde skal kunne oppleve at dei føringane dei legg, vert sett ut i livet på den måten dei vil.

Sjølvsagt skal ikkje Utdanningsetaten vere ein hale. Sjølvsagt skal den kompetansen og knowhowen som er i byråkrati og administrasjon spele ei rolle. Den mest djuptgåande forpliktinga er uansett å realisere politiske signal frå dei som er gitt makt via valsystemet vårt, ikkje i seg sjølv å vere ein dominerande politisk premissleverandør, som lever sitt eige liv uavhengig av valresultat. Under dette går ei enda djupare forplikting om å fylgje planverk og dei føringane som vert vedtekne i stortinget.

Slik som det er no, har vi eit vaksande segment av politikarar som skjøner skule og har eit bevisst forhold til pedagogikk. Vi lærarar ser eit storting som skjønar lærarspråket og kjem praksis i møte på ein konstruktiv og tillitsfull måte. Vi har eit byråd i Oslo som har teke Stortingsmelding 28 på alvor. Eit byråd som vil gje lærarane tilliten tilbake.

Kunnskapsløftet fordrar eit kompetent og autonomt profesjonsfellesskap som saman tolkar og realiserer planverket. Dette arbeidet har Utdaningsetaten i stort monn løfta vekk frå den enkelte skule, ved å innføre mange tusen spesifikke læremål. Lærarane blir ikkje stolt på.

Frå eit intervju i Klassekampen: "– Om du legger ut med en båt for å seile til Bermuda, så er det lurt å sjekke kartet underveis at man er på vei til målet. Det holder ikke å legge ut fra kaia og si at «Bermuda er den veien», sier Hilde Gran."

Ein maritim analogi blir brukt for å understreke at læraren ikkje utan vidare kan vere kaptein på eige skip. Kunnskapsløftet var meint som ein literacy- og tillitsreform, der auka rom for det faglege skjønn skulle dyktiggjere lærarane og skape betre undervisning, enn i "gamle dagar", då vi hadde pensumlistene å forholde oss til. Eg trur nok at dei mange tusen læringsmåla i Oslo-skulen blir oppfatta meir som ei jerntrøye enn dei gamle pensumlistene. Om det stemmer, er vi ikkje tilbake til utgangspunktet, men vi har faktisk tatt mange steg tilbake.

Det skjer løfterike ting i Osloskulen no. Ved sidan av tillitsreformen har skulebyråden sagt at ho vil gjere om på finansieringsmodellen. Denne er ikkje Utdanningsetaten si «skuld», men problema som den har forsterka har fått ligge utan å bli handsama skikkeleg i mange år. Når pengane fylgjer eleven og eleven sjølv kan velje skule, er det viktig for skulane med eit godt omdømme. Det er det uansett. Det viser seg i midlertid at alvorlege hendingar blir fortia og at avvik ikkje havnar dit dei skal fordi det kan svekke omdømmet og dermed økonomien. Ei einskild hending eller eit rykte kan dermed føre ein skule inn i ein sirkel av uønskte hendingar og svekka økonomi til å handtere desse hendingane.

I skulen skal vi skape sterke og myndiggjorte elevar og medborgarar. Kan vi sjølv gjere det i ein kvardag der vi som lærarar ikkje får høve til å vere sterke og myndige? Kan den ufrie oppdra til fridom? Kan Søgnen med handa på hjartet seie at den jamne lærar i Oslo er eit myndig og profesjonelt individ som i sitt fellesskap har høve til å utøve den metodefridom og det metodeansvar som ligg i læreplanen?

Ein plan som no får ein etterlengta revisjon som skal styrke høvet vårt til å drive djupnelæring i lag med dei flotte elevane våre. Her må alle følge med i timen og vere viljuge til å ofre gamle kjepphestar, i tilnærming til både leiing og undervising. Skulebyråden i Oslo tek no tak for å gje lærarane det rommet som må til. Det står att å sjå om Utdanningsetaten vert ein reell med- eller motspelar i dette arbeidet. Om ikkje, er kanskje ikkje dei omtalte alternative karrierevegane so dumme.

Powered by Labrador CMS