– Streiken var bryet verdt

Streiken har gitt lærarar og førskolelærarar betre løn, men ikkje utteljing for likeløn, ifølgje Eivind Rygh, leiar for Utdanningsforbundet i streikekommunen Stavanger.

Vi streika oss til eit generelt tillegg som slår godt inn for fleire av våre grupper. Vi fekk og overført pengar som arbeidsgivar ville ha i lokal pott til sentral pott, oppsummerer Rygh, og meiner det var verdt å slåst for.

– Men vi så heilt frå starten av forhandlingane at dette ikkje kunne bli noko løft for likeløn, så lenge korkje regjeringa eller KS hadde lagt inn midlar til eit likelønsløft, seier Rygh til Utdanning.

– Fagforbundet definerer likeløn som løn for kvinnedominerte grupper av ufaglærte, Unio som lønn for høgskoleutdanna. Kunne det gitt meir til likeløn om arbeidstakarorganisasjonane hadde blitt samde om ein definisjon og reist krav ut frå det?

– Eg kan ikkje sjå at slik semje skulle gitt meir handlingsrom, seier Rygh.

Streiken for to år sidan enda i ein protokoll om å ta omsyn til ei eventuell låg lønnsvekst for skoleverket i lønsoppgjeret i 2008. Frå Utdanningsforbundet Stavanger kom det kritikk til dette.

Ser du annleis på dette nå? Viser dette oppgjeret at protokollen var viktigare enn slik han framstod for to år sidan?

– Eg finn det problematisk at vi må kommunisere gjennom streik og protokollar for å få same lønsutvikling som grupper vi kan samanlikne oss med, seier Eivind Rygh til Utdanning.