Erasmus-avtale gir samarbeid mellom lærarutdanningar i Skottland og Sogn og Fjordane

Lærarutdanning i Skottland er mykje lik lærarutdanning i Norge. Utdanninga er fireårig og består av både teori og praktisk erfaring.

University of the West of Scotland (UWS) har lærarutdanninga lokalisert til Ayr Campus, som ligg ein halvtimes togreise sørvest for Glasgow. Byen Ayr grenser opp mot Atlanterhavet, og den friske vinden er ei jamn påminning om at storhavet er like i nærleiken.

Representantar for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har ved fleire høve vitja UWS. Dei to utdanningsinstitusjonane er no i sluttfasen av å etablere ei Erasmus-avtale. Her ynskjer universiteta å få til ei utveksling av lærarstudentar frå HiSF der dei får høve til mellom anna å ta eit semester av utdanninga ved universitetet i Skottland. Det opnar òg for at skotske lærarstudentar får tilbod om å komme til Norge, og HiSF har fleire studiar der undervisninga vert gjennomført på engelsk. UWS har utmerka seg som særskilt gode i utdanning, og viser stolt fram at dei i 2014 vart kåra til beste utdanningsinstitusjon på nasjonalt nivå. Jennifer Ellis, fagansvarleg for bachelor i lærarutdanninga, viser til at særleg den tette kontakten mellom personalet og studentane er med på å bidra til eit godt miljø.

Kontakten mellom dei to utdanningsinstitusjonane inneber òg samarbeid mellom personalet, gjennom samtaler, undervisning og samarbeid om forsking. Dekan ved lærarutdanninga, Donald Gillies, er særskilt oppteken av skular i landdistrikt, ein skuletype som HiSF har mykje kontakt med. Rektor ved Flekke skule i Fjaler, Ingvard Flekke, sende med ein invitasjon til Gillies, der han vert invitert til å vitje skulen når han kjem til Norge. Internasjonal koordinator Ross Deuchar seier at dei gjerne samarbeider med Norge.

Lærarutdanning i Skottland er mykje lik lærarutdanning i Norge. Utdanninga er fireårig og består av både teori og praktisk erfaring. Kjønnsmessig er fordelinga også lik. I kullet som er i gang med å utdanne seg til «primary school teachers», for elevgruppa 5–12 år, er det flest kvinner. Av dei 80 studentane i kullet som no er på andre året i utdanninga, er det åtte menn. Dei få mannlege studentane ler og seier dei ser på seg sjølv som ein ettertrakta rase. Her legg dei til at dei reknar med at det vil vere ein fordel når dei skal søkje jobb, for det er generelt få mannlege lærarar i «primary school». Ein av grunnane til å ta lærarutdanning er at dei antar det vert greitt å få jobb, per no det er for få utdanna lærarar i Skottland.

Vi deltok i faget Sustainable Development, som inneheld naturfag, fysikk, økonomi og samfunnsfag, eit av tre obligatoriske fag dette semesteret. Undervisninga vekslar mellom forelesing og praktiske øvingar, og dr. Andrew Killen fortel at dei ofte er ute av klasserommet for å vise kommande lærarstudentar korleis dei kan bruke naturen i undervisninga. Neste veke skal dei ha utedag saman med The Royal Society of the Protection of Birds (RSPB) for å bli kjent med fuglelivet i området.

Killen meiner det er viktig å få elevar ut av klasserommet og at mykje læring kan gå føre seg der. Han seier han har sett bilde frå Noreg der borna er godt kledde og ute året rundt, og viser til det som inspirasjon for skotske lærarar. Han endar dagens forelesing med ei økt der studentane drøfter korleis dei kan gjere faget interessant for elevane, og kva som kan vere potensielt farleg for elevar i eit fag som inneheld både handtering av kjemikaliar og aktivitet i naturen. I undervisninga er det masse latter, og studentane vert utfordra på å leggje fram og drøfte arbeidet dei er i gang med. Namneliste for å registrere kven som er til stades vert sendt rundt her, som i Noreg. Integrated Arts er også obligatorisk. Undervisninga er lagt til ein full dag per veke, og ho er delt opp i like økter med dans/drama, musikk, kunst og handverk. Fleire av studentane gir uttrykk for at dette er eit av favorittfaga, dei får utfalde seg på andre vis enn i meir teoribaserte fag.

I den skotske grunnskulen er det lagt opp til at alle elevar skal gå i same skule, og der er svært få spesialskular att. Omgrepet spesialpedagogikk er erstatta med «additional support for learning» og «additional support needs», seier Lisa McAuliffe. Ho er fagansvarleg for Interprofessional Working, eit obligatorisk fag i lærarutdanninga, som mellom anna inneheld praksis ein dag per veke gjennom skuleåret. Dette faget inneheld òg det vi med norske auge ser på som pedagogikk og spesialpedagogikk, noko McAuliffe meiner er naudsynt for lærarar i ein einheitsskule. Ho er også ansvarleg for Master of Inclusion, eit masterstudium med intensjon å gjere lærarar til spesialistar i å handtere dei vanskane som er i klasserommet i ein skule for alle. Her vert delemne som autisme og dysleksi dekka, samt korleis ein kan vere ein inkluderande klasseleiar, i tillegg til andre tema. Dette studiet inneheld òg ein modul om evnerike elevar, noko McAuliffe seier er eit relativt nytt tema i lærarutdanninga i Skottland.

Ein tur må òg innehalde kulturelle og kulinariske opplevingar. I byen Ayr er den skotske nasjonalretten haggis å finne på dei fleste menyar, til liks med blackpudding, så for den matkulturelle er det mogleg å smake tradisjonsmat. Naturen rundt byen er innbydande med landlege turområde som strekker seg grønt bortover. Strandpromenaden gir rom for både for spasertur og jogging, med flott utsikt over bukta Firth of Clyde. Skottane er hyggelege, og det er lett å slå av ein prat både på gata og puben. Den skotske dialekten byr på nokre utfordringar, men etter nokre dagar i Ayr prøver vi å få til dei kraftige r-ane og den breie uttalen, og vi legg inn både «aye» og «wee» så ofte vi kan. 

 

  • Kirsten Flaten er dosent ved Avdeling for lærarutdanning og idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

 

Powered by Labrador CMS