Skulane må auke kapasiteten for flyktningborn

Skulane i München har auka kapasiteten i mottaksklassar med 20 prosent samanlikna i fjor. Men styresmaktene vedgår det er heilt uvisst om dette vil vere nok.

München er delstatshovudstaden i Bayern, inngangsporten til Tyskland for dei mange hundre tusen flyktningane frå borgarkrigen i Syria. I Bayern har born av asylsøkjarar rett og plikt til å gå på skule, og no vurderer styresmaktene å tilsette endå fleire lærarar i mottaksklassane for nyleg komne innvandrarborn. Ifølgje den amerikanske avisa Los Angeles Times har dei ikkje oversikt over kor mange born i skulealder som er komne dei siste vekene.

Desse innføringskursa varer frå eit par månader til to år. Her skal borna både få ei grunnleggjande innføring i tysk språk, men òg lære sosiale kodar som kan skilje seg frå det dei er vande med i heimlandet, som at gutar og jenter ser kvarandre i auga når dei snakkar saman, ifølgje avisa.

Ifølgje Michael Stenger, som leiar ei gruppe lærarar som underviser innvandrarar, er det først heilt nyleg at lærarutdanninga omfattar korleis ein skal handtere born med krigstraume.
– Difor kan det vere vanskeleg for ein lærar å forstå kvifor ein elev som tidlegare har gjort det godt på skulen, brått byrjar å slite, seier han til Los Angeles Times.
Monika Steinhauser, leiar for lokalavdelinga til Flyktningrådet, kritiserer styresmaktene for ikkje å ha budd seg på situasjonen som no er oppstått.
– Følgjer dei ikkje med på nyheitene? seier ho til avisa.

Powered by Labrador CMS