Feilinformasjon om klimaendringar
Debatt: Karin Lervang har eit innspel i Utdanning som eg må få lov til å kommentere. Det meste av det som står i dei to siste spaltene er tankar som er viktige å formidle til elevane i skulen.
Overforbruk og sløsing med alle slags ressursar slik dei unge i dag lærer i heimane, er eit dårleg grunnlag for framtida både for folk og land. Det er høgst nødvendig med tankar som får elevane til å reflektere grundig over desse spørsmåla. For meg som i praksis er ein hardbarka miljøaktivist, var det fint å lesa.
Karin Lervang er tydeleg ei fornuftig dame. Men dessverre er ho feilinformert når det gjeld klimaendringar, når ho med å vise til ein artikkel i Klassekampen så upresist skriv ”de viktigste utfordringene vi har nå, er klimaendringene vi står midt oppi”.
Det er det same upresise tøvet som dei meir enn 50 miljøorganisasjonane dagleg fyller tabloidavisene med. Meir presis blir påstanden: Når mengda av karbondioksid ( CO2 ) stig – særleg på grunn av dette utsleppstillegget på 4 prosent frå kol, olje og gass – får me global oppvarming som fører til enorme katastrofar.
Heldigvis er denne påstanden i strid med ei rekkje naturlover. Men det måtte berre gå gale når politikarane på Stortinget i 1992 kunne vedta at livsgassen CO2 var miljøskadeleg og måtte plasserast på lista med giftige gassar i Forureiningslova. Politikarane kan berre ikkje styre naturen med å vedta å snu naturlover til det omvendte, for naturlovene vart no i si tid ikkje vedtekne med votering. Tyngdelova er så lett å forstå at folk flest ville ikkje gå med på det, dersom Stortinget vedtok å setja den ut av kraft. Men det var nettopp det Stortinget gjorde med CO2 i 1992.
Viktige naturlover når det gjeld CO2 -balansen er dei termodynamiske lovene, Henry’s-lov-konstanten som regulerer CO2 -mengda mellom luft og vatn, og Lambert-Beer’s absorpssjonslov. Det siste året har eg skrive innlegg i avisene og referert forskingsresultat med grunnlag i desse naturlovene. Då blir eg straks sett på plass, ikkje berre av professorane ved CICERO (Senter for klimaforsking) og Bjerknes senter for klimaforsking, men også av hjernevaska ungdommar som påstår at alt det eg skriv, er berre sludder. Når ungdom etter 12 års skulegang kallar kunnskap som byggjer på naturlovene for sludder, er det all grunn til å spørja kva dei har lært denne tida, og kva som står i lærebøkene i vår tid om desse spørsmåla.
Direktøren og to av dei fremste forskarane ved CICERO har i avisinnlegg svara meg at temperaturstigninga dei siste 30 åra berre kan forklarast med at CO2 -mengda i lufta har gått opp. Tru det? Har ikkje sola noko å tilføre lenger? La oss gjera ei enkel prøve. Godta at Henrys lov viser at konsentrasjonen av CO2 i vatn er sterkt temperaturavhengig, og regulerer CO2 -mengda mellom luft og vatn. Ta to seltersflasker ut av kjøleskåpet. Når du straks opnar den eine, kjem det berre eit lite puff. Den andre let du stå på bordet i fem timar.
Temperaturen i seltersen stig sakte fordi det er varmare i rommet enn i kjøleskåpet, og CO2 -boblene stig opp. Det er ikkje det omvendte som skjer, at temperaturen stig berre fordi CO2 -boblene stig opp, som professorane ved CICERO vil ha det til. Når du opnar flaska etter fem timar, kjem det eit kraftig puff frå eit sterkare trykk frå CO2-gassen i flaska.
I Den vesle istida, 1600-1850, vart havet sterkt avkjølt. I over 100 år no har det vore varmare, om lag 0,7 grader. Oppvarminga av havet går trått, men det går sakte og sikkert med ein høgare lufttemperatur. Det er 50 gonger så mykje CO2 i havet som i atmosfæren. På same måte som seltersen må havet gje frå seg CO2 til lufta, og det forklarer kanskje det meste av stigninga i CO2 -innhaldet i lufta dei siste 100 åra, stikk i strid med påstanden frå klima-”forskarane” våre.
Det same resultatet får me med å byggje på dei andre naturlovene. Dei termodynamiske lovene seier at det er lufttrykket som gjer at det er 33 grader varmare på jorda enn på ei jord utan atmosfære. Det er ikkje drivhuseffekten som klimaforskarane våre påstår. Jorda er nemleg ikkje noko tett drivhus. Drivhuseffekten skaper ingen ekstra varme. Den absorberte varmen strøymer bort med vind eller konveksjon, det vil seie når lufta blir varma opp, blir ho lettare og stig til vers og leverer til slutt varmen til himmelrommet.
Det er svært skummelt at klimaforskinga i Noreg byggjer på feilaktig grunnlag. På www.met.no kan ein lesa om empirisk nedskalering basert på ”antagelser” som fører til at temperaturen kanskje kan stige med 2 grader til 2050. Kva har det med forsking å gjera? Eit meteorologisk institutt som ikkje greier å melde vêret for ei veke framover, melder global oppvarming i 50 og 100 år framover. Slike prognosar er ikkje truverdige!
Politikarane må snart ta eit større ansvar. Å setja seg politiske mål som at CO2 er miljøskadeleg, og så tilsetja ”forskarar” som skal bevise slike politiske mål, er politikk og forsking på avvegar.
Lærebokforfattarane bør snarast råd rette opp lærebøkene. I tillegg må lærarane på alle steg byggje undervisninga si på naturlovene og ikkje på synsing.