– Kjekt å smaka annan type mat, seier Maria, som går i klasse 3 c. Ho legg til at det var kjedelegare i fjor med matpakke.
– Kjekt å smaka annan type mat, seier Maria, som går i klasse 3 c. Ho legg til at det var kjedelegare i fjor med matpakke.

Heildagsskule med mat og leksefri

Felles skulelunsj, to timar med ekstra undervising kvar veke, leksefri og mange fysiske og kulturelle aktivitetar før skuledagen for elevane i 1. til 4. klasse sluttar kvart over tre.

Publisert

Ein typisk skuledag for 1. til 4. klasse ved Austrheim skole:

Kl. 08.30 – 09.15 Undervising

Kl. 09.15 – 10.00 Undervising

Kl. 10.00 – 10.10 Friminutt

Kl. 10.10 – 10.55 Undervising

Kl. 10.55 – 11.25 Lunsj

Kl. 11.25 – 11.55 Friminutt

Kl. 11.55 – 12.40 Undervising

Kl. 12.40 – 13.25 Undervising og skulelekser

Kl. 13.25 – 13.35 Friminutt

Kl. 13.35 – 14.20 Frukt/fri leik/undervising

Kl. 14.20 – 15.15 Fysisk aktivitet/kultur

– Mest som å vera på hotell, seier fleire av elevane, idet dei balanserer lunsjbrettet sitt mot langbordet.

Klokka er halv elleve. Ei lang rekke med seks- og sjuåringar ved Austrheim skole i Haugesund buktar seg fram mot inngangen til bydelshuset, kor ny skulekantine er innreia. I storsalen er det sett opp anretningsdiskar, ein på kvar langvegg. Her står fargerike salatar, pålegg, brødskiver, mjølk og vatn klar til dagens første skulemåltid. Om lag 100 elevar i 1. og 2. klasse stiller seg i kø med kvart sitt plastglas og tallerken på serveringsbrettet. Etter kvart som køen flyttar seg framover langs koldtbordet, forsyner dei unge seg av ymse salatar, tomat, agurk, ost og skinke etter ønske og til sist brødskiver og drikke.

Jamvel seksåringane, som berre har snaue 14 dagars røynsle med skulegang og kantinemat, ordnar opp sjølve. Lærarar og miljøarbeidarar er likevel ikkje langt unna dersom det skulle bli trong for assistanse.

Gjennom to år skal dette nye tilbodet om heildagsskule prøvast ut ved Austrheim skole, som er ein 1.-7.-skule med 410 elevar. Haugesund kommune har tatt initiativet og løyvd 13 millionar kroner til prøveprosjektet, som har skapt stor entusiasme blant lærarar, elevar og foreldre knytt til skulen. Forskarar vil òg følgja nøye med.

For om lag ti år sidan blei det gjort ymse forsøk med såkalla «helhetlig skoledag» mellom anna i Elverum, Trondheim, Tromsø, Lillestrøm og Oslo. Dei fleste av desse forsøka handla om betre samordning mellom skolefritidsordning (SFO)/ aktivitetsskule og leksehjelp. Nokre skular prøvde seg dessutan med skulemat. Men ingen av forsøka samla alle desse elementa i heildagsskulen, slik dei nå gjer ved Austrheim skole i Haugesund.

– Planen er å tilby varm mat nokre gonger i veka, seier Ewoud Smoolenaars, nytilsett skulekokk på barnetrinnet.
– Planen er å tilby varm mat nokre gonger i veka, seier Ewoud Smoolenaars, nytilsett skulekokk på barnetrinnet.

Eigen skulekokk

Kantinekjøkkenet er også blitt rusta opp til å kunne produsera og servera fullverdig lunsj til 220 elevar kvar dag. Ewoud Smoolenaars er skulekokk i full stilling. Då stillinga blei utlyst, skal det ha vore mange erfarne kokkar som søkte. Med seg på laget har kokken to assistentar denne dagen.

– Eg vil laga sunn og variert mat og samtidig utfordra elevane til å prøva litt nytt, seier Smoolenaars, som har allsidig og lang erfaring som kokk frå ymse restaurantar.

Han seier vidare at menyen vil ha relativt få innslag av kjøt, litt fisk, men meir grønsaker, poteter, pasta, ris og couscous. Under vårt besøk i den nyopna elevkantina var potetsalat med ymse grønsaker ein av hovudrettane.

– Dei første vekene med skulemat legg me vinn på å innarbeida gode rutinar, slik at elevane lærer seg tolmod med å stå i kø. Dei skal forsyna seg sjølv og ikkje minst rydda etter måltidet, seier kantinesjefen.

Han seier vidare at om litt er planen å tilby varm mat nokre gonger i veka, litt oftare om vinteren enn i sommarhalvåret.

For kantinedrifta er det budsjettert med 16 kroner per barn per dag.

– Denne ramma skal me halda oss innanfor, seier Smoolenaars, som i periodar vil halda kurs i matlaging for elevar i aktivitetsbolken i heildagsskulen.

Maiken i klasse 4 c seier at det er gøy å eta lunsj saman med heile klassa rundt bordet.
Maiken i klasse 4 c seier at det er gøy å eta lunsj saman med heile klassa rundt bordet.

Prøver annan mat

Klokka halv tolv kjem ei ny pulje til skulekantina i bydelshuset. Nå er det 3. og 4.-klassingane sin tur. Lydnivået stig dramatisk i matsalen, medan elevane ivrig fyller tallerkenar og glas på serveringsbretta sine.

– Kjekt å smaka annan type mat, seier Maria, som går i klasse 3 c. Ho legg til at det var kjedelegare i fjor med matpakke.

Maiken i klasse 4 c seier at det er gøy å eta lunsj saman med heile klassa rundt bordet. Linus i klasse 4 b er blitt glad i annan mat enn før. Agurk er mest pop hos han for tida.

Anna i klasse i 4 a likar å kunne prata i lunsjen med elevar også frå andre klassar. Men ho legg til at det kan bli litt lenge å venta på lunsjmåltidet, ettersom det nå er usett med ein time i høve til i fjor.

– Det er spennande med noko nytt, det gir ein ny giv ved starten av skuleåret, seier Kristin Sydnes, kontaktlærar for klasse 4 a. Ho legg til at det blir litt styr i starten når grupper skal organiserast for nye aktivitetar og nye rutinar skal innarbeidast. Men i det heile ser dette særs lovande ut, tykkjer ho.

Bydelshuset ein føresetnad

Etter andre bordsete blir matsalen rydda for bord og stolar og oppvasken unnagjort på kjøkkenet. Rektor, inspektørar, lærarar, miljøarbeidarar, assistentar og administrasjonskonsulentar yter alle sitt bidrag i ryddesjauen. Dugnadsånd og entusiasme fyller storsalen i bydelshuset. Rydding og ommøblering må skje kvar dag, ettersom bydelshuset skal kunne nyttast til andre føremål på ettermiddagar og kveldstid.

– Utan tilgang til dette store lokalet i Bleikemyr bydelshus kunne me ikkje ha starta med heildagsskule og felles skulemåltid, seier rektor Stine Helen Mehammer. Ho har ivra for at Austrheim skulle bli plukka ut til dette prøveprosjektet.

Utdeling av frukt står på timeplanen kvar dag saman med fri leik. Henry i klasse 1 a får velja av fruktfatet som Ingunn Grinde held fram.
Utdeling av frukt står på timeplanen kvar dag saman med fri leik. Henry i klasse 1 a får velja av fruktfatet som Ingunn Grinde held fram.

Politisk initiativ

Initiativet kom opphavleg frå Haugesund Arbeidarparti og Kjell Inge Bråtveit, som leiar hovudutval for oppvekst i byen.

– Heildagsskulen, med eit sunt og fullverdig skulemåltid og ikkje minst med ymse fysiske og kulturelle aktivitetar etterpå, er truleg den beste måten å jamne ut forskjellar på mellom barn frå ulike familiar, seier Bråtveit.

Då bystyret handsama framlegget om å løyva pengar til forsøksprosjektet, røysta Høgre, Framstegspartiet og Venstre imot.

– Dette er ikkje rette måten å bruka ein relativt stor sum pengar på frå eit stramt skulebudsjett. Manglande matpakke blant elevar er eit mindre problem og som kan løysast med spesifikke tiltak, seier bystyremedlem Ulrikke Nesheim (H). Ho peikar på mangel på kvalifiserte lærarar, for få vaksne og manglande vedlikehald av skulebygg som nokre av dei store utfordringane i skulen.

Men det blei likevel fleirtal for å løyva 13 millionar kroner til eit toårig prøveprosjekt.

– Midlane blir henta frå kommunen sitt eige budsjett. Men me håpar at dette blir så vellukka og verdifullt at mange andre skular kring i landet tar etter og at statlege løyvingar kan støtta drifta i framtida, seier ordførar Arne-Christian Mohn (Ap).

Fri leik står sentralt i skulekvardagen. Sofie i klasse 1 a svingar huska.
Fri leik står sentralt i skulekvardagen. Sofie i klasse 1 a svingar huska.

Kultur og fysiske leikar

Etter skulemåltidet i bydelshuset sin store sal står ei kasse frukt klar til kvar klasse, som kontaktlæraren ber med seg til klasserommet. Mot slutten av dagen har klassetrinna frå 1. til 4. frukt og fri leik på timeplanen.

Den siste bolken i heildagsskulen, frå klokka 14.20 til 15.15, inneheld tilbod om mange nye aktivitetar. Irene Wiik, som koordinerer dette, fortel at i løpet av ei veke skal kvar klasse innom fem ulike aktivitetar. Dei same aktivitetane står på planen i seks veker før dei blir skifta ut med nye.

– For å kunne planleggja nye aktivitetstilbod framover sender eg ut påmeldingsskjema til alle tilsette ved skulen og oppmodar dei til å forma ut og leia nye aktivitetar i samsvar med interesser og kvalifikasjonar, seier Wiik.

Rektor Mehammer peikar på at kvart aktivitetstilbod i heildagsskulen skal vera godt organisert og grundig planlagt og dertil bli leia av kvalifiserte fagpersonar, anten av skulen sine eigne krefter eller folk utanfrå.

– Rettesnora er at om lag halvparten av aktivitetane skal vera fysiske og andre halvparten innanfor kultur. Me håpar etter kvart å kunne dra vekslar på resurspersonar i nærmiljøet, frå kulturskulen og frå frivillige lag og organisasjonar, seier rektor.

Leik med læring

Då me besøkte skulen, var elevane i den siste ettermiddagstimen opptekne med legobygging i teknolab, papirklipping for å laga fritthengjande uro, hinderløype og ein variant av boccia, medan andre gjekk inn i rolla som miljødetektivar.

Austrheim skole er ein såkalla paviljongskule der kvart klassetrinn held til i kvar si bygning. Skulen har relativt stort og variert uteområde med små skogholt mellom bygningane, romslege leikeplassar og banar for ballspel.

– Her ligg godt til rette for mange typar fysiske aktivitetar. I aktivitetane kan det bakast inn læring i fleire teoretiske fag, seier lærar Morten Davidsen Moss.

Han er ein av entusiastane og pådrivarane for heildagsskulen og har nå ansvaret for å finna høvelege leikar; aktivitetar som fungerer til bruk i den fysiske delen om ettermiddagen.

– Det ein høyrer, er lett å gløyma, og det ein ser, blir hugsa, men når ein gjer det i praksis, forstår ein kva det handlar om. Det kan dokumenterast at gjennom fysisk aktivitet får elevane betre konsentrasjon, betre husk, betre oppførsel i klasserommet og betre mental helse, seier Moss.

Som døme på leikar i heildagsskulen som samtidig gir aktiv læring, nemner Davidsen konkurransar, gjerne som stafettar, kor deltakarane skal knyta ord til rett bilde og bokstavar på ballar som skal setjast saman til ord.

Til tekno-labben er det kjøpt inn lego-byggjesett av ulik vanskegrad. Her er Herman i klasse 2 a i djup konsentrasjon.
Til tekno-labben er det kjøpt inn lego-byggjesett av ulik vanskegrad. Her er Herman i klasse 2 a i djup konsentrasjon.

– Foreldra positive og støttande

Brynjar Aardal, som har vore leiar i Foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) dei siste to åra, seier at foreldra jamt over har vore positive og støttande frå første dag i prosessen. Aardal, som sjølv har barn i 2. og 4. klasse, peikar på dei mange fordelane med heildagsskulen:

– Leksearbeid blir integrert i skulekvardagen. Dermed får barna ein tilsvarande arbeidsdag som foreldra og kan ta meir eller mindre fri når dei kjem heim. Men me prøver å følgja opp med lesetrening heime, seier han.

Han legg til at barna snakkar òg svært positivt om skuledagen, mellom anna at dei får høve til å treffa barn frå andre klassar under skulemåltidet.

– Som foreldre ser me det som særs positivt at skuledagen blir broten opp med fleire fysiske aktivitetar, seier Aardal.

– Blir det ikkje lenge for ein førsteklassing å vera på skulen kvar dag fram til klokka 15.15?

– For elevar som har nytta skolefritidsordning, var det like lang dag på skulen. Men for dei andre kan dette vera ein overgang.

I dei siste åra har mellom 140 og 150 barn nytta SFO-tilbodet. SFO-leiar Bjørg Raknes Nordahl opplyser at nå er det berre 20 elevar som nyttar SFO om morgonen frå klokka 07 til 0830 og 15 elevar om ettermiddagen fram til klokka 16.30.

Leiinga ved Austrheim skule: rektor Stine Helen Mehammer midt mellom dei to inspektørane, Eirik Falch, til venstre, og Petter Aas.
Leiinga ved Austrheim skule: rektor Stine Helen Mehammer midt mellom dei to inspektørane, Eirik Falch, til venstre, og Petter Aas.

Pedagogar og forsking

Ifølgje rektor Mehammer er staben utvida med ein pedagog og to nye miljøarbeidarar. Lars Rydland, som er tillitsvald for Utdanningsforbundet, seier at for mange av lærarane tyder heildagsskulen litt meir bunden arbeidstid og annan periodisering av arbeidstida. Rydland skal sjølv i ein seks vekers periode mellom klokka 14.20 og 15.15 leia ein volleyballaktivitet i heildagsskulen.

– Då leiinga kom med forslaget om at skulen skulle ta på seg prøveprosjektet, var det ein del skepsis blant dei tilsette om kva dette ville tyda i praksis. Men etter ein drøftingsprosess gjekk me inn for dette, seier Rydland.

Han ser nå fram til at skulen skal byggjast på, slik at lærarane får betre arbeidsrom.

Astrid Meling Kleppe, som er rådgivar ved skulekontoret i Haugesund, skal frå september inn i stilling som stipendiat under Forskingsrådet si ordning, «Offentlig Ph.d.» og forske på i første rekkje dei pedagogiske konsekvensane av heildagsskulen.

– Forsking på heildagsskulen vil vera av stor verdi for kunnskapsutviklinga i skulen, seier Kleppe.

Forskinga skal skje i samarbeid mellom Haugesund kommune og Høgskulen på Vestlandet (HVL) med støtte frå Forskingsrådet. HVL planlegg fleire forskingsprosjekt knytt til heildagsskulen. Konsekvensar av skulemåltid blir truleg tema for eit eige prosjekt.

Powered by Labrador CMS