Ny rammeplan krev meir av barnehagane

Dei tilsette i barnehagane skal jobbe meir med språk, og dei minste barna skal få større merksemd, er noko av innhaldet i det den nye rammeplanen for barnehage som statsråden presenterer måndag.

Kommande måndag legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ein ny rammeplan for barnehagane, og det er varsla at den skal komme med fleire krav til dei tilsette i barnehagane. «Barnehagen skal blant anna bli betre til å jobbe med språk, mangfald, måltider og dei minste barna», heiter det i ei pressemelding frå departementet.

Kunnskapsministeren ynskjer å vise foreldre kva dei kan vente av barnehagen.