Udir-direktør Per Kristian Larsen-Evjen.

Udir-direktør etter eksamensfeilen:
– Eg vil be om orsaking til alle som har eit bankande hjarte for nynorsk

– Det er mitt ansvar. Slike feil skal ikkje skje, seier Udir-direktør Per Kristian Larsen-Evjen etter eksamensblemma.

Publisert Sist oppdatert

– Eg vil gjerne be om orsaking til elevar og lærarar. Og til alle dei som har eit bankande hjarte for norskfaget og for nynorsk som skriftspråk, seier Per Kristian Larsen-Evjen.

Avdelingsdirektøren i Utdanningsdirektoratet (Udir) er prega av alvor når han pratar med Utdanningsnytt måndag morgon. I helga kom nyheita om at direktoratet hadde laga eksamensoppgåver i nynorsk med fleire skrivefeil.

Utdanningsdirektoratet hadde mellom anna skrive "forrige" i staden for "førre", "ein oppgave" i staden for "ei oppgåve", og "dei vedlaga tekstane". Feilen blei oppdaga då lærarar melde ifrå til Udir etter eksamen.

– Eg blei rett og slett lei meg, seier Larsen-Evjen om kva han tenkte då.

– Vi tar kritikken som har kome på høgste alvor. Eg er lei meg for at lærarar og elevar opplevde dette. Det har vore ein svikt i våre rutinar.

Lagt til seinare

Larsen-Evjen har forklart korleis eksamensoppgåver blir til fleire gonger dei siste dagane, men vi ber han gjenta det igjen.

– Første del av arbeidet blir gjort i fagnemndene. Her sit lærarar som underviser i faget. Dei lagar eit sett med forslag til eksamensoppgåver. I norsknemnda sit det både lærarar med nynorsk og bokmål som sitt skriftspråk. Og dei har ikkje gjort noko feil i denne saka, seier han.

– Deretter går konsulentar gjennom oppgåvene. Dei kommenterer på både innhald og språk. Og dei har heller ikkje gjort nokon feil her. Så koplar vi på våre eksterne språkvaskarar og omsetjarar. Vi har ulike aktørar avhengig av kva for språk det gjeld. Til slutt er det dei interne fagressursane i Udir som kvalitetssikrar oppgåvene.

– Betyr det at feilen med nynorskeksamen har skjedd på eit av dei siste to nivåa?

– Feilen skuldast at det har vore ein svikt i våre rutinar. Og det er ikkje blitt tilstrekkeleg kvalitetssjekka. Det er menneskeleg å gjera feil. Men ansvaret er mitt, seier Larsen-Evjen.

– Kan det rett og slett vere for mange involverte, slik at ingen eigentleg har ansvaret?

– Nei, ansvaret er som sagt mitt. Vi lagar 1500 eksamenar kvart år. Det er umogleg å unngå at det skjer feil. Men når det skjer, brukar vi mykje tid på å rydde opp og sørgje for at same feil ikkje skjer igjen.

Skal ikkje gå ut over elevane

Då skrivefeila vart avdekka, hagla kritikken. NRK prata med fortvila norsklærarar. Til Utdanningsnytt sa nestleiar i Utdanningsforbundet, Thom Jambak, at Udir sender eit svært dårleg signal om korleis dei handterer nynorsk som likestilt skriftspråk.

– Det er nettopp derfor vi vil vere så tydelege på at vi beklagar. Denne typen feil burde både elevar og lærarar sleppe å forholde seg til, seier Larsen-Evjen.

– Jambak peikar også på at dette set sensorane i ein vanskeleg situasjon. Korleis skal dei forholde seg til elevsvar med dei same feila som oppgåveteksten?

– Vi vil ta omsyn til dette i sensuren. Det vil ikkje gå ut over kandidatane.

Også i fjor fekk direktoratet eksamenskritikk. Under norskeksamen svikta teknikken og til engelskeksamen fekk elevane eit dikt skrive av ein fiktiv forfattar. Diktet var det fagnemnda sjølv som hadde laga.

– Nokre har hevda at Udir ikkje kan ha ansvaret for eksamen på grunn av desse feila?

– Eksamen er Noregs største årlege arrangement ved sida av 17. mai. Vi har 280.000 kandidatar, 800 sentralt gitte eksamenar, og alle forvaltningsnivåa er involvert. Så lenge eksamensordninga er så kompleks, vil det skje feil. Men vi jobbar hardt for å unngå dei og for å rydde opp når det diverre skjer.

– Det er framleis nokre eksamenar som står att. Kryssar du fingrane no?

– Eg har lite tru på å krysse fingrane, men derimot å jobbe med risiko og tett oppfølging av uønskte hendingar. Det skal vi fortsette å gjere.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS