Thom Jambak, nestleder i Utdanningsforbundet.

Reagerer på feil på nynorskeksamen: – Udir sender eit svært dårleg signal

Lærarar reagerer etter fleire feil på årets eksamen i norsk sidemål. – Rett og slett for dårleg, meiner nestleiar i UDF, Thom Jambak.

Publisert

Etter eksamen i norsk sidemål førre veke har debatten gått i sosiale medium blant lærarar.

Grunnen er at eksamen inneheldt fleire skrivefeil. Utdanningsdirektoratet hadde mellom anna skrive "forrige" i staden for "førre", "ein oppgave" i staden for "ei oppgåve", og "dei vedlaga tekstane". 

NRK har snakka med norsklærar Kristin Brattetaule Manger. Ho er oppgitt over at det ofte er feil i eksamensoppgåvene og har eit råd til Udir:

– Heilskapen er god, men dei snublar litt når dei ikkje slår opp i ordboka. Ein time løn til ein norsklærar som kunne gått gjennom, så hadde dei spart seg for mange pinlege situasjonar, meiner ho.

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Thom Jambak, er også opprørt.

– Dette er rett og slett altfor dårleg. Utdanningsdirektoratet må forstå at dei sender eit svært dårleg signal om korleis dei handterer nynorsk som likestilt skriftspråk, og eit dårleg signal om haldninga til rettskriving generelt, seier Jambak.

– Det gjer det ikkje lett for norsklærarar når det øvste organet har slik lemfeldig haldning til språket. Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for at språket i eksamensoppgåvene er korrekt og i tråd med skriftspråksnorm og rettskrivingsreglar. Det er heilt grunnleggande.

– Held ikkje

Jambak har sjølv undervist i norsk i vidaregåande skule. Han meiner Udir med denne eksamensoppgåva set sensorane i ein svært vanskeleg situasjon.

– Korleis skal dei forhalde seg til oppgåvene som har dei same feila som direktoratet har gjort? Nei, eg blir oppgitt, seier han.

Udir seier til NRK at dei beklagar feila. Avdelingsdirektør Per Kristian Larsen-Evjen fortel at eksamensoppgåvene blir laga av lærarar som underviser i faget, fagansvarlege i direktoratet gjennomfører ei kvalitetssikring og omsetjarar gjer ei språkvask av oppgåvene og vedlegga.

– Vi lagar om lag 1500 eksamenar i år. Vi ønskjer sjølvsagt at desse er av så god kvalitet som mogleg, men av og til kan det skje feil, seier Larsen-Evjen.

Den unnskyldninga når ikkje heilt heim hos UDFs Thom Jambak.

– Det er bra at dei beklagar, men «at det av og til kan skje feil», det held ikkje. Slike feil må ikkje skje, punktum, seier han.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS