Åse Wetås under webinaret der Nynorsksenterets rapport ble presentert.
Åse Wetås under webinaret der Nynorsksenterets rapport ble presentert.

Nynorsk står svakt i lærarutdanningane

Mange lærarstudentar kan fullføre studia utan å bli vurderte i nynorsk, viser ny undersøking.

Publisert Sist oppdatert

Det er Nynorsksenteret som har skrive rapporten på oppdrag frå Språkrådet. 

Målet for undersøkinga var å finne ut korleis lærarutdanningane dokumenterer og sikrar nynorskkompetanse hjå studentane. Grunnlaget for granskinga er studieplanar og emneplanar, som inneheld informasjon om kva for språk studentane skal bruka i studiet, både i obligatoriske læringsaktivitetar og til eksamen.

Blant hovudfunna i rapporten er at lærarstudentar med norsk i fagkrinsen, uavhengig av kva utdanning dei tek, får nynorskkompetansen sin vurdert gjennom arbeidskrav eller eksamen på fleire tidspunkt gjennom utdanninga si. Lærarstudentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, uavhengig av kva for utdanning dei tek, får derimot ikkje vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med svært få unntak.

Rapporten vart presentert på nettseminaret «Små krav, store skilnader», som Språkrådet arrangerte i samarbeid med Oslo Met.

Fleire lærarstudentar skriv aldri nynorsk i studietida

Hovedfunn i rapporten

  • Lærarstudentar med norsk i fagkrinsen får generelt nynorskkompetansen sin vurdert gjennom arbeidskrav eller eksamen på fleire tidspunkt gjennom utdanninga.
  • Lærarstudentar som ikkje har norsk i fagkrinsen, får ikkje vurdert nynorskkompetansen sin gjennom utdanninga si, med nokre svært få unntak.
  • Alle dei tolv utdanningsinstitusjonane som tilbyr GLU 1-7, dokumenterer at studentane skal bli vurderte i både bokmål og nynorsk.
  • Ved dei tolv institusjonane som tilbyr GLU 5-10, er det stort sett berre for studentar med norsk i fagkrinsen at det er krav til at dei skal skriva på både bokmål og nynorsk. Berre fire av dei tolv institusjonane krev at studentar utan norsk i fagkrinsen blir vurderte i nynorsk i arbeidskrav eller til eksamen.
  • Nynorsk- og bokmålskompetansen blir sjeldan vurdert på lik linje. Dei fleste stadene blir nynorskkompetansen testa ved heimeeksamen (utan tilsyn), medan bokmålskompetansen blir testa ved skuleeksamenar (med tilsyn).
  • Over halvparten av lærarstudentane som vart uteksaminerte i 2022, tok PPU eller femårig lektorutdanning. Av disse blir berre studentar som tek lektorutdanning med norskfaglege emne, og studentar som tek PPU med norsk i botnen, vurderte i norsk (bokmål og nynorsk).

Kjelde: Rapport om norsk i lærarutdanningane

Ida Marie Jegteberg, stipendiat ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, har vore leiar for undersøkinga. 

– Ifølgje emneplanane vi har undersøkt, må ikkje studentane som tek praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og lektorutdanning i andre fag enn norsk, skrive på nynorsk på noko tidspunkt gjennom utdanninga si, uttalte Jegteberg.

Språkdirektør Åse Wetås minna om det språkpolitiske ansvaret som Kunnskapsdepartementet sitter med.

– Språklova gjev det offentlege eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som er det minst brukte av dei to norske skriftspråka. Opplæringssektoren står i ei særstilling i arbeidet med å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde.

 Les «Rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane» [pdf, 600 kB]

Noregs Mållag: Alvorleg situasjon

Dersom utdanningsinstitusjonane i det heile testar nynorskkompetansen til studentane, gjer dei det i hovudsak ved heimeeksamen, viser undersøkinga. 

Det er altså ein testsituasjon utan tilsyn. Bokmålskompetansen, derimot, blir testa ved skuleeksamen.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, uttalar til Utdanningsnytt at undersøkinga stadfestar det mållaget har vore opptekne av lenge: Det finst ikkje eit godt nok system for å sikre at alle framtidige lærarar er kompetente til å undervise i og på nynorsk.

– Det er alvorleg. Det må vere klare krav til kva skriftleg dugleik studentane skal gå ut av utdanninga med og nynorskkompetansen må kome fram på vitnemålet, seier Lofnes Hauge. 

– For å bli trygg språkbrukar, må ein bli eksponert for språket, og då er det viktig at alle lærarar, uavhengig av undervisningsfag, har den kompetansen som krevst. Det er på tide at styresmaktene og institusjonane sjølve set seg ned og finn ut korleis vi kan sikre dette raskt, avsluttar leiaren for Noregs Mållag.

 

Powered by Labrador CMS