Ill.foto: Inger Stenvoll
Nynorsk i Utdanningsforbundet
Debatt: Det burde vere sjølvsagt at alt materiell alltid kjem på begge målformene.
Utdanningsforbundet
sitt verdigrunnlag seier at vi skal arbeide for ei god, likeverdig og
inkluderande utdanning for alle. Difor overraskar det meg stort at ikkje alle
dokument, materiell, filmar og kampanjar også føreligg på nynorsk. Heilt sidan 1885 har nynorsk og bokmål
vore jamstilte målformer i Noreg. No har vi kome til 2023! Dette er
ikkje godt nok!
I Vestland fylke har vi 43 kommunar. 41 av dei har nynorsk som
tenestespråk. 25 prosent av Noregs kommunar har nynorsk som skriftspråk. Det burde vere sjølvsagt at Utdanningsforbundet nyttar nynorsk på
lik linje som bokmål.
Fleire gonger har Utdanningsforbundet kome med filmar og
kampanjemateriell som lokallaga skal nytte ut mot medlemmane sine, på sosiale
media og til media generelt. Like mange gonger har vi venta på at dei same
filmane og kampanjemateriellet skulle kome på nynorsk, mange gonger venta vi
forgjeves. Fleire slagord kom berre på bokmål. Det er ikkje greitt at vi må
bruke mykje unødig tid på å omsette desse til nynorsk sjølv.
Nynorsken er
demokratisk, av di han byggjer på talemålet frå alle delane av landet.
Utdanningsforbundet er ein inkluderande og demokratisk organisasjon, og difor
meiner Utdanningsforbundet Øygarden om
at det burde vere sjølvsagt at alt materiell alltid kjem på begge målformene.