Skrivestøtta som blir snublestein

Debatt: Diskusjonen går varmt om skulen sin bruk av digitale verktøy. I grunnskulen er det over 73 000 elevar som kjem dårlegare ut enn andre. Barna mine er blant desse.

Publisert Sist oppdatert

Dotter mi på 5. trinn har nynorsk som hovudmål og 39 av 40 rette på skulen si diktatprøve. Dei nynorske tekstane ho skriv for hand, har godt språk og få skrivefeil i høve kva vi forventar av ein elev på dette trinnet. Då ho starta på 5. trinn, gav skulen henne Chromebook, ei enkel og rimeleg datamaskin som er kjøpt inn av svært mange skular i Noreg.

Google samarbeider med produsentane for å halde Chromebook-einingane rimelege, og dei gir tilgang til tusenvis av gratis appar. Ein av desse appane er Google Classroom, ei gratis læringsplattform med skriveverktøyet Google documents, utstyrt med det dei kallar nynorsk skrivestøtte.

Her ein dag sat dotter mi og skreiv på ein skuletekst i eit Google-dokument. Teksten var full av bokmålsord som «ikke», «hørte» og «trodde», ord som ikkje gav meining i samanhengen og bøyingar som ikkje var i tråd med nynorsk språkføring. Ho heldt fram med å skrive på teksten sin. Kvar gong det kom ein raud strek under eit ord, bytte ho lynkjapt om til alternativet som vart føreslått frå skrivestøtta i programmet. Desse raske rettingane gjorde ho heilt utan å reflektere over om alternativet ho valde, vart rett eller passa inn i samanhengen.

Vi sjekka dei språklege innstillingane i programmet. Norsk (nynorsk). Vi prøvde nokre nynorske ord som «ikkje», «eg», «heil» og «veit». Vi fekk raud strek under fleire av orda. Før eg visste ordet av det, hadde ho brukt musa og «retta» orda. Då eg konfronterte henne med at dette er ein lite eigna strategi dersom ein vil skrive tekstar med godt språk, var svaret eg fekk: «Mamma, alle i klassen gjer det på denne måten. Er det raud strek under ordet, er det feil.» Jenta var lite innstilt på å lytte til korrigeringane mine. Rettingane i skriveprogrammet trumfa hennar eigne kunnskapar og råda frå meg.

Eg sende ein e-post til læraren om den inkonsekvente, ubrukelege stavekontrollen i programmet og den lite eigna skrivestrategien til dotter mi. Læraren fortalde då at lærarane ikkje heilt veit korleis ein skal løyse denne utfordringa. Skal dei skru av skrivestøtta, eller skal dei be elevane sjå vekk frå rettingane i skriveprogrammet? Eg stiller spørsmålet: Vil då nynorskelevane få ei skriveopplæring som er likeverdig med den bokmålselevane får?

Ifølgje føremålsparagrafane i forslaget til ny opplæringslov skal lova leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får ei god og likeverdig opplæring. Elevane skal utvikle kunnskapar og dugleikar som gjer at dei kan meistre liva sine. Elevane skal møtast med respekt og få utfordringar som fremjar danning og lærelyst, og alle former for diskriminering skal motarbeidast.

Les også: Det heiter ikkje eg – no lenger

Slik det er i dag, får ikkje elevar med nynorsk som hovudmål ei skriveopplæring som er like god som den elevar med bokmål som hovudmål får. Berre i grunnskulen gjeld dette over 73 000 elevar. I tillegg kjem nynorskelevane i vidaregåande skule. Regjeringa og Tonje Brenna har no høve til å rette opp i dette problemet ved å stille tydelege krav i den nye opplæringslova: Elevane må få ein lovfesta rett til skriveprogram med tilfredsstillande skrivestøtte på hovudmålet sitt. Dersom dette ikkje blir eit krav i den nye opplæringslova som snart blir vedteken, bryt lova med sin eigen føremålsparagraf.

Powered by Labrador CMS