Truleg er det eit skilje mellom realistar og språkfolk framleis, skriv forfattaren av dette innlegget. Illustrasjon: Utdanning

Karakterar ved opptak til lærarutdanning

Ein kan undra seg over kva det er med matematikkfaget som skaper problem i grunnopplæringa og som nøkkel til vidare «suksess».

Som filolog og tidlegare lærar både i ungdomsskulen og vidaregåande skule frå den tid då ein skilde mellom realistar og filologar når det galt undervisning, lurer eg på kvifor ein må ha 4. i matematikk for å studera språk.

Truleg er det eit skilje mellom realistar og språkfolk framleis. Skuleverket vil gå glipp av mange gode filologar dersom matematikkarakteren er nøkkelen til lærarutdanninga. Ein trenar ikkje høgdehopp for å verta god i symjing. Meir fagutdanning på spesifikke felt skaper lærarar med kunnskap og engasjement. Det gjeld på alle nivå i skulesystemet.

Powered by Labrador CMS