Stor mangel på barnehagelærarar i Sverige

Barnehagelærarar er den yrkesgruppa det er størst mangel på i Sverige.

Dagens Nyheter viser til ein rapport frå den svenske arbeidsformidlinga som blir presentert i dag.

Mangelen på spesialpedagogar er nesten like stor.

- På ein skala frå ein til fem ligg mangelen på både barnehagelærarar og spesialpedagogar på fem, seier arbeidsmarknadsanalytiker Annelie Almérus.

Johanna Jaara Åstrand frå Lärarförbundets seier at i barnehagar som alt har fleire barnehagelærarar er det relativt lett å få fleire. Men er det alt få barnehagelærarar i barnehagen, søkjer ikkje barnehagelærarar på jobbjakt seg dit.

Powered by Labrador CMS