Den låge lønna gjer det vanskeleg å rekruttera universitets- og høgskolelektorar med erfaring frå praksisfeltet

Debatt: Du vil ikkje lære sveising av ein som ikkje har sveist på 20 år. Lærarstudentar derimot, kan gjerne bli undervist om kva som ventar dei, av folk som faktisk ikkje veit kva som ventar dei.

Publisert Sist oppdatert

Lærarutdanningane er fulle av kompetente, engasjerte og dyktige pedagogar og fagfolk, men likevel er det nokon det er for få av: røystene frå praksisfeltet. Ein treng ikkje å evidensbasere det som er heilt innlysande, lønna er for dårleg!

Ein som er lektor i skulen kan lett matche det som ein med førstekompetanse (doktorgrad) har i lønn, og ein som går frå lektorstilling i grunnskule eller vidaregåande, må rekne med eit lønsfall på mellom 100.000 og 130.000 kroner, om vedkommande har full ansiennitet i skulen.

Å være universitets- eller høgskolelektor er dermed eit økonomisk tapsprosjekt. Det gjer sitt til at lærarutdanningane har for lav rekruttering av folk som veit kva som venter studentane i skolen.

Det betyr ikkje at lektorane som er der gjer ein dårleg jobb, tvert om, dei gjer ein svært god jobb, men det er for få av dei, og dei får ikkje betalt for jobben dei gjer.

Les også: «Da jeg leste om lønn i stillingsbeskrivelsen, falt interessen betraktelig»

Universitet- og høgskular har òg krav til kompetanse blant sine tilsette, og då er rett og slett ikkje undervisingserfaring frå det skuleslaget ein skal utdanne lærarar til, det som gjev mest stjerner i Nokut-boka, for å seie det på den måten. Nokut (Nasjonalt Organ for Kvalitet i Utviklinga) har høge ambisjonar for lærestadane sin mengd av doktorgradar, men ingen ambisjonar for undervisarar med skuleerfaring. Det kan vere på sin plass å krevje at Nokut fornyar si kvalitetsforståing.

I lærarrollerapporten frå 2016 vart det òg understreka kor viktig det er med band frå praksisfeltet til lærarutdanningane. Å ha lærarar med brei praksiserfaring som tar steget inn i lærarutdanningane vil kunne styrke studentane sitt kunnskapsgrunnlag på mange måtar.

Å møte lærarar som kjenner moglegheitene, krava, tidspresset, møtekulturen, maktstrukturane og rammene i skolen vil utan tvil styrke studentane si innføring i yrket. Å kunne undervise i lærarutdanningane ville i tillegg til å styrke innhaldet i lærarutdanninga òg tilføre ein tiltrengt og reell karriereveg til læraryrket.

Lærarutdanningane ville med et styrka band til praksis fått styrka sin legitimitet når studentane faktisk møter undervisarar med eigne røter i klasserommet.

I dag ser det ut som det er viktigaste å produsere doktorgrader som kan bli professorar som kan rettleie andre til å få doktorgrad, enn å få dei beste undervisarane til dei som skal bli lærarar for borna og barneborna våre. Vi har og eit styrka fokus på utviklingsarbeid der lærarutdanningane vil styrke banda sine til praksisfeltet, og lektorar som kjenner skulen godt, vil kanskje bli det manglande mellomleddet vi er ute etter for å få fart på dette området.

Det er fleire moment som må endrast for å styrke de viktige lektorandelen i lærarutdanningane.

  • Nokut, som er godkjennings- og kontrollorgan for høgare utdanning må få endra kart for sitt oppdrag. Det må verte vedteke politisk at lærarutdanningane skal ha eit visst tal undervisarar med skuleerfaring, ut frå størrelse på utdanningstilbodet.
  • Lønssystemet må endrast, slik at ein lektor får minst lektorløn slik den er i skulen, også i undervisningsstillingar på universitet- og høgskulenivå. Lokal lønsdanning gjer at lærarutdaningane går glipp av tusenvis av høgkompetente undervisarar.
  • Universitets- og høgskulesystemet bør difor få sentrale lønsdanning i langt større grad, òg for dei med førstekompetanse, som har altfor låg løn slik som det er i dag. Snittløna for prosessorar er ein vits, særleg for dei fagområda politikarane er for lite skulerte til å sjå verdien av.

Utdanningsforbundet er store på kommune, men i stat har vi ikkje hatt nok folk på «kjøttvekta» til å definere retning, heller ikkje i vår eigen moderorganisasjon Unio. Unio bør difor stikke fingeren i den jorda som lærarane dagleg både pløyer, planter, vatnar og sår, og arbeide for sentral lønnsdanning og eit heilheitleg lønnssystem som gjer det mogleg for lektorar å arbeide i akademia.

Lønssystemet i grunnskole, vidaregåande, universitet og høgskole må sjåast i samanheng. Lokal lønsdanning er uproduktivt og hindrar rekruttering av gode undervisarar med brei og lang erfaring. Lærarstudentar blir ofte undervist om kva som ventar dei i praksisfeltet av folk som sjølv har sitte på skulebenken samanhengande i tjue år.

No må snart dei hardtarbeidande lektorane vi har i universitet- og høgskule få meir pengar og fleire kollegaer som seg sjølve, før dei resignerer og går tilbake til skulen. Det er det som ofte skjer. Det er difor på høg tid å tenke nytt.

I neste omgang er det naudsynt å sjå på dei andre i akademia. Ein førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen tener i snitt mindre enn ein gjennomsnittleg lektor i bergensskulen.

Og endå er det nokon som har trua på at lokal lønsdanning er svaret på alt. Til desse vil vi seie følgjande: jorda er heller ikkje flat, og det er inga kopling mellom covid og utbygging av 5G-nettet.

Powered by Labrador CMS