I Eksingedalen er det fleire dyr enn folk. Det blir det god forsking av.

I meir enn eitt år arbeidde elevane på 5. til 7. årstrinn med ull som berekraftig materiale. Vemund Bergo og Elias Bergo viser fram ull frå ulike sauerasar.

Ein av landets minste skular har fleire år på rad vunne heider og ære og jamvel litt pengar med, i den landsomfattande Nysgjerrigper-konkurransen.

Publisert Sist oppdatert

– Eksingedalen skule, som er ein kombinert barne- og ungdomskule, har ti elevar og like mange undrande, unge forskarar. Tema for forskingsarbeidet har dei henta frå nærmiljøet. Det eine året følgde dei utviklinga til eit lam frå tida før fødsel fram til det hamna på slakteriet. I det førebels siste prosjektet har dei undersøkt berekraft i vid forstand for saueull nytta som materiale i klede og i teppe.

To prosjekt førte dei til andreplass i den nasjonale Nysgjerrigper-tevlinga, og i 2020 blei det bronse.

– Prosjektarbeid på tvers av fag og der elevar på ulike årstrinn samarbeider, høver særs godt for ein liten skule som vår, seier rektor Liv Anne Bergo.

Under arbeidet med ull som berekraftig materiale blei undervisinga mest mogeleg praktisk og verkeleg-heitsnær når elevane kunne besøkja dyra i fjøset til rektor Liv Anne Bergo.

Fleire dyr enn folk

Det nær fem mil lange dalføret i Vaksdal kommune i Nordhordland har berre vel 160 fastbuande. Men som elevane har skrive i forskingsrapporten om ull: «I Eksingedalen er det meir dyr enn folk. Her er kyr, men aller flest sauar, som beitar i fjella våre. Sauane beitar også på bakkane rundt skulen om våren og om hausten.»

Jordbruk er framleis den viktigaste nærings­vegen i dalen. Om lag halvparten av elevane kjem frå gard med husdyrhald. Dessutan driv rektor Liv Anne Bergo og ektemannen Sveinung Tyssen Bergo gard med sauehald nokre få hundre meter frå skulen.

– Me tar utgangspunkt i det lokale og det kjente og finn der spørsmål og problemstillingar som borna kan undra seg over og grava vidare i, seier ho.

Akademisk metode Liv Anne tar ofte elevar med til sauefjøset. I arbeidet med prosjektet der elevane følgde livet til eit lam, blei lammet sett på vekta ein gong i veka. Dei empiriske data blei systematisk bearbeida for å kunne syna utviklinga til lammet.

I biblioteket har elevar frå 5. til 7. klasse laga ei lita utstilling som viser kva dei gjorde og kva dei fann fram til i arbeidet med saueull. På bordet ligg ein særs fyldig rapport på meir enn 80 sider i tekst og bilde. God fotokvalitet blei sikra etter innkjøp av nytt kamera for prispengar skulen vann i førre Nysgjerrigper-tevling.

I samsvar med akademisk metode for forsking og tilhøyrande rapportskriving inneheld heftet på bordet ei beskriving av målet med forskinga. Hypotesar blei sette opp, og feltarbeidet med innsamling av observasjonar og målingar er grundig loggført og omtalt.

– Elevane har skrive, medan eg har redigert og sett saman rapporten, seier Liv Anne Bergo.

Huver av ulikt materiale blei hausten 2018 gravd ned i jorda for å sjå kva materiale som blei brote ned raskast. Frå venstre Elias og Silje.

Studerte nedgravne luer

Etter eitt år i jorda var det lite igjen av både ullhuva og bomullshuva.

Gjennom meir enn eit kalenderår arbeidde skulen med ull som berekraftig materiale. Elias Bergo som går på 7. årstrinnet, fortel levande om prosjektet, der dei mellom anna grov ned i jorda fleire huver. Huvene var av ymse materiale, nokre av saueull, andre av bomull og ei tredje gruppe var laga av kunststoff som acryl. Føremålet var å sjå kor raskt ulike material let seg bryta ned i jorda.

I sommarhalvåret blei huvene gravde opp kvar veke for at dei unge forskarane skulle følgja med på utviklinga. I vinterhalvåret låg huvene urørde i jorda i fleire månader. Men då varmen kom tilbake, viste observasjonane at nedbrytinga gjekk raskt, først for ullhuvene, litt tregare for bomulls-huvene, medan huvene av fleece-materiale var like gode som nye etter litt vask. Konklusjonen var klar: Saueull er eit materiale som let seg bryta ned i naturen.

Ullfibrane blei studerte under mikroskopet.

I prosjektet gjekk dei vidare med gransking av andre eigenskapar for ull og konkurrerande materiale. Elevane gjorde forsøk med kor brennbare materiala kan vera. Testane, som gjekk føre seg utandørs, synte at fleece-huva brann opp raskt, bomullshuva brann seinare, medan saueull brann tregast. Gruppa fann ut at ulltepper jamvel kan nyttast til å kvela branntilløp med.

Elias fortel om besøk prosjektgruppa gjorde hos bedrifter som nyttar ull til produksjon av moderne klede.

- Me vitja Hillesvåg Ullvarefabrikk, kor dei berre nyttar kortreist norsk saueull som råstoff. Dale of Norway i Dalekvam nyttar òg ull frå norske sauer, men i tillegg importerer dei ein stor del av råmaterialet, fortel han.

I prosjektet såg dei òg på berekraft og rettferdig handel for dei ulke materiala i vidare tyding. Dei lærte om bruken av plantevernmiddel i bomullsdyrking, barnearbeid i produksjonen av klede og bruken av ikkje-fornybare materiale i klesplagg. Transportavstand i heile framstillingsprosessen mellom produsent og forbrukar blei også studert.

Som illustrasjonar i presentasjonen laga Vemund Bergo eigne teikningar frå ulike fasar i sauen sitt liv.

Tilrådde lærar å droppe fleece

Forskingsarbeidet munna også ut i konkrete og praktiske resultat. Etter forsøket som synte kor brennfarlege dei ulike stoffa er, kunne elevane gi råd til ein av lærarane som venta baby om at ho ikkje burde kle den nyfødde i fleece.

Leiaren av ei gründerverksemd, som mellom anna nyttar ull til å laga babyhuver, besøkte skulen i prosjekttida. Forsøk med ei av hennar huver viste at sjølve huva blei broten ned, men merkelappen av kunststoff inni huva låg like heil i jorda. Gründaren lova å finna eit nedbrytbart materiale til å printa vaskesetelen på.

Vemund i 5. årstrinn er ein framifrå teiknar og har laga levande illustrasjonar til plakatutstillinga, mellom anna i prosjektet om livet til eit lam og til prosjektet som viste at ull kan vera gull.

Opplæring i engelsk blei også ein del av prosjekta med plakatar på engelsk som fortalde om konklusjonar og funn. Fleire av elevane fekk utfalda seg med utforming av grafikk og andre design-uttrykk, som til saman gav pedagogiske og velforma rapportar og plakatar.

Ein sentral del i forskingsprosjektet om ull var å studera kor nedbrytbart materialet som blir nytta i huver er. Frå venstre: Framme står Vemund Bergo og Elias Bergo. Bak: Robert Brønstad Hafstad og Silje Gullbrå.

Utstilling på vent

Den store finalen i ull-prosjektet skulle vera open dag ved skulen med heile bygda som inviterte gjester. Alle skulle få sjå presentasjonane med plakat-utstilling og jamvel gjennom filmframsyning i gymsalen.

Ordføraren og rådmannen hadde lova å koma for å vera med på festen. Elevane stod på med liv og lyst, laga mat til gjestene og gjorde alt klart til storhendinga.

Alle gledde seg. Men det fall seg slik at finaledagen var lagt til onsdag 11. mars i 2020. Norge var i ferd med å stengja ned. Leiinga i Vaksdal kommune avgjorde at den store finaledagen i Eksingedalen ikkje kunne gjennomførast.

Det var ikkje fritt for at tårer blei felt i sofaen ved peisen denne onsdagen i mars i pandemiåret.

I dag er haldninga snudd, og festen skal førebuast på ny. Det er ennå berre litt uvisst når. Fleire Nysgjerrigper-prosjekt kan det òg bli.

– Me har alt samla inn rikeleg med forskingsmateriale om grønsaksdyrking i skulen sin hage. Dette kan me jobba vidare med og presentera, seier rektor Liv Anne Bergo.

Marit Møllhausen, rådgiver i Norges forskningsråd.

3000 «nysgjerrigperar» årleg

Om lag 3000 elevar frå 70 skular deltar i Forskningsrådet sin konkurranse Nysgjerrigper.

– Deltakartalet har vore relativt stabilt dei siste åra, seier Marit Møllhausen.

Ho er seniorrådgivar i Forskingsrådet og knytt til Nysgjerrigper-tilbodet for skulane.

– Kva slags skular deltar?

– Me har ikkje detaljert statistikk for dette, men det er variert. Elevane deltar klassevis eller gruppevis, dermed får me ikkje tal på kor store skulane er. Men både små og store skular er med. Me ser dessutan at nokre skular, som Eksingedalen skule og Storevarden skole i Sola, deltar år etter år og får ein slags «forskarkultur» «eller «Nysgjerrigper-kultur» på skulane. Dermed oppnår dei også gode resultat, seier Møllhausen.

Nysgjerrigper blei starta av Forskningsrådet i 1990 som ein informasjonskampanje retta mot barn og ungdom. Ifølgje Møllhausen var føremålet å vekkja interessa for forsking og forskingsmetode hos dei unge.

Etter kvart gjekk kampanjen over til å bli eit permanent tilbod til barneskulen.

- Så lenge foreldra til born i Eksingedalen ønskjer at skulen skal vera i bygda og det framleis finst elevgrunnlag der, vil skulen leva vidare, seier ordføraren i Vaksdal, Hege Eide Vik (Sp).

– Geografiske tilhøve med spreidd busetnad og store avstandar gjer det vanskeleg å overføra elevar i Eksingedalen til andre skular. Det vil i så fall føra til minst ein time med skuleskyss morgon og ettermiddag for borna som bur øvst i dalen, seier ho.

Vik kjenner elles godt til Eksingedalen skule, då ho tidlegare var timelærar i musikk der.

– Skulen blir driven etter moderne pedagogiske prinsipp med tema- og fagopplegg i tidsbolkar og mykje bruk av prosjektundervising. Elevane på ulike årstrinn og ulike nivå får høve til å bidra i prosjekta utifrå føresetnadene sine. Men samtidig er alle viktige brikker i fellesskapet, seier Eide Vik.

Ho legg til at elevane frå Eksingedalen ser ut til å klara seg godt når dei kjem over i vidaregåande opplæring.

Powered by Labrador CMS