Vurdering for læring
Vurdering vekkjer alltid debatt. Målet med vurdering er å motivere elevar til læring.
Det finst svært mykje veldokumentert kunnskap om korleis elevar lærer og kva som motiverer til å lære. Lettvinte handgrep som til dømes karakterar, motiverer svært lite. Det som fungerer, kostar pengar.
Lærarar som kan sitt fag, som set klare mål for elevane og som har tid til undervegsvurdering med rådgjeving og felles refleksjon, motiverer alle elevar til å lære. Dette veit både politikarar og skulefolk. Kvifor er det så vanskeleg å setje inn ressursar på desse sentrale områda?
Det er langt enklare å innføre karakterar. Det viser politikarar med handlekraft. Og framfor alt: Det kostar svært lite ting!