- Vanskeleg å oppdage noko løft

"Mesteparten av de store midlene har selvfølgelig gått til lærerne". Dette sa kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) i Stortingets spørretime på spørsmål frå Odd Einar Dørum (V).

 

Dørum meinte at Djupedal måtte setje inn trykket for at etterutdanningsmidlane skulle nå fram til lærarane. Det er vanskeleg å oppdage noko løft av økonomisk art for oss lærarar. For eigen del tar eg dette skuleåret "IT for lærere" som nettstudium pluss fire samlingar ved Hint, Steinkjer. For digital kompetanse vart jo så sentralt no.

 

Slik som det alltid har vore med etterutdanning, må eg betale den sjølv. Det er semesteravgift og det er pensumlitteratur, det er skyss og det er overnatting som eg pungar ut av eigen lomme. Men ein ting er heldigvis annleis enn før: Eg slepp å bli trekt i løn for dei dagane det er samling i Steinkjer!

 

Så det er vel her Kunnskapsløftet slår inn. Men Kunnskapsløftet inneber ikkje noko meir etterutdanning enn kva det "alltid" har vore: nemleg den 39. skuleveka. Eller har eg kanskje sove i timen? Er det meir enn før?