– Måler ikkje undervisninga

Nestleiar Haldis Holst i Utdanningsforbundet tek sterkt avstand frå at resultat på elevtestar vert nytta til offentleg rangering av lærarar i USA.

Los Angeles Times har nytta resultat frå elevtestar til å vurdere kor gode kvar einskild lærar er til å undervise, og offentleggjort namn, skule og resultat i ein database som alle kan søke i.

Nestleiar Haldis Holst i Utdanningsforbundet har følgt debatten rundt bruken av desse testane, og ho er svært kritisk til måten dei vert nytta på.

– Desse testane er laga for å evaluere kva elevane har lært, og ikkje kor god læraren er til å undervise. Det gjer at ein må vere svært varsam med korleis ein skal bruke resultata. Dersom til dømes lærarar arbeider i team, er det heller ikkje lett å sjå akkurat kven som har medverka til elevane sine resultat. Kor mykje elevane lærar, er dessutan i stor grad avhengig av at skulen har ei leiing som klarer å få fram det beste i lærarane, seier ho.

Holst meiner resultata kan få store følgjer for den enkelte læraren.

– Debatten i USA handlar mykje om korleis ein skal kvitte seg med dårlege lærarar. Då er det særleg alvorleg dersom testane ikkje evaluerer det dei er meinte å evaluere. Når ein dessutan nyttar offentleggjering til å henge ut einskildpersonar, øydelegg det for rekrutteringa til yrket. Målet er at alle elevar skal ha ein god lærar. Då lyt ein få flest mogleg inn i yrket, og ikkje fjerne flest mogleg, understrekar ho.

– Mette Hanekamhaug i Framstegspartiet seier til Utdanning ho ikkje vil avvise tanken om å offentleggjere resultat som kan knyttast til einskilde lærarar. Kva tykkjer du om det?

– Eg er iallfall samd med henne i at vi må få ein betre kultur i skulen for tilbakemelding på lærarar. Men for å få til evaluering som gjer at lærarane utviklar seg, er det viktig å skape tryggleik. Det gjer ein ikkje ved å offentleggjere resultat frå testar som ikkje viser det dei er meinte for å måle. Kva som er god undervisning er komplekst, det finst inga oppskrift på det. Difor er det mykje betre å investere i klasseromsforsking enn å offentleggjere testresultat, meiner Haldis Holst.