Offentleg rangering av lærarar

I Los Angeles kan alle sjå kor stor framgang elevane til kvar einskild lærar har hatt. Stortingsrepresentant Mette Hanekamhaug (Frp) er open for å gjere det same i Noreg.

Storavisa Los Angeles Times har oppretta ein database med resultata for 6000 lærarar på 3.–5. trinn i Los Angeles Unified, det største skuledistriktet i California. Basert på elevtestar i engelsk og matematikk dei siste sju åra går det fram kor stor framgang elevane til kvar einskild lærar har hatt. Alle kan søke i basen, der lærarane vert identifiserte med fullt namn og kva for ein skule dei underviser ved.

Lærarorganisasjonen United Teachers Los Angeles er sterkt kritisk til offentleggjeringa.

"Det er toppen av journalistisk ansvarsløyse å gjere offentleg dommen over ein lærar sin effektivitet, som er gjort på svært sviktande grunnlag", heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen. Randi Weingarten, leiar for den nasjonale lærarorganisasjonen American Federation of Teachers, meiner det er riktig at foreldre får vite korleis læraren til borna deira har skåra, men er avvisande til ei offentleggjering.

Utdanningsminister i USA, demokraten Arne Duncan, meiner derimot at alle har rett til å vite korleis kvar einskild lærar presterer, og han kritiserer dei lokale styresmaktene for å ikkje offentleggjere slik informasjon.

– Tragedien i Los Angeles er at lærarar treng desperat desse opplysningane, men har vore nekta å få dei. Det skulle ikkje vore naudsynt at det var ei avis som måtte gjere dette, seier han til TV-kanalen ABC News.

Seier ikkje tvert nei

Framstegspartiet si utdanningspolitiske talskvinne, stortingsrepresentant Mette Hanekamhaug, er ikkje avvisande til å offentleggjere korleis kvar einskild lærar presterer her i Noreg.

– Vi er generelt for mest mogleg openheit om resultata i skulen. Det gir oss den beste kunnskapen om kor ein skal sette inn tiltak. Og læraren er den viktigaste faktoren for god undervisning, seier Hanekamhaug til Utdanning.

Ho understrekar at korkje ho eller partiet har teke stilling til om testresultat skal offentleggjerast for kvar einskild lærar.

– Men du er ikkje avvisande til tanken?

– Nei.

– Vil det ikkje i så fall føre til ei urimeleg uthenging av lærarar med svake resultat?

– Vi må gå bort frå tanken om at nokon vert hengde ut. Det viktige er å få fram kva som gir best undervisning og kva som ikkje fungerer. Dette vil nok lærarane òg vere opptekne av. Vi må få ein betre tilbakemeldingskultur i skulen, rett og slett.