Underlege 20 prosent

Dette er første gong vi har klart å få til ei ordning der staten og arbeidsgjevarane i fellesskap dekkjer dei aller fleste kostnadene knytt til vidareutdanning for lærarar, vikarkostnader medrekna.

I Utdanning nr. 1/2011 skriv Lasse Weiseth at det er underleg at Utdanningsforbundet har akseptert ei ordning der lærarar som får studieplass i vidareutdanningsordninga Kompetanse for kvalitet, berre får permisjon med lønn i 80 % av normert studietid.

Det er klart at berre det beste er godt nok. Men vi har sagt oss nøgde med denne ordninga fordi det vanlege før har vore at lærarar ikkje har fått permisjon med lønn i det heile teke for å ta vidareutdanning.

Dette er første gong vi har klart å få til ei ordning der staten og arbeidsgjevarane i fellesskap dekkjer dei aller fleste kostnadene knytt til vidareutdanning for lærarar, vikarkostnader medrekna. Til opplysning kan vi nemne at vi òg har fått kritikk for at denne ordninga er for god fordi pengane ville ha rekt til fleire lærarar dersom vilkåra var dårlegare.