Tvang og makt i skulekvardagen
Når barn heilt ned i toårsalderen dagleg blir låste fast og sette opp i ståstativ for å kome i oppreist stilling, er det med på å hindre dei i å utnytte læringspotensialet sitt.
Astrid Årdal er cand.polit.
I eit innslag på NRK Rogaland 28.05.15. fekk vi høyre korleis Dag Olav Stensland i sin tidlegare omsorgsbustad vart utsett for tvang ved at han fysisk vart halden fast når kommunikasjonen med personalet var vanskeleg. Dette gjorde livskvaliteten til Dag Olav, som er autist, dårlegare enn han kunne vore. Foreldra hans klaga bruk av tvangsvedtak inn for fylkesmannen og fekk medhald. Dette er 5 år sidan, og etter den tid har det ikkje tvang vore nytta, fortel faren hans til NRK.
Det er i hovudsak tre forhold som gjorde det mogleg for Dag Olav å kome ut av denne situasjonen. Det første er at han hadde verbalt språk, han kunne fortelje korleis han opplevde situasjonen, for det andre hadde han foreldre som forstod. Det tredje er lovverket. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. definerer og gjev retningslinjer for bruk av tvang og makt. Ein har ein klageinstans.
Når det gjeld situasjonen for elevar med multifunksjonshemming i skulen, kan ein sjå det slik at det i deler av opplæringa blir brukt fastspenning. Der personalet i omsorgsbustaden fysisk heldt Dag Olav fast, nyttar personale i skulen ulike statiske hjelpemiddel til å spenne elevane fast. Det blir nytta ulike statiske apparat og stativ for å få elevane i oppreist stilling. Delar av kroppen som til dømes føter, kne og hofter er spente fast, det er uråd for dei å bevege seg fritt.
Det er fleire forhold som gjer at ein i barnehage og skule nyttar slike hjelpemiddel som ligg i grenselandet til tvang- og maktbruk.
For det første: Dette er elevar utan verbalt språk, som ikkje kan seie frå om korleis dei opplever slike situasjonar der dei ikkje kan bevege seg.
For det andre: Opplæringslova, som regulerer verksemda i skulen, tek ikkje føre seg bruk av tvang og makt slik lov om kommunale helse- og omsorgstenester gjer. I opplæringslova står det. ”fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må ikkje nyttast” (§2-8). Kommunane skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte skule. Krenkjande handsaming blir såleis opp til den enkelte skule å definere. Ein har ingen overordna klageinstans.
Det tredje er at når statiske hjelpemiddel i så stor grad blir nytta i opplæringsinstitusjonar er det vanskeleg å forstå på annan måte enn at det er gjort i beste meining ut frå medisinske omsyn. Dette viser eit aspekt av at det er eit uklart forhold mellom pedagogikk og medisin innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet. Desse hjelpemiddela er det i all hovudsak medisinske fagfolk som har ansvar for i samarbeid med teknisk personale frå dei ulike firma som leverer utstyr.
Dei forhold eg har gjort greie for ovanfor kjenner eg godt frå mitt eige arbeid i det spesialpedagogiske fagfeltet. Vidare har eg gjennom mange år med kursverksemd møtt fagfolk som også bekreftar at statiske hjelpemiddel er ei utfordring når det kjem til spørsmål om motorisk utvikling og læring.
”Flere undersøkelser tyder på at barn som er fysisk aktive har bedre konsentrasjonsevne. Dette kan være med på å forklare positive sammenhenger mellom skoleprestasjoner og fysisk aktivitet”. (www.udir.no)
Dei seinare åra har forsking rundt motorikk og læring vist at norske barn generelt sett er dårlegare motorisk enn tidlegare. Vidare har ein også kunnskap om kor viktig motorisk kompetanse er for trivsel, sosial meistring og helse, i tillegg til kva det betyr for utvikling av kognisjon og språk. På bakgrunn av dette er det ein tankekross at denne kunnskapen ikkje kjem elevar med store og samansette lærevanskar – multihandikap – til gode. Dette er dei elevane om er aller svakast og treng mest hjelp til å lære seg motoriske ferdigheiter. I opplæringstilbodet til desse elevane blir det det derimot nytta hjelpemiddel der dei blir spente fast og direkte hindra i motorisk læring, meistring, trivsel og gleda ved å bevege seg. At fastlåsing ei psykisk belastning og dårleg i kombinasjon med læring er del av basiskunnskapen for alle pedagogar, problemet er nok at ein ikkje ser det slik. Desse elevane har oftast ikkje verbalt språk, og kan ikkje setje ord på opplevingane sine, men ulike former for sjølvskading, passivitet og utagering kan likevel seie noko om livssituasjonen deira.
Statiske hjelpemiddel der elevar blir fastspente må fjernast frå skulen og erstattast med dynamiske hjelpemiddel der elevane få bevege seg fritt og få høve til å lære seg motoriske ferdigheiter. Hjernen fungerer slik at når ein del er skada så kan andre deler ta over. Dersom denne eigenskapen skal kunne utnyttast, må eleven bevege seg. Desto meir bevegelse desto betre fordi hjernen si evne til reorganisering og læring er avhengig av kor mykje den blir brukt. Det er gjennom bevegelse at nye nerveforbindelsar blir skapte.
Når barn heilt ned i toårsalderen dagleg blir låste fast og sette opp i ståstativ for å kome i oppreist stilling, er det med på å hindre dei i å utnytte læringspotensialet sitt. Kunnskap om hjernen sin plastisitet og evne til reorganisering må i større grad nyttast i det spesialpedagogiske fagfeltet dersom desse elevane skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringa.
Dag Olav kunne seie frå om det han opplevde. Elevar med store og samansette lærevanskar kan ikkje uttrykkje seg på same måte. Dei ansvarlege i utdanningssystemet, og vi som er pedagogar, må ta bruken av statiske hjelpemiddel opp til drøfting; fastlåsing er ei psykisk belastning for alle og høyrer ikkje heime i skulen der læring er det sentrale.