Bruk Charles Darwins forsking om meitemakken, skriv Asbjørn Geithus. Ill.: Tone Lileng | post@tonelileng.no

«Trass i relevant kunnskap øydelegg menneska matjord, og gjer det med aukande fart.»

Både Darwins evolusjonslære og makkforsking er viktig å forstå for at samfunnet verkeleg skal slå inn på ein grøn utviklingskurs.

 

Vi vert fødde inn i ei verd av kulturar som har sine rammer for å forstå. Nokre kjem gjennom sitt arbeid til å skape nye forståingsrammer, nye paradigme. Vert det nye levande berre i teoriverda, eller gjer det også til endringar i samfunnet?

Karl Marx har i «Tesar om Feuerbach» formulert korleis ein kan vurdere filosofi: «Filosofane har berre fortolka verda ulikt, men det det kjem an på, er å endre ho».

"Von Humboldt hadde eit dynamisk, økologisk natursyn lenge før omgrepet økologi kom til i 1907."

Alle står i samanhengar
Charles Darwin (1809–1882) levde i ei tid då vitskapen skaut fart, med beskriving og systematisering av både levande og ikkje-levande. Svensken Carl von Linné gav før og etter 1750 ut viktige og solide skrifter om systematisering av liv.

Tyskaren Alexander von Humboldt, naturforskar, oppdagingsreisande og filosof, kom til å bety mykje også for Darwin si forståing av naturen. Von Humboldt gjorde mange forskingsreiser i fleire verdsdelar, mellom anna ei stor reise 1799–1804 i Latin-Amerika.

Han var kritisk til den mekaniske, statiske naturforståinga som prega opplysningstida, der naturen var til for å tene menneska. Men von Humboldt såg mennesket som ein del av naturen. Ein skulle verne om naturen og forstå han som heilskap, der alle delar er avhengige av og påverkar kvarandre. Han hadde eit dynamisk, økologisk natursyn lenge før omgrepet økologi kom til i 1907.

Von Humboldt var eit stort førebilete for Darwin, som las alle bøkene hans. I notata sine seier Darwin fleire stader at utan inspirasjonen frå Humboldt ville han ikkje gjort reisa med «HMS Beagle».

Familien til Darwin
Farfaren Erasmus Darwin var fritenkjar og agnostikar. Som naturfilosof var han i sine skrifter innom fleire av tankane i evolusjonslæra. Han ville leggje religion bort og søkje innsikt gjennom vitskap.

Både faren og farfaren var lækjarar. Faren, Robert Darwin, var engasjert frimurar og overtydd ateist. Charles vart plassert på medisinstudiet, men det engasjerte ikkje. Faren fekk han innskriven ved filosofistudiet med tanke på at han kunne bli prest. Heller ikkje desse studia engasjerte.

Charles kom i kontakt med Robert Grant, ein naturalistisk filosof og fritenkjar som meinte fysiske og kjemiske krefter kunne forklare opphav til og utvikling av livet. Og han las på eiga hand slikt som interesserte han, særleg biologi og geologi. I 1831 avla Charles teologieksamen, med gode karakterar.

"... kva ein ser er meir avhengig av hjernen og kva kunnskap ein har enn av augo. Kva leiter ein etter, og kva tek ein vare på?"

Storreisa
Marinekapteinen Robert FitzRoy skulle i 1831 ut på langferd med HMS Beagle for å kartleggje hav og kystland. Han var interessert i biologi og natur-filosofi, og han vart ein pioner innan meteorologi. Tjueto år gamle Charles kunne få reise med som ulønt «gentleman-følgjer». Faren var imot, men let seg overtale.

Den store innsamlingsferda til Darwin i Sør- Amerika og deler av Stillehavet varte frå 1831 til 1836. To tredjedelar av tida var han på land og samla prøver av individ frå svært mange arter, mange til då ukjende for naturvitskapen.

Alt det han såg, hadde tusenar andre òg sett, opp gjennom tida. Men kva ein ser er meir avhengig av hjernen og kva kunnskap ein har enn av augo. Kva leiter ein etter, og kva tek ein vare på?

"Han finn ei mogeleg forklaring: Maten finkane et på ulike øyar, krev ulike nebb. Fuglane har tilpassa seg miljøet."

Arbeid med materialet
Charles fører med seg eit stort materiale heim. Fossile avtrykk av sjøliv høgt til fjells får han til å stille spørsmål: Korleis har dette kome hit? Han har samla mellom anna finkar frå mange ulike øyar, og samanliknar dei.

Der er tydelege variantar av nebb. Kvifor? Han finn ei mogeleg forklaring: Maten finkane et på ulike øyar, krev ulike nebb. Fuglane har tilpassa seg miljøet.

1836–39 arbeidde han med materialet sitt. Både i denne tida og seinare gav han ut mange vitskapelege arbeid. Og han laga ei stor mengd med notat som syner korleis han underbygde teorien med funn i materialet. Den best tilpassa, den som passar best inn i miljøet, vil overleve i større grad enn dei mindre veltilpassa.

I 1859 kom det revolusjonerande arbeidet «On the Origin of Species by Means of Natural Selection, or the Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life» (til dansk i 1871; Om Arternes Oprindelse ved naturlig Selektion eller ved de heldigst stillede Formers sejr i Kampen for Tilværelsen). Og med det la han eit solid grunnlag for å endre mennesket si forståing av alt, både levande og ikkje-levande.

Evolusjonstenkinga utfordra rådande sanningar. Religionen med sin allmektige og skapande Gud var nesten einerådande som forståingsramme. Gudsekspertar angreip aggressivt. Mange av tilhengarane til Darwin kasta seg inn i striden omkring evolusjonstenkinga, men Darwin deltok lite.

Han var vitskapsmann, ikkje polemikar, og brukte tida og kreftene på forsking han såg som viktig. I tillegg til stadig å publisere nye vitskapelege arbeid knytt til evolusjonen tok han tak i eit nytt felt: Kva rolle spelar makken for moldlaginga?

"Deler av jorda hadde Darwin fått pløgd før den store reisa, og då låg der steinar og slagg oppe i dagen. Då han kom heim, var slagg og steinar dekte av eit lag jord."

Forsking på makken
Alt som barn var Darwin fascinert av makk, ein fascinasjon som heldt seg livet ut. Darwin eigde eit jordstykke. Deler av jorda hadde Darwin fått pløgd før den store reisa, og då låg der steinar og slagg oppe i dagen. Då han kom heim, var slagg og steinar dekte av eit lag jord.

Mange har sett dette fenomenet, men det skal eit forskarsinn til for å spørje: Kva har skjedd her? Han visste at makk kom opp til overflata og la etter seg eit stoff. Kunne dette stoffet vere forklaringa på jordlaget?

Han starta å vege stoffet makken la etter seg på overflata. Ved eksperiment innandørs hadde han kontroll med ulike faktorar. Han laga makk-kassar og fôra makken med ymse organisk materiale og vog så stoffet som både gjekk inn i og kom ut av makken.

Han studerte korleis makken reagerte når han varierte ulike faktorar. Sterkt lys fekk makk til å søkje ned i tunnelane sine. Varme og lyd brydde dei seg ikkje om. Han undersøkte kva mat dei føretrekte. Rå gulrøter vann.

Darwin kalkulerte mengda av makk på sine forsøksfelt og kom til 53.767 makkar på kvar acre, vel fire mål. Han registrerte avføringa kvart år på avgrensa areal og kalkulerte kor tjukt jordlag avføringa ville skape.

I 1871 målte Darwin topplaget med jord i ei grøft i området som hadde lege brakk sidan 1831. Han rekna ut avføringa ein makk laga årleg og rekna på kor mykje jord makken i England laga kvart år.

Han korresponderte med vitskapsfolk i mange land og bad dei om på kvar sin plass å gjere dei same målingane han utførte. Makken fann han ned til fem-seks fots djupn i eit omfattande nettverk av tunnelar, som gjev lufting og vassdrenering i jorda, og holer for samling.

"I 1876 reiste Darwin til Stonehenge og studerte korleis dei enorme steinane hadde fått jord oppetter seg ved makken sitt arbeid."

Makk finn ein over heile planeten, òg på isolerte øyar. Korleis dei har kome der, er eit mysterium. Mengda jord makken legg på overflata, kan også ein kalkulere ved å sjå på kor fort objekt på overflata vert dekte, og med kor tjukt lag.

Bønder har observert fenomenet til alle tider: Alle slags objekt arbeider seg sjølv nedover, er deira ord for fenomenet.

Gamle bygningar var særleg interessante. Kor djupt jordlag var det oppetter murane? Darwin undersøkte gamle villaer frå romartida (romarane forlét England i år 410), og større ruinar av romarbyar.

Klostera var fine å undersøkje. Dei hadde pålitelege data. Ein kunne studere kor mykje mold der hadde kome oppetter murane, for klostera fører nøye rekneskap over når det og det vart bygt. I 1876 reiste Darwin til Stonehenge og studerte korleis dei enorme steinane hadde fått jord oppetter seg ved makken sitt arbeid.

«Ein grunntanke i alt hans arbeid er at små endringar over lang tid kan føre til store endringar.»

Makken i Darwin sitt perspektiv
Ein grunntanke i alt hans arbeid er at små endringar over lang tid kan føre til store endringar. Makken si rolle i moldlaginga var eit døme på gradvise, knapt merkbare endringar akkumulert over tid.

Darwin uttala at vi burde vere takknemlege overfor desse små omarbeidarane, som han samanlikna med ein mann fødd blind og døv. Då han vart spurd kvifor han hadde studert noko så lite viktig som makken, svara han at mykje «lite viktig» var fundamentet for store fenomen.

"Makk har spela ei viktigare rolle i historia om kloden enn dei fleste vil tenkje seg i første omgang."

Han tok til å kjenne seg gammal og sliten, og sa han ønskte å gje ut arbeidet om makken og moldlaginga før han slutta seg til dei. Han fekk hjelp til det avsluttande redigeringsarbeidet.

Eitt år før han døydde, 73 år gammal, gav Charles Darwin i 1881 ut sitt siste vitskaplege arbeid: «The Formation of Vegetable Mould, Through the Action of Worms, With Observations on Their Habits» (Danninga av plantejord gjennom makkanes aktivitet, med observeringar av vanene deira). Han sa då at han hadde forska på dette emnet i 40 år. Fleire ymta frampå om at alderen hadde svekka han intellektuelt når han kunne styre på med makk og mold.

Darwin skriv som ein konklusjon om makk: Makk har spela ei viktigare rolle i historia om kloden enn dei fleste vil tenkje seg i første omgang. Dei er viktige av mange grunnar, ikkje minst for betring av vilkåra for plantevekst. Trass deira uutvikla sanseorgan syner dei kompleks, fleksibel åtferd.

Denne konklusjonen viser eit menneske som har kunnskap, som har undersøkt grundig og veit, og ikkje tenkjer innanfor kunnskapslaus og fordomsfull nedvurdering av makken.

Dei fleste forstod vel verken evolusjonen eller perspektiva i makkforskinga. Og for begge felt laga vittige hovud karikaturteikningar, som hadde apekattar og makk som dominerande element.

Evolusjonstenkinga kan brukast til mykje
Darwin la grunntenkinga på plass: Evolusjonen forklarar utviklinga av liv.
Sidan 1859 er det gått 157 år. Evolusjonsteorien har gjeve mennesket ei dynamisk ramme til å forstå utvikling av liv og ikkje-liv, og han vert teken i bruk på nye og nye felt. Grunntenkinga står seg. Bruksområda vert stadig utvida.

Eit døme er kreftforskinga der fagmiljø har gripe tankegangen i evolusjonen: Kroppen er eit produkt av millionar av år med evolusjon. Difor er cellene tilpassa miljøet i vevet. Det som er best tilpassa omgjevnadene, vil overleve i større grad enn det dårlegare tilpassa.

Kreft kan oppstå når vi endrar miljøet i kroppen til noko evolusjonen ikkje har førebudd oss på. Dersom cellemiljøet vert skada, av til dømes alderdom eller røyking, vil det endra cellemiljøet kunne verte meir gunstig for kreftcellene. Mykje av forskinga går på å angripe sjuke celler.

No dreiar forskinga mot korleis ein kan halde oppe og styrkje eit miljø der kreftcellene ikkje tek styringa. Fleire forskarar uttrykkjer ny optimisme: Ei evolusjonær tilnærming til kreftforsking vil føre til store framsteg. Å førebyggje kreft er å lage dårlege miljø for kreftceller og gode miljø for friske celler.

"Alle kjenner til Darwin og evolusjonslæra. Men kor mange kjenner til hans arbeid med makk og jordlaging, som han arbeidde med i 40 år?"

Makkforsking og jordsmonn framover
Alle kjenner til Darwin og evolusjonslæra. Men kor mange kjenner til hans arbeid med makk og jordlaging, som han arbeidde med i 40 år?

Eg har opp gjennom åra spurt mange bønder om kor viktig makkmengda på garden deira er for avlinga dei får. Eg har så langt ikkje møtt nokon bonde som har makken i ei viktig rolle. Dette er kunnskapsrike bønder, som driv godt etter målestokkane i dag. 

2015 var FN-året for jordsmonn
Generalforsamlinga peikar ut eit eller fleire emne FN skal setje fokus på kvart år.For 2015 vart fokus sett på jordsmonnet.

"Degraderinga av jord er skremmande rask verda over."

Grunngjevinga var at det er eit prekært behov for å setje fokus på og spreie kunnskap om kor viktig god forvaltning av jordsmonnet er for folka i verda i dag og i framtida. Degraderinga av jord er skremmande rask verda over. FN-materiell fortel at farten på degraderinga no skjer 30–35 gonger raskare enn berre for nokre tiår sidan.

I samband med lanseringa av jordåret peika generaldirektøren i FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), Graziano da Silva, på at jorda er heim for minst ein fjerdedel av det biologiske mangfaldet, og at vi treng sunn matjord for å nå måla våre om mattryggleik og ernæring, for å kjempe mot klimaendringa og få til ei utvikling som kan vare lenge. (Ordet «berekraftig» vert mykje brukt på norsk, det engelske «sustainable» er eit betre ord fordi det fokuserer på evne til å vare i lang tid.)

Det er no vanleg at såkalla langsiktige planar opererer med eit tidsspenn fram til 2060. Skal ein lage planar for livet på jorda, må ein òg ha vyar for mennesket sitt samliv med naturen i minst to hundre år. Det vil krevje store omleggingar på mange felt.

Fører rett innsikt til rett handling?
Filosofar i Sokrates si tid drøfta om rett innsikt fører til rett handling. Sokrates meinte der var eit nært samband og at manglande kunnskap låg bakom mykje forkasteleg handling.

FN peikar i materiell knytt til jordåret 2015 på at det trengst kunnskap og medvit om den levande matjorda, for dette er mangelvare verda over, noko som har alvorlege konsekvensar for vår behandling av matjorda. Da Silva tykkjest å svare ja på om rett innsikt fører til rett handling. Men trass i relevant kunnskap øydelegg menneska matjord, og gjer det med aukande fart.

Trugsmål mot vår eksistens
Mennesket har gjennom tidene hatt meir eller mindre haldbare førestillingar om kva som trugar deira eksistens. Dommedag har suverent lengst fartstid.

Utrydding gjennom atomkrig var trussel nummer ein og høgst reell etter 2. verdskrigen. Våpena finst framleis. Mangel på olje og gass på grunn av overforbruk har uroa menneska ei tid. På forbausande kort tid har vi no rikeleg med olje og gass som vi ikkje kan bruke, for oppvarming av jorda er no fare nummer ein.

Eg vil våge ein spådom; Når vi vil oppleve omfattande svolt også i rike land, vil tilstanden for jordsmonnet ta over som trugsmål nummer ein også for oss. Om ikkje før.

"... rike statar inngår langvarige kontraktar om å bruke jordareal i fattige land, og med driftsmåtar som utarmar jorda."

Ei grøn framtid
FN-konferansen om handel og utvikling (UNCTAD) gav i 2013 ut rapporten «Wake Up Before It Is Too Late». Konklusjonen er at verda treng eit paradigmeskifte i landbruket: Frå «grøn revolusjon» til «økologisk intensivering».

Tanken er god, men utviklinga i jordbruket følgjer ikkje ei slik ny retning. Industrijordbruket, basert på monokulturar som må ha store mengder kunstgjødsel og pesticid, breier seg. Djup-pløyande og tunge maskinar øydelegg gangane makken har laga. Målet er profitt.

I staden for at statar vernar om sitt eige jordsmonn ser vi no at rike statar inngår langvarige kontraktar om å bruke jordareal i fattige land, og med driftsmåtar som utarmar jorda. Omsynet til jordsmonnet trumfar ikkje profittjaget. Kontrakttida er ofte 99 år.

Småbønder er framleis den klart største yrkesgruppa på jorda, og fleirtalet er kvinner. Kvart år vert store mengder fattigbønder skvisa frå jorda, ofte drivne vekk av stat og industrijordbruk som samarbeider.

Skal jordbruket verte grønt, trengst ein sterk nok allianse som kan stoppe øydelegging av jord, og som òg kan rehabilitere skada jord. Småbøndene må vere ei hovudkraft i denne alliansen. Då må det byggjast ein infrastruktur som kan gjere småskalajordbruk effektivt.

FN snakkar om å gjere slutt på fattigdomen på landsbygda. Dette kan ikkje oppnåast utan at småbøndene er ei viktig kraft i ein stat som verkeleg har som mål å gjere slutt på fattigdomen.

"Men trur vi at øydelegging av naturgrunnlaget skal stoppe opp som følgje av FN-rapportar og -konferansar?"

Grønt er i vinden
Grøne parti har ein viss framgang i nokre land, men førebels er det mykje filosofering og famling. Og FN har halde jordsmonnår. Alt dette er positivt. Men trur vi at øydelegging av naturgrunnlaget skal stoppe opp som følgje av FN-rapportar og -konferansar?

I dag er 33 prosent av matjorda i verda moderat til alvorleg skada. Skogane i verda minkar med 13 millionar mål kvart år. Sumpar og myrer vert øydelagde. Skogar, sumpar og myrer er svampar som held på vatn og reduserer flaumskade.

Der er hundrevis av millionar mål skog og jord som kan graderast opp og få att eit rikt makkliv og mikrobeliv. Det er utvikla kunnskap både om den negative utviklinga og om kva som kan gjerast for å snu den.

"Jordbruk som øydelegg denne enorme mengda av hjelparar, må vekk."

Bruk Darwin si innsikt
Darwin si forsking på makk og jordsmonn er kjend berre av få. I kampen for naturen med alle sine livsformer vil denne forskinga verte viktig å ta fram att. Darwin forstod at makken arbeider til beste for både menneska og anna liv. Utan makk ikkje sunn natur, inkludert jordsmonn.

Vi har milliardar på milliardar hjelparar i makken og alle slags mikroorganismar. Jordbruk som øydelegg denne enorme mengda av hjelparar, må vekk. Det kan ikkje vare ved i 200 år. Darwin omtala makken som omarbeidarar, som vi skal vere takknemlege overfor. Eit jordbruk som samarbeider med dei gode hjelparane, vil gje ei grøn framtid.

Optimist eller pessimist Peter, Paul & Mary song om: «Where have all the flowers gone?» Og sluttar pessimistisk: «Oh, when will they ever learn?». I 1979 gav Susan George ut boka «Slik dør de andre».

Forskarar på mange felt peikar no på at matmangel vil råke større og større folkemengder. Når ikkje berre dei andre svelt og dør, men òg folk i rike land, vil vi då få sjå at jordsmonnet får topp prioritering i den langsiktige samfunnsplanlegginga?

Vi treng ikkje vente så lenge før jordbrukspolitikken vert lagt om i grøn retning. Men då kan ikkje profittjakt styre. I Darwin si ånd vil det trengjast solid kunnskap om naturen og alt liv der. Og så må der vere vilje til å endre verda til eit samliv med alt levande, ikkje minst makken.

Asbjørn Geithus er pensjonert historielærar