Tankar etter eit årsmøte i regi av Utdanningsforbundet Hordaland
Det er rart med det når ein kjem heim etter 3 lange dagar med årsmøte og mange inntrykk, og ein trur at ein er ferdig med alt som heiter møter og debatter og ikkje minst voteringar. Det er då alle tankane dukkar opp, som på ein eller anna merkelig måte tar seg sin eigen fridom inni eit allereie "fullt" hovud.
Vi har fått tatt del i mange gode innlegg på årsmøte, og det har vore gode debattar omkring særs aktuelle problemstillingar. Men kva med alt det som ikkje vart sagt, og som mange av delegatane nok satt og brende inne med? Kanskje det skuldast ei heller ambivalente kjensle til denne berykta talarstolen, og for mange av delegatane ein terskel i seg sjølv?
Med særs dyktige dirigentar som losa oss gjennom den eine saka viktigare enn den andre, der ein av omsyn til tida brått står att med bare eit minutt taletid. Kor lett er det då å gå fram å sei alt det gode ein brenn inne med og som ein i ettertid tenkjer," søren korfor sa eg ikkje det då…?" Det er slike tankar som snik seg inn der ein ligg i senga og snur seg for "ente" gong i fråværet av "Ole-Lukkauge" sitt besøk.
Så kva gjer ein då? Jo ein set seg ned og skriv alt det ein skulle så gjerne ha sagt, men som ein treng meir ein eit minutt og to på for å få sagt!
Kva er det med oss førskulelærarar som gjere at det er så viktig for oss å understreka at vi ikkje underviser i barnehagen?
For ein lærar er jo det nettopp det å undervise og sitte att med ei kjensle av å ha fått til noko i lag med elevane, ein føler er viktig kvalitetsindikator på å ha gjort ein god jobb! I undervisninga legg ein til rette for læring hjå elevane, og ein treng ikkje her bruke mange ord på og sei at det er det mest grunnleggande for skulen i dag. Over vårt langstrakte land føregår det undervisning som er grunnleggande god og kvaliteten står i høgsete. Hadde det ikkje vore for denne gode undervisninga opp gjennom åra, hadde vel neppe dei av oss som sat på årsmøte vore der eingong! Så all honnør til det mangfaldet av gode lærarar som opp gjennom åra nettopp har drive med god undervisning!
Inne i oss har vi dette bilete av den gode læraren som står føre klassen og underviser. Sjølv om det i dag ikkje er kateterundervisning som dominerer, er det no slik ein gong for dei fleste av oss som ikkje lenger klassifiserer til å koma inn under unge medlemmer, er metaforen for undervisning, nettopp læraren som står føre klassen. Så difor er skilje mellom barnehagen og skule stor, og vår tilnærming til læring skil seg frå denne metaforen.
Det er difor viktig at vi kommuniserer ut kva vår profesjon legg i læringsbegrepet og synleggjere dette skilje. Bakteppe mitt i denne samanhengen er å skapa ei større forståing for kva som er viktig med barnehagen sin eigenart og korleis vi tilnærmar oss læringa hjå barnet.
I barnehagane tuftar læringa på det vi kallar heilskapstenking. I møte med barnet som einskildindivid og i grupper saman med fleire barn tileignar barna seg læring gjennom heile dagen dei er tilstades i barnehagen.
Som pedagog har eg læringsperspektivet med meg i alle samanhengar, og ser alle dei små og unike moglegheiter gjennom heile dagen deira til å smetta inn læring i mange samanhenger.
For å illustrere dette har eg lyst å invitere deg med inn i ei lita historie frå barnehagen nokre år tilbake .(Eg bed dykk lesa den med eit barn sine auge på omverda, dvs med utgangspunkt i barneperspektivet deira...)
Eg sit med ein gjeng av ei herlig blanding av små og store born rundt bordet, og lunsjen står på dagsorden. Vi pratar om mangt og ulikt, og barna tar ordet etter kvart som det er deira tur.(det har vi øvd på heile hausten at det å lytta når den andre snakkar er viktig, og vi avbryt ikkje kvarandre…) Så er det brott ein av dei eldste gutane som ivrig tar til ordet og med tindrande auge seier: "min pappa har sååå lang tiss. !" og syner det med vidstrakte armer. "ja, men min har pappa har masse laangerte…!" svarer kjapt den andre guten som er jamgamal. Sjølv om ein kan glimta eit lite snev av usikkerheit i det han snublar i grammatikken, trur han heil og fast på sitt eige utsegn.
Ja kva tenkjer ein stakkars pedagog då? Ikkje kan vi verken bekrefte eller avkrefte gutane sine stadfestingar og ikkje kan vi sei at no et vi og dette snakkar vi ikkje om under måltidet. Dessutan er det tydlig at her trengs det meir læring om grammatikk og språkstimulering. Så korleis tilnærmar eg meg som pedagog barna sitt behov for læring, samstundes som det er viktig å gripe moglegskapen for læringa her og no? Jo eg tar fatt i barna sitt fokus på det å vera lang og kort, stor og liten. Så vi avtaler at etter måltidet skal vi gå ut og leita etter pinnar som er lange og korte, store og små, og samla dei saman i ein haug utfor barnehagen. Det er med stor iver gutane går ut og startar den store pinnejakta, og fysisk fostring er brått komen inn i "timen" vår. Dette held dei på med både vel og lenge og konsentrasjonen er tilstades både vel og lenge.
Etter det startar "timen" vår med matematikk og norsk! Kva gjer vi då, jo vi samanlikner og vurderer, måler og veger for å stadfesta kva som er liten, mindre og minst. Kva pinnar som er lang, lengre og lengst og forsyne meg så kjem vi innpå kva som er lett, lettare lettast og tung, tyngre, tyngst og! Du verden kva desse gutane lærde på denne dagen i barnehagen samstundes som opplevingsdimensjon og kvaliteten i det vart ivaretatt!
Det var ikkje eingong planlagt og nedskreve på noko timeplan for den dagen heller. Det høyrer med til historia at dagen etter vart pinnane brukte til ulike kunstutrykk der dei med like stor iver og glede lagde seg ulike fantasiskulpturar eller små miniatyr hytter. Med andre ord så dukka det opp dagen etter den store pinnejakta kunst-og handtverk på "timeplanen".
Kanskje denne vetle historia kan gje deg som lesar eit innblikk i kva vi som førskulelærar legg i begrepet læring, og kva metodar vi nyttar for å tilnærme oss det som ein i skulen kallar undervisning. For det er nettopp her vår eigenart kjem til syne. Det å ha eit heilskapleg syn på læring der vi grip fatt i det som opptar barnet til ei kvar tid og nyttar her og no situasjonane. Vår rolle oppi det? Jo det er å stå der som ein trygg bauta i det barnet gjennom sine mange oppdagingar av ny lærdom treng små justeringar og tilretteleggingar for å oppleve vekst og utvikling.
Barnehagen sitt verdigrunnlag og tradisjon byggjer på å sjå einskildindividet i samspel med gruppa, og leggje til rette for vekst og utvikling i ulike kontekster der barnet er ein del av fellesskapet. Det er prosessmåla som er styrande for arbeidet, i motsetnad til resultatmål i skulen.
Så til sjuande og sist handlar det heile om korleis vi som førskulelærar tar vare på barnet sin genuine lyst til å lære, og korleis vi legg til rette for denne læringa.
Ps. Det hadde tatt meir ein eit minutt å få sagt dette frå talarstolen…
Vel blåst årsmøte alle delegatar som tok del i årsmøte til Utdanningsforbundet Hordaland!