Svar på ope brev om kvalitetssystem i barnehagane
Det er blitt skapt inntrykk at dei tilsette i barnehagane ikkje anar kva dei driv på med. Eg har full tillit til at dei tilsette i barnehagane har kompetanse til å taka vare på barna på ein god måte, skriv rådmannen i Vinje.
Alle kommunar skal ha eit verktøy for kvalitetssikring i barnehagane. Føremålet med eit slikt verktøy i Vinje kommune er at dei tilsette i barnehagane skal kunne gje eit best mogeleg tilbod til barnegruppa og det einskilde barn.
Det blei reist kritikk mot den kvalitetspermen Vinje kommune opphavleg hadde utarbeidd. På bakgrunn av kritikken blei det sett i gong eit arbeid med å revidere kvalitetsverktøyet. Dette arbeidet er ikkje avslutta, men innhaldet er no på høyring hos foreldreråda slik vi blei samde om da vi laga opplegget for revisjonsarbeidet.
Rådmannen finn derfor ikkje grunn til kommentere enkeltelement i kvalitetssystemet og finn det oppsiktsvekkande at det no på privat initiativ er send over til Datatilsynet før det er ferdigstilt frå kommunens side.
Når den interne handsaminga i kommunen er ferdig vil kvalitetsverktøyet bli send Datatilsynet. Rådmannen vil streka under at Datatilsynet verken har kompetanse eller mynde til å vurdere det faglege innhaldet, men berre skal vurdere kvalitetsverktøyets innhald i høve til personopplysningslova.
I denne saka har det blitt skapt inntrykk at dei tilsette ikkje anar kva dei driv på med. Rådmannen har full tillit til at dei tilsette i barnehagane har kompetanse til å taka vare på barna på ein god måte. Utarbeidinga av kvalitetsverktøyet skjer i tråd med sentrale føringar og på eit fagleg forsvarleg grunnlag.