Streiken i Unio stat er over
Vi har ikkje fira på krava våre.
Magne Rydland er sentralstyremedlem og kontaktperson for høgskule og universitet i Utdanningsforbundet
Unio stat braut forhandlingane med staten i slutten av april. Rett over pinse starta riksmeklaren sitt arbeid. Etter intense dagar enda det i at Unio Stat sa eit tydeleg nei til den skissa som vart lagt fram, morgonen den 2. juni. LO Stat og YS stat sa ja. Vi stod att åleine med det presset det førte med seg. Unio Stat har kjempa ein rettferdig kamp for dei langtidsutdanna i staten. Med styrke og djervskap har forhandlingsleiaren vår, Arne Johannessen, bore fram våre krav. Stor takk til dykk streikande som har stått i fremste fronten ute. Utan den framifrå innsatsviljen hadde vi aldri nådd dit vi no er!
Vi nådde ikkje fram med krava, jamvel om vi kjempa for å realisera staten sine eigne lønnspolitiske mål:
- Eit lønnsnivå som er rekrutterande
- Kompetanse skal lønne seg.
Skilnaden i lønn mellom langtidsutdanna i staten og i det private vil berre auke etter dette tariffoppgjeret. Før vi starta var skilnaden nære på 120000 kroner pr år!
Vi kan berre gratulera våre medlemmar med oppgjeret i KS-området. Det gav ei god utteljing lektorgruppene.
Som ein profesjonsorganisasjon for lærarar på alle nivå, smertar det at arbeidsgivaren vår i staten ikkje ser at det å få dyktige lærarar i grunnopplæringa er uløyseleg knytt til det å ha ein stab med dyktige lærarutdannarar!
Alt for mange høgskolar og universitet lyser ut fagleg/vitskaplege stillingar i lønnsalternativ 1, både for høgskolelektorar, førsteamanuensar og førstelektorar. Etter at tarifforhandlingane no er slutt for desse gruppene må potensielle lektorar i grunnopplæringa, som kunne tenkje seg å jobba som lærarutdannarar, framleis finne seg i å gå dramatisk ned i lønn. For høgskolelektoren kan dette utgjera 70.000-90.000 kroner pr år. Jamvel kandidatar med doktorgrad kan oppleve å få eit lønnstilbod i UH-sektoren som ligg under det ein lektor i grunnopplæringa tenar.
Unio Stat har kjempa drabeleg for at denne urimelege situasjonen skulle utliknast. I yttarst liten grad møtte vi forståing for synet vårt hjå arbeidsgivaren, staten. Vi fekk ikkje ein gong ta i bruk det verktøyet som kunne utbetre noko av denne urimelege situasjonen, sentrale justeringsforhandlingar.Eg kan vanskeleg sjå anna enn at Staten ber det fulle og heile ansvaret for denne situasjonen.
Unio Stat skal no vere med på noko temmeleg uvanleg. Berre eit par gongar tidlegare har ein streik i staten enda med ei frivillig rikslønnsnemnd. Ei slik løysing av konflikta er òg ein honnør til dykk streikande som stod på til heilt til slutt. Vi har ikkje fira på krava våre, og vi får ikkje ein dom mot oss. Slik vert våre krav ståande som gjeldande for komande dagar og nye forhandlingar.