Mange elevar med spesielle behov vert undervist av ufaglærte assistentar. Det uroar Fylkesmannen i Rogaland. Ill.foto Marie von Krogh

Fylkesmann alarmerer om rettstryggleiken til elevar

Rettstryggleiken til dei elevane som treng det mest, blir ikkje godt nok varetatt, konkluderer Fylkesmannen i Rogaland.

Publisert

Det er framfor alt elevar med behov for spesialpedagogikk og minoritetsspråklege elevar Fylkesmannen er uroleg for. Uroa er uttrykt i årsmeldinga frå Fylkesmannen for 2017.

– Kva er det som trugar rettstryggleiken til desse elevane?

Utdanningsnytt spør assisterande utdanningsdirektør i Rogaland Hallgeir Bø.

– Elevar som treng særleg tilrettelegging, får ikkje det dei har rett på. Det gjeld elevar som treng spesialpedagogikk, og det gjeld minoritetsspråklege elevar som treng språkleg støtte, seier han.

Ifølgje Bø er problema knytt både til å kartleggje godt kva elevane treng, og til å gi dei den støtta dei bør ha.


Manglar kompetanse

– Problemet med å få dette til kan vere samansett, men manglande kompetanse, både på skolenivå og kommunenivå kan likevel samanfatte mykje, seier han.

Ifølgje Bø er problemet særleg stort i små kommunar.

– Det vi ser som resultat av dette, er det same som er skildra i to store rapportar frå den siste tida, seier Hallgeir Bø.

Han viser til «Uten mål og meining?», ein rapport frå Barneombodet i fjor om spesialundervisning, og «Inkluderende fellesskap for barn og unge», ein rapport som kom nå i vår om spesialundervisning, frå eit ekspertutval leia av Thomas Nordahl. Båe rapportane peikar mellom anna på uakseptabel stor bruk av ufaglærte assistentar som hjelp for elevar som treng noko ekstra.

 

Mange assistentar, få lærarar

– Det er det same vi ser. Det blir brukt for mange assistentar og for få lærarar, seier Bø.

– Men om kompetansen ikkje er der, er det ikkje da nyttelaust for Fylkesmannen å krevje betre kompetanse?

– Vi krev at kommunen og skolen skal skaffe den kompetansen dei ikkje har. Men det er rett at spesialpedagogisk kompetanse er mangelvare. Vi fryktar og at det vil bli verande slik. Det er vanskeleg å sjå korleis tileigning av spesialpedagogisk kompetanse skal tilpassast det nye kravet om mastergrad for all lærarutdanning. Masterkravet gjeld skolefaga, så ei spesialisering i spesialpedagogikk må eventuelt kome på toppen av det, seier Hallgeir Bø.

Samstundes minner Bø om at assistentar er billegare å bruke enn lærarar.

 

Stiller krav og rapporterer

Fylkesmannen trekk sine konklusjonar på bakgrunn av tilsyn i kommunar og skolar, klager frå foreldre og informasjon til skolar og kommunar.

– Men kan Fylkesmannen gjere noko med problemet?

– Vi stiller krav til kommunane og skolane. Samstundes rapporterer vi vidare oppover. Rettstryggleiken er heilt sentralt i oppdraget vårt, og dette har svært høg prioritet, seier Hallgeir Bø.

 
Kunnskap blir ikkje brukt

– Det treng ikkje vere for lite kunnskap om spesialpedagogikk i skolen. Men mykje tyder på at vi ikkje nyttar kunnskapen på beste vis, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (H) i Kunnskapsdepartementet.

Ho er med andre ord ikkje einig med assisterande utdanningsdirektør i Rogaland Hallgeir Bø, som meiner det er for lite spesialpedagogisk kunnskap i skolen.

– Ni av ti skolar seier i undersøkinga «Spørring til skole-Norge» at dei har minst ein tilsett med utdanning i spesialpedagogikk tilsvarande 60 studiepoeng, seier Sjøberg,

– Men rapporten «Inkluderende fellesskap for barn og unge», som vart lagt fram i vår, peikar på at dei med spesialpedagogisk kunnskap bruker mykje tid på rapportar og kontorarbeid, medan elevane er saman med ufaglærte assistentar, seier Rikke Høistad Sjøberg.

 

– Mange vel spesialpedagogikk

Ho er ikkje uroleg for at det vil bli mindre spesialpedagogisk kunnskap i skolen med innføring av mastergrad i all lærarutdanning.

– Spesialpedagogikk er eit svært populært valfag blant lærarstudentane, og både pedagogikk og spesialpedagogikk kan vere masterfag, seier ho.

– Fylkesmannen er også uroleg over manglande kunnskap til å gi fleirspråklege barn det dei treng. Kva seier du til det?

– Her er fleire tiltak aktuelle. Vi bør få fleire lærarar med spesialisering i norsk som andrespråk, og vi må utnytte dei nasjonale støttetiltaka for denne elevgruppa.

 

Er allereie i gong

– Fylkesmennene skal rapportere om stoda i landet til sentrale styresmakter. Kva gjer de med meldinga frå Rogaland om at rettstryggleiken er i fare?

– Det er bra at Fylkesmannen gjer jobben sin og seier ifrå. Men på desse felta er vi alt i gong. Eitt viktig tiltak var å be om den rapporten vi nå har fått, «Inkluderende fellesskap for barn og unge». Rapporten er nå på høyring, og vi skal ha tre høyringskonferansar. Så vil vi vurdere tiltak, seier ho, og legg til:

– Når dette er sagt, må eg leggje til at det er skoleeigar som veit kva skolane treng. Difor skal skolane saman med fylkesmannen vurdere kva for kompetanse dei treng, og lage utdanningstilbod saman med utdanningsinstitusjonane. Og det er fylkesmannen som i dialog med skoleeigar skal vurdere om tiltaka er gode nok.

– Kastar du nå ballen tilbake dit den kom ifrå?

– Nei. Dei må vurdere sine tiltak, og vi må vurdere våre. Rapportane frå fylkesmennene er viktige når vi vurderer, seier Rikke Høistad Sjøberg.

KS, interesseorganisasjon for kommunane, ville ikkje gje Utdanningsnytt eit intervju om saka. Men spesialrådgivar Jorun Sandsmark i utdanningsavdelinga i KS seier i ein epost at organisasjonen er oppteken av rettstryggleiken til elevane.

 

Powered by Labrador CMS